Prøvestykkje utor ei Bibelsoge for Smaaborn.

 

(Del 2 av 2. Fyrste delen.)


(Slutt fraa fyrre No.)

 

 

Jakob snikjer te seg Velsignelsen.

 

Daa Isak ha blivi gamal og gotsom blind, seie han ein dag te Esau, at han skulle taka Bogjen og Pilenne sine og av og skjote noko Vilt. Eg er gamal no og maa vel snart bøygje mine Bein, sa Isak; du lagar daa te noko Mat, so at eg kan eta og velsigne deg fyrr eg døyr, sa han. Rebekka ha høyrt dette, ho; og sneggt som Esau ha strokje te Skogs, tok ho te aa røa fe Jakob, at han skulle gange inn te Far sin med noko Kjøtmat, ho ville laga te, og so gjeva seg ut for Esau. Jakob trudde seg inkje te dette, han. Bror min er loen og er inkje loen, sa han. Far kunna gjønne trivle paa meg og so banne meg bort i Sta’n for aa velsigne meg, sa han. Gjer som eg be deg, du Guten min, eg sko taka paa meg Skulli, eg, svara Rebekka. Jakob gjore daa som Mor hans ba: hentar eit Par Kjeungar, som dei slagtar og lagar te. So tok ho Skjinni og vevla kringom Halsen og Hendanne paa Jakob og ha paa’n Klæi av Esau og hjelper han inn te Gamlen med Maten. Ris no upp, Far, og et av Maten, eg hev laga te for deg, so at du kan velsigne meg fyrr du døyr, sa han. Kven er du for ein, spurde Isak. Eg er Esau den fystfødde Sonen din; no hev eg gjort som du ba meg, sa Jakob. Hossleis fekk du fatt i Vilt so svint daa? spurde Isak. Vaarherre sende de imot meg, sa Jakob. Isak syntes kjenne Maale og ba han koma nerare seg. Han trivla paa’n og sa: Maale er Jakobs Maal, men Hendanne er Esaus Hender. So er du virkeleg Sonen min, Esau, du daa, spurde Isak ei Vende te, og Jakob svara ja; og so trudde han de og aat av Maten og velsigna han og sa: Gud gjeve deg Væte og Vørmde og all go Grøe! Folkeslag sko bøygje seg for deg og ivi Brøanne dine sko du vera Herre og Husbond! forbanna sko dei vera, som forbannar deg, og velsigna sko dei vera, som velsignar deg!

 

De va bare sovitt Jakob hae kome ut att og fengje av seg Klæi, so kjem Esau heim, slagtar og lagar te Maten og gjeng inn te Far sin og be om Velsignelsen. Daa blei Isak ille med. Kven va de daa, som va inn med Mat te meg no med sama og som eg velsigna? sa Isak. Og han sko vera velsigna au,sa han daa han fekk tenkje seg om. Heve du bare denne eine Velsignelsen daa, Far? sa Esau. Velsign meg au, Far, sa han, og ylte og grein av bare Sinne. So sa Isak: Du sko livnære deg med Svære dit, og du sko tene Bror din; men eigong sko du koma te Magt, og daa kastar du Aakje hans av Halsen din.

 

Fraa den Dag ha Esau eit vondt Auga te Jakob, og han truga med aa slaa han ihel, so snøgt den gamle va dø. Rebekka fekk nyss om dette, ho, og so seie ho te Jakob takut te Mesopotamia te Laban, Bror min, og bli der hjaa honom te Bror din hev blikka seg att.

 

 

Josef bli seld.

 

Jakob ha 12 Sønir. Ruben, Simon, Levi og Juda va dei fire eldste. Josef og Benjamin, Boni han ha med Rakel, vart dei tvo yngste. Daa Josef va 17 Aar gamall, skulde han vera med Brøanne sine og gjæte; og naar dei fann paa noko gale, fortalde Josef de heimatt te Far sin. Dette blei Brøanne hans sinna for. Jakob elska Josef meir enn dei andre Søninne sine og gav han ein rosutt Kjole; men daa blei dei andre so fortrotne ivi dette, at dei meir enn so ’kje kunna tala eit venlegt Or te Josef. Endaa hatigare blei dei paa Josef, daa han fortalde Draumanne sine. Han totte han va me Brøanne sine ut paa Aakeren og skar, og dei Kornbandi, som dei batt, kom og bøygde seg for Bandi, han ha bonde. Ei onno Gong drøymde han, at Soli og Maanen og 11 Stjønnur kom og bøygde seg for han. Hot er dette for ein Draum, seie daa Far hans. Sko kanskje eg og Mor di og Brøanne dine bøygje Kne for deg, sa han. Men Jakob gøymde likevæl Draumanne i Hjartae sit, han.

 

So va de eigong Brøanne te Josef laag langt, langt nor paa Heianne med Kreturi. Du Josef, no lyt du avsta aa lyast te Brøanne dine og so Kreturi kons, du, sa Far hans. Ja Josef han pjaska seg daa avgare. Der kjem Draumemestaren, sa Brøanne, daa dei fekk Auga paa Josef; lat kon slaa han ihel, so sko me sjaa, hott der bli av Draumanne hans, sa dei. Nei, sa Ruben, han ville hjelpe Josef heim att, han, lat kon hell hava han ne i denne Brønnen, sa han. Ja so ville dei hell de enn aa bloe se ut. Daa Josef kom, reiv dei Kjolen av han, og so sleppte dei han ne i den tome Brønnen. Som de va gjort, sette dei seg te aa eta. Men i de sama kom de nokre Handelskarar, som ville te Ægypten. Lat kon hell selje Josef te desse Karanne, sa Juda; so tar me kje taka kons Haand i han, for han er daa Bror kons likevæl, sa han. So selde dei han for 20 Sylvpengar. Ruben va inkje testa’ar, daa dette hende seg, han. Han blei ille med, daa han inkje fann vesle Bror sin i Brønnen. Han fekk daa vita, hott dei ha gjort; men han dulde de bort for Far sin, han au som dei andre. So slagta dei ein Bukk og duppa Kjolen i Bloe og sende han heim te Faren med den Helsingji, at dei ha funne han bort i Skogjen. Sjaa etter sjav, om de inkje er Kjolen te Sonen din, sa dei. Aa trøyste meg! de er Josefs Kjole, sa Jakob; eit vilt Dyr heve rive’n ihel, sa han. Og han sytte og gret ivi Sonen sin i langsamelig Ti og ville inkje lata seg trøyste.

 

 


Frå Fedraheimen 01.05.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum