Asgeir Heggtveit.

 

Fyrstundes i det 17de Hundrad-aaret var der ein Mann paa Heggtveit i Laardal, som heite Asgeir. Han var ein kunstig Kar og ei fæl Slaastkjempe. Ei Gong var han i Tvist med Grannen sin, Røyuv Askje, um Deildestrekningi. So var dei einige ein Dag aa møtast paa Aastaden og med Nevaretten avgjera Tvisti. Denne fekk daa det Utfall, at Asgeir drap Røyuv og grov han ned paa den Staden, der han vilde Strekningi skulde vera. I kvar Ende paa Gravi reiste Asgeir Steinhellur og den eine av dei hev tent som Deild heile Tidi sidan. Staden kallast enno Røyuvsminne, og hev Røyuv voret so stor som Gravi si, hev han og voret ein vaksen Kar. For detta og fleire Drap vilde dei søkja Asgeir. Men for aa halda seg unda hadde han seg eit Sumarstilhald i ein Hellar paa Garekrok, ein Støyl ovanfor Garden hans. Dette synest enno og heiter Asgeirshol den Dag i Dag. Dette var daa hans Sumarstilhald, men for aa halda seg unda um Veteren, grov han seg ein Løyndegang ut or Kjellaren sin, som kom att langt ned i Jordet hans og der hadde han Skirne sine standande. Ein kald Veterdag kom Lensmannen med 2 Mann og vilde taka Asgeir. Han lagde daa paa Varmen det beste han kunne, og Lensmannen kytte av dette og sagde: ”Du hev sprakans Ved”. ”Eg hev Ved som eg hev Vener te”, sagde Asgeir og tok Ølskaali, som han vilde ned i Kjellaren etter Øl aat sine Gjestar. Medan dei sat med Gruva og vermde seg, puttad Asgeir seg med full Ølskaali fram gjenom Løyndegangi si, so fekk han i Skirne sine og løypte ned paa Fiten (ei Slett ned under Jorde hans). Daa snudde han seg og ropad uppatt til Gjesterne sine og baud ”Skaal”, og so sette han den aat sin eigen Munn. No, naar han var paa Ski kunne ingen taka han att, for han var slik ein Laupar, at han stod ned Brattekleiv med eit Baan i Fanget, der andre ikkje kunne standa tomhendes. Korleis det sidan gjekk, kom han daa til aa løysa seg fri med aa bøta burt 2 Gardar, Flekstveit og Espetveit, som han og aatte. No vart han fri Kar att, men endaa like hugad paa Slagsmaal. No var han boden til eit Gjestebod i Skafsabygd, men daa han fælte der vart forlite Slaasting, klædde han seg ut med ei Hose svart og ei kvit, so tenkte han dei skulde drive Gjøn med han for det, so han fekk noko aa brote til Slagsmaal for. Handøksi hadde han jamnan med seg, men um han brukad ho denne Gongen er ukjent. Ei onnor Gong var der eit Gjestebod i hans eigi Bygd, som han ikkje vart boden til; dette vart han vrei for og laut hemna det. Daa stelte han seg eit langt Sverd, som han slipte kvasst og batt det fast til Sida si slikt at det stod rett ut. Naar han no tenkte Brudferdi kom ridande – her var ikkje Køyrevegjer i den Tid – sadlad Asgeir og Hesten sin og reid avstad. Naar han no vart var Ferdi, slog han paa Hesten sin og reid so fort han kunne forbi ho, og daa hadde Sverdet gjenget innpaa heile Ferdi, so Blodet silad og rann av kvar ein, som i den var.

 

Handøksi etter Asgeir er enno paa Heggtveit og likaeins ein Kane (ein Trekopp paa Gjerd som ein Hane) med eit Innskrift og Namnet: ”Asgeir Hølgeson Anno 1630”.

 

N.

 

 


Frå Fedraheimen 01.05.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum