Fraa Naturriket.

 

(Del 1 av 4.)

 

(Or Nora).

 

Etande Skjæl. Muslingar elder Skjæl kallar me nokre Sjødyr, som sit paa Fjøresteinarne ofte i stor Mengd. Dei hev ymse Skap og Skipnad og ymse Namn ogso. Folk vyrder dei ikkje stort; det einaste Gagnet, ein trur det kann vera i dei, er at sume av dei kann brukast til Agn. Jau, det er nokre, som veit aa fortelja um Spanjoren og Engelskmannen, som kjem hitupp for aa kaupa Klippfisk elder Hummar, at desse Kararne fer igjenom Fjøra som Gjeiti og et Skjæl og Konningar som Tryntyrkar; men at skikkelegt Folk skulde kunna eta Kraakeskjæl, det skynar Folk seg aalment ikkje paa.

 

Likevæl er det daa so, at ymse av desse Sjødyr baade er etande og attaat gode og nærande. Eg skal nemna upp nokre av dei beste.

 

Fyrst hev me no Ostrorna(Østers). Dei er av Skap runde og hev tvo kvitgraae Skal; det eine av desse sit fastgrodt paa Berg elder Stein, og dei held seg so djupt i Sjøen, at dei sjeldan vert turre utan i den største Gjøfjøra (Ebbe i Gjømaanad). Dei er truleg aa finna langs heile Kysten vaar; men mest er det av dei i Skjersund, der det er mykje Straum og liti Baara; i baarelause Vikar og Pollar finst dei ogso. Storkararne er fælt glad i aa eta dei – det er kva dei kallar ein ”Lækkerbidsken”, elder som me vil segja paa norsk Munngodt; dessuten er det ogso god Næring i dei, og difor vert dei godt betalat. Men no er det sleme det, at dei veks so seint. Dei er ikkje stort matsøkjande, fyrr dei er 4-6 Aar gamle, og det er daa lett aa skyna, at dei snart kann verta uppsankad og paa den Maaten utrydde. For aa hindra dette hev der i den siste Tid vortet skipat Samlag (Østerskompagnier) med det Maal aa kunna freda og ala upp Ostror paa passande Stader og til like for aa faa seg Innkomst av denne nye Næringsgrein. Slike Samlag finst no nestan heile Kysten fraa Kristiania til Trondheim; men enno er det langt ifraa ikkje gjort, kva som gjerast kunne. Folket maa sjølv faa Augo upp for, at dei her kunne faa seg ein liten bra Innkomst, som kunne koma væl med i slike knappe Tider. Dei maatte daa setja seg inn i den Maaten, som Ostre-Avlen gjeng for seg paa, og det kann væl ikkje vera so lett, serleg daa me ikkje hev stort Bøker helder, som handlar um det Emne. Her er Romet for lite til, at eg kann innlata meg noko nærmare paa det; berre paa det lausaste skal eg nemna Framgangsmaaten. Ein Poll elder eit Vatn, som Sjøen gjeng fram i,men som er avstengd for Baara, og som Ostra kann trivast i, kallar dei ein Yngelpark. I ein slik Poll set dei ut Risknippe (Yngelfangere), som Ostre-Avkjømet festar seg paa. So fører dei desse Ostre-Ungarne ut paa dei sokallad ”Fedegrunde” elder Gjødeplassar, det vil segja Sund elder Vikar, som er toleleg reine for Sjøgras og Tang, og som ikkje Havbaara fær Tak i; strid Straum er derimot bra, for den fører Mat aat Ostrorna og reinskar Botnen. Paa desse Gjødeplassar stend daa Ostrorna ei 4-6 Aar, og daa kann dei plukkast og seljast. Folk et dei jamnast anten raae elder steikte.

 

 

(Sluttar.)

 



Frå Fedraheimen 01.05.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum