Ungdomen.

 

 

(Av Gunnar T. Rysstad.Or ”Gaukjen”).

 

 

Du Ungdomsti me di Tanka mange,

du er som Vaari me Daga lange.

Du er som Vaari i Norigs Land

me Soli blanke, som verme kann.

 

Som løyser Vatni o Bondi tronge,

so de fær atte si vaande Gonge,

sin vaande Vege ti Sjøen blaa

der faa dei renne dei Bekkje smaa.

 

Og Snjoren kalle let Soli bræ seg:

i Brureklæ-i vi Jori klæ seg, -

og vermde syge den svaarte Moll,

som laag der klaka aa stiv aa koll.

 

Og Bloma sprette og Knuppa springe, -

snart stende Bruri me Sylv i Bringe

me Sylv i Bringe aa Blomela,

so ung og fager, so kaat og gla!

 

Men Spilemenna fraa Sø me hente

og inkje turve me lengje vente:

Snart kjæme Gaukjen fraa varme Land

og Brureslaatten so spilar han.


Daa er her Gama, daa er her Gle-e;

me høyre Fløyta og Fugle-kvæe. –

Du Gut, som gjenge so tung aa traa

fær du ’kji Letting i Hugjen daa?

 

Ja høyri adde di Gjentu unge!

no ljot di kve-e me Maal og Tunge,

for Blomen bliknar me Dagjen skri,

de same gjer okkos Ungdomsti. - -

 

Men Kjærlegheitieg Soli kaddar

som blenkjer, um de ti Gravi haddar,

som vermer meste i ungdoms Aar

og straalar mildt unde kvite Haar.

 

Ho løyser Krefti og Bond ho sprengjer,

so varme Gjeilu¹) ti Hjarta trengjer.

Ho vermer upp okkos Hjarte-jor,

so Knuppa sprette og Bloma gror.

 

So djupt i Hjarta de Merkje greve

fyr kver ei Gong me faa Vaarluft teve.

Me ljose Minne fraa seiste Vaar

me vi det helse i dette Aar!

 

Ja lakko fram i de goe gange,

ti Vaari kjeme me Daga lange!

Og ”Gaukjen” Voni so vene spaar

og ynskjer adde eit ”Godt nytt Aar”!

 

 

¹) Geislor = Straalor. Solgjeilor = Solstraalor. Dette er eit godt gamalt, norsk Ord.

 


Frå Fedraheimen 14.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum