Tidender.

 

Kristiania, den 30te April.

 

Kanal millom Ulefoss og Strengen. Regjeringi hev no sendt Framlag til Tinget um Kanal millom Ulefoss og Strengen i Telemork.

 

Det er Dampskipsferdsel no ifraa Skien upp Nordsjø, men so er det Landveg tvo Mil til Strengen, derifraa er det Dampbaat igjen heilt upp til Dalen. Naar det vert Vatsveg millom Strengen og Ulefoss, so vert det Vatsveg 104 Kilometer inngjenom Telemarki.

 

Regjeringsinnstellingi byd Stortinget til aa gjeva 100,000 Kr. no fyrste Aaret til Kanalen, som i alt vil kosta umlag 1 ½ Mill. Kr. Dei gjer Rekning paa, at Bygderne umkring skal gjeva ein halv Million Kr.

 

 

Skiens Marknaden. Det hev voret gjort Vedtak baade i Skien og Kraakerøy og fleire Bygder umkring, um at dei ikkje treng Skiens Marknaden meir.

 

 

Nye Postar. Ein ny Professorpost i Medisin vart utsett med iaar. Til Universitetsbibliotekaren vart det gjevet Lønstillegg.

 

 

Tangen Arbeidarforeining hev gjort eit sovoret Vedtak:

 

Tangen Arbeiderforening udtaler, at den ønsker Maalsagen Fremgang. – Samtidig udtaler den sin Tak til Storting og Regjering for, hva de har gjort for Maalsagen”.

 

 

Maalsaki  hev voret diskuterat ved Gols Amtsskule i tre Møte, kvart tri Timar paalag. Andrelæraren J. Seland heldt (det historiske) Innleidingsfyredraget. Diskussjonen, som for det meste førdes millom Amtsskulest.L. Munthe Kaasog Kyrkjesongar H. A. Berg, den fyrste som dansk-norsk og den andre som norsk-norsk Maalmann, var hardast og lengst um, um Skriftspraaket vaart var dansk elder inkje-dansk, - og so um det finske Maalstræv. Som ein kann vita paastod den dansk-norske Maalmannen, at det ikkje var dansk, men Blandingsmaal, men den norsk-norske, at det var dansk likegodt, um det tok upp ein del norske Ord og Vendingar, naar Grammatikken likevæl var dansk. Han nemnde til Stytte for seg fleire Spraakmenn, serleg Max Müller, som segjer, at ”Grammatikken er Blodet og Sjælen i Spraaket”.

 

Seland og Sokneprest Skattebølheldt ogso paa det norsk-norske Maalstræv. Likevæl maatte ein undrast yver, at Skattebøl mot Slutten uttalad, at det ikkje gjekk an aa kalla Skriftspraaket vaart for dansk. _

 

 

Til Nasjonalgalleriet  gav Stortinget Kr. 16,000, til Kunstindustrimusæet Kr. 10,000, til Kunstutstelling i Bergen Kr. 3000.

 

 

I Militærkommisjonen skal Fleirtalet (With, Dahll, Bull og Schnitler) hava lagt fram sine Planar for Herskipnaden, som krev 6,610,000 Kr. for Aaret. Schnitler er likevæl ikkje einig med dei i alle Ting. Mindretalet hev arbeidt ut eit Forslag, som krev 5,910,000 Kr. for Aaret. I det private Forslag, som Øvsteløytnant Hjort og nokre fleire Offiserar hev utarbeidt, krevst det 6 ½ Million for Aaret.

 

 

Samlag til aa selja norsk Arbeid. Det hev voret fælt hardt aa faa selja sitt Arbeid for Landsfolk, um dei er aldri so gode til aa gjera ymse Ting av Tre, elder Sylvarbeid elder Vevnadsaker. Og Betalingi hev dei lotet teket, som dei hev bodet ho, og voret glade til, um dei kunne faa selt Sakerne sine. Difor hev helder ikkje det nasjonale Haandarbeid fenget utvikla seg so, som det kunne.

 

Men no hev nokre Menn her i Byen teket seg til og vil faa i stand eit Samlag, som skal driva Handel med slike Ting og hava Utval her i Byen. Dei vil faa saman ein Kapital paa 12,000 Kr., utbytt i Aktiar paa 100 Kr.

 

 

Fra Kristiania-Bohèmen”. No er det komet Dom yver Hans Jæger. Han er dømd til Fengsel paa vanleg Fangekost i 80 Dagar og 80 Kr. i Saksumkostningar til Statskassa. Boki skal ikkje sleppast laus att.

 

Ei gamal Enkje  og hennar eine Son, som bur saman i ei liti Stogu, fraus dugelegt i Vetter, og fekk han Olai (Son) fat i ein Kakkelom og vilde setja inn i Stoga. Men daa Gamla og Son alltid hev havt kvar sin Seteplass i kvar si Kraa innmed Skorsteinen, vart ikkje Einighet millom dei, um kven skulde forlata si Kraa for Omnen, og derfor blei Omnen ikkje reist, men ligg burti 3dje Kraai i Stoga, og liver dei baae til neste Vetter, vil den ikkje bli uppsett, er det trulegt.

 

 


Frå Fedraheimen 01.05.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum