[Tidender.] Draumen min.

 

Det var mest nest fyre Jol 1884. Eg skulde paa eit Møte i Heradsstyret aat Drangedal. Um Notti fyre laag eg paa Vaagje, der Morbror min budde. Han laag daa sjuk og livde ikkje lenge etter. Men den Notti hadde eg ein Draum, som sidan so merkjeleg hermde etter, at eg her vil fortelja’n.

 

Eg tyktes, at eg kom heim; daa laag den eldste 7 Aar gamle Dotteri mi sjuk og maatte døy. Eg var harm paa Kona mi, at ho ikkje hadde fenget fatt paa Doktaren; no var det for seint. Eg gløymer aldri, kor glad eg var, daa eg vaknad, at det altsaman berre var ein Draum.

 

Daa eg kom heim, var alle friske, og vesle Anne, so heitte Gjentungen, kry og kvikk, som ho vane vera. Men Notti til Andag Jol fekk ho Feber, men vart so av og til bra igjen, so eg trudde, det berre var ei strid Forkjøling. Kona mi vilde hava Doktar; men eg trudde ikkje, det var naudturvelegt. Men snart verrast Gjentungen, so Doktaren vart henta. Men han kunde ingenting gjera. Ho hadde Heilebrand av værste Slaget; fyre 14 Dagar var gjengne, laag ho Lik.

 

Var denne Draumen berre eit Tilfelde, elder kvat skal ein segja um slikt? Kvat meiner du?

 

Draumen fortalde eg med det same, eg kom heim, og eg kann sannprova alt det, eg her hev skrivet.

 

Tørdal 26/3-86.

 

Jon Lauvstad.

 

 


Frå Fedraheimen 01.05.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum