Umskifte i Aandslivet i vaare Dagar.

 

(Del 2 av 9. Fyrste delen.)

 

II.

 

(Geologi).

 

Likso langt etter Maaten hev Manna-Aandi tøygt seg paa andre Leider.

 

For faae Aar sidan stod det endaa i Almanakkarne, at det var so og so mange Aar, umkring 6000 Aar, sidan Verdi var skapt¹). Folk trudde, at det skulde takast reint etter Bokstaven, at Jordi var skapt paa 6 Dagar for paa Lag 6000 Aar sidan.

 

Men i seinare Tider hev det komet upp ein Vitenskap, Geologi (Jordlæra), um korleis Jordi er skapt og lagad. Denne Vitenskapen er ny, aa kalla for, og difor er mangt endaa paa det uvisse her, men so mykje stend fast, at Jordi er likso mykje eldre enn me trudde fyrr, som Stjernehimlen er større, enn Folk visste um i gamle Dagar.

 

Liksom det ikkje rekk til aa mæla Himels-Rømderne med Miler, men me lyt segja: Ljoset treng so og so mange Aar, so kann ein ikkje reikna Jord-Alderen i Aar, men i Aar-Millionar.

 

Mangfaldige tusund Aar fyre vaare Dagar laag det uhorveleg store Isbredar utyver Europa og Nordamerika; yver Norig, Sverige, eit stort Stykkje av Russland, Island og langt ned i England laag det som eit stort Likklæde. Sameleis gjekk i Millomeuropa Bredarne ned fraa Fjelli og breidde seg vidt umkring paa Flatlandet. Endaa ser me Skuremerkje i Fjellet etter Isen, som hev siget fram med Aur og Smaastein. Paa Ryggen av Bredarne vandrad digre Rullesteinar nedetter, og Steinar, som hev komet fraa Norig og Sverige, finn me no i Danmark og Nordtyskland so langt ned som der Gustav Adolf fall, og mykje av Millomeuropa ser ut til aa vera bygt av Aur, som Isen hev fragtat med seg. Jøkulgjerde (Rad), mange Mil lange, som Bredarne skurad framfor seg, naar dei seig nedetter, kann me endaa sjaa nokre Stader.

 

I denne Istidi var det gremmeleg kaldt og ufyselegt i Europa. Kor lenge er det sidan? Sume meiner yver 200,000 Aar, og at ho varad paa lag 150,000 Aar.

 

Denne store Istidi kom til i den Tid-Bolken, som Geologarne kallar ”vaar Tid” (”Nutiden”) elder den kvaternære Bolken. Men slike Istider skal det hava voret fleire utav. Jordi hev sjølv i Leir og Sand og Fjell skrivet si eigi Soga. Fylgjer me den til eldre Tid-Bolkar, ser me ein Alder for oss slik, at det svimrar for Tanken.

 

Isen skurar og sprengjer, Lufti et og løyser upp Fjell, Vatnet slit og gneg dei til Aur og Leir, fører det med seg og legg det i digre Lag.

 

Det er ikkje stort, Havvatnet slit av eit Fjell paa hundrad Aar. Men likevæl hev paa vulkanske Øyar, der Lavaen strøymde ut i Havet og storknad til ein langslut Bakke, Havvatnet slitet og skurat so lenge, so det no er stupebratte Fjellveggen, eit elder tvo tusund Fot høgt.

 

Vatnet rullar lenge paa ein Stein, fyrr han vert rund. Men det finst Lag av slike runde Steinar, som er 10,000 Fot djupe.

 

Naar me grev oss lenger ned i Jordi, kjem me til den tertiære Bolken, dei kallar, med mange lag, det eine under det andre. Fleire Istider trur sume dei hev uppdagat i den.

 

Under denne og mykje eldre er den sekundære. I den Bolken vart Kritbergi til. Desse Bergi er Kalk-Skal av smaa Havdyr, som ein ikkje kann sjaa med berre Augat, og som i ævelange Tider hev lagt seg paa kvarandre, Flo paa Flo, og naar Grunnen sidan lyfte seg upp or Vatnet, vart det høge Berg, innpaa 12,000 Fot høge.

 

Endaa eldre er den primære Bolken. I den finst Steinkoli, lagad av Gras og Tre, liksom Torv i Torvmyrarne i vaare Dagar; men i den Tidi var Jordi so heit, og det lagde seg so mykje med andre Slag ovanpaa i dei Bolkarne, som kom etter, so Torvet vart brent liksom i ei Mile og ihopklemt, so det vart mest som Stein. Endaa syner det, kva Slags Gras dei er lagad av. Graset voks upp og visnad gjenom lange Tider, og sistpaa vart det ei heil Flo. So kom det eit Stans, som kannhenda varad likso lenge, med di Marki kom under Vatn, trur dei, og Leir elder Skifer og Sandstein lagde seg ovanpaa. So lyfte Grunnen seg up or Vatnet att, - for i den Tidi var Jordskorpa so tunn, at ho seig og steig rett som det var; - so for Graset til aa veksa liksom fyrr, og det vart endaa ei Flo. Soleis lagde det seg Flo paa Flo, Saandstein, Leir og Kol; 150 slike Floer hev dei funnet den eine yver den andre. Store Steingjengne Tre kann ein sjaa, Skog paa Skog i Floer; 68 Høgder hev dei funnet paa kvarandre.

 

Lange Tider skulde til, fyrr slikt Aabine (mærkværdigt Fænomen) kunne laga seg til.

 

Endaa eldre enn Steinkoli er ymse andre Lag, som ligg under. Det eldste Laget i den primære Bolken kallar dei ”det kambriske lag”. I dette Laget finn dei det fyrste Merkje etter Dyr og Vokstrar. Fraa den Tid og til vaare Dagar trur nokre det hev gjenget 60 Millionar Aar, sume trur, at dette er reint for snaudt reiknat.

 

Under det kambriske Lag kjem den eldste Bolken (”Urtiden”). Der er fleire Lag att, men inkje Merkje etter organisk Liv, for daa var Jordi so heit, at inkje kunne liva. Paa Botnen er Granitberget, det er den fyrste Skorpa, som lagad seg, daa den gloande Jordkula krintad seg i den iskalde Himels-Rømdi.

 

(Meir.)

 

¹) Aar 1855 stod det i Almanakka:

 

Efter Verdens Skabelse. 5822,

i den Julianske Periode. 6568.

 


Frå Fedraheimen 14.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum