Umskifte i Aandslivet i vaare Dagar.

 

(Del 5 av 9. Fyrste delen.)

 

IV.

 

(Den positive Filosofien).

 

 

Um det finst ei slik Utvikling, som Darwin meiner, og um han i so Tilfelle hev funnet dei rette Lovarne for denne Utviklingi, er det Strid um millom Vitenskapsmennerne. Men kor som er hev Vitenskapen um Dyr og Vokstrar fenget ein dugeleg Framstøyt ved dette og hev vortet reint umskapt. Alle hine Natur-Vitenskaparne hev teket seg storvegjes fram dei og i dette Aarhundrad. Paa alle Leider hev dei leitat etter dei Lovarne, som styrer Naturi, og hev funnet meir enn ein skulde tenkt.

 

Men dette store Framstiget i Naturkunnskap hev ført med seg eit stort Umskifte i hine Vitenskaparne med. Den Vitenskapen, som skulde vera den ypparste Frukt av den menneskjelege Tenkning, er Filosofien; den trur mange no er aat aa laga seg til paa eit heilt nytt Grunnlag.

 

I eldre Tider, daa dei kjende lite til Naturi, sat store Tenkjarar i Studerkammeret og ”spekulerad”. Gjenom Syn, Høyrsel, Lukt o. s. b. kom det Inntrykk til Menneskjet fraa dei Ting, som var i Verdi. Men var no Tingen røyneleg og i sitt Væsen slik, som han tedde seg for oss? Um eg og du og fleire til totte me saag same Tingen og plent paa same Maaten, var det so dermed visst, at Tingen varslik?

 

Medan alle hine Vitenskapsmenner berre tok Tingen for det, han saag ut til aa vera, vilde den spekulative Filosofien, Metafysikken, finna det, som liksom var attanfor Tingen (meta ta fysika), det som var Tingens Væsen og innste Grunn.

 

Hine var nøgde med det, som Metafysikaren meinte berre var ein Skugge av Tingen, det ”relative” og det ”endelege”, det som ein saag og høyrde; men Metafysikaren gjekk etter det, som ein ikkje gaadde med Sansarne, den absolute Sanning og det uendelege. Mange Metafysikarar negtad, at Tingen var til, og stod paa, at i Røyndi var det Tanken, Aandi, ”Idearne”, ”Begreberne”, som var til; alt hitt var berre ein Skugge av dei. Soleis gjekk Metafysikaren ifraa Verdi, som han ikkje kjende, og etter sine eigne ”Idear” lagad han seg sjølv ei Verd og bygde ho upp med den absolute Sanning med brikjande Ordblomar, so berre reint faae kunne skyna noko av det, han sagde, og vera med paa den svimrande høge Tankeveg. Høgt yver dei dimme Talemaatar hildrad den absolute Sanning so daarande stort og fagert og lokkad høgre upp, til dess det absolute kvarv burt som ein Røyk, nettupp som ein skulde til og taka det, og det heile løyste seg upp i ein kunstig Ordeleik i blaae Lufti, langt burte fraa den Verdi, der Menneskja ferdast.

 

Det var i Tyskland, at gaaverike Tenkjarar, Fichte, Schelling og allvisst Hegel(døydde 1831) i fyrste Helvti av dette Aarhundrad dreiv den spekulative Filosofien upp til si ypparste Bløming. Ikkje faa trudde, at med Hegel hadde Mannatanken naadd so høgt, som det var Raad daa koma, og at alt Aandsliv laut ein heretter byggja paa det Grunnlaget, som han hadde lagt.

 

I England og Frankrike hadde Filosofarne teket det paa ein annan Maate. Flestalle av dei var Matematikarar elder Natur-Vitenskapsmenner, og i si filosofiske Tenkning bygde dei daa det, som dei saag og høyrde og røynde (empirisk Filosofi).

 

Den mest vidspurde av dei franske Filosofarne i vaart Aarhundrad er August Comte(Kongt), fødd 1798, døydde 1857. Han var ein dugande Matematikar. 19 Aar gamall vart han kjend med Saint Simon (Heimssoga III S. 141) og samdest godt med honom ei Stund. Men snart vart Læresveinen større enn Meistaren, Comte vilde grunnleggja eit heilt nytt filosofisk System, som paa kallad positiv Filosofi, men dette skulde ikkje vera for Vitenskapsmannen berre, men attaat hava eit praktisk Formaal, etter det Hugsyn han hadde fenget paa Samfunds-Skipanden av Saint Simon, og det skulde vera til ei heil Umbot for Menneskja.

 

Comte sette upp som Grunnsetning, at det finst ikkje noko absolut. ”Alt er relativt, det er den einaste absolute Grunnsetningi”, segjer han. So sette han upp den namngjetne Læresetning, at kvar einskild Mann og likeeins heile Menneskja i si Tenkning gjeng igjenom tri Bolkar: den teologiske, den metafysiske  og den positive.

 

I den eldste Tidi raadde heiltupp den teologiske Synsmaaten. (Med teologisk meinar han ikkje det same som religiøs; Positivismen er og religiøs, men ser paa Verdi med vitenskaplegt, ikkje med teologiskt Auga). I den Tidi trudde dei i Fyrstningi, at ein Stein, eit Tre og slikt var Gudar (Fetischisme), og daa var det sjølvsagt ikkje minste Rom aat Gransking. Sidan trudde dei paa mange Gudar (Polyteisme). Desse Gudarne var lausrivne fraa Stokk og Stein og meir aandige og budde i eit Rom for seg sjølve; dermed laag Naturi friare til, og daa fyrst kunne Menneskja koma til so smaatt og granska. Daa saag ho, at det, som hender i Naturi, gjeng for seg etter visse Reglar, at det ikkje kann vera mange Gudar, som styrer kvar paa si Vis; liksom det var Einskap i Naturi, laut det vera ein Vilje, som styrde, og dermed arbeidde dei seg fram til Trui paa einGud (Monoteisme). No vart det endaa mykje større Rom aat Gransking.

 

I heile den teologiske Bolken, daa dei forklarad alt det, som hende, av yvernaturlege Magter, som styrde Verdi etter eiget Tykkje, strævad dei med aa finna Tingens indre Natur og fyrste Grunn, den absolute Kunnskap.

 

Den metafysiske  Bolken vik ikkje so mykje ut fraa den teologiske og er med Retten berre eit Avbrigde, aa kalla for, av denne. I Staden for Gudar kjem no ”Idear”, og dei held paa og leitar etter den fyrste Grunn og den absolute Sanning.

 

So gjeng Menneskje fram til den tridje og siste Bolken, den positive. Ho trur ikkje lenger, at ho kann finna absolut Sanning, i det minste ikkje slik som Menneskja no er lagad. Ho trur, at alt er relativt¹), leitar ikkje etter den inste Grunnen men etter Naturlovarne, som styrer alt det, som hender. Desse Lovarne kann ikkje forandrast; det gjeld um aa faa det til berre nokre faa, som styrer alt, men det er lite Von um at me skal koma so vidt, at me kann slaa alle Naturlovarne i hop til ein einaste Lov. Positivismen, som ikkje trur seg til aa finna Grunnen til alt, vil ikkje forklara kvifor noko hender, men korleis  det hender. Han forklarar soleis mykje av det, som hender, av ein Naturlov, som me kallar Tyngd-Krafti, og forklarar korleis ho verkar, men kva denne Krafti er i seg sjølv og kva Grunnen er til Tyngd-Krafti, kann Menneskja ikkje forstaa; det Spursmaalet let Positivismen Teologarne og Metafysikaranne dragast med so godt dei kann.

 

Til desse tri Bolkarne i den aandelege Framvokstren svarar tri Skifte i Heimssoga: Forntidi, Millomalderen og den nyare Tidi. I Forntidi, daa den teologiske Aandi raadde, budde Folki seg til Ufred og Yverfall paa Grannefolki og vilde leggja dei under seg (offensiv Militarisme). I Millomalderen, Feudaltidi, budde Folki seg og paa Ufred, men til Forsvar mot Grannefolki (defensiv Militarisme). Den nyare Tidi er ei Tid for Fred, Arbeid og Fabrikk-Drift (den industrielle Tidi). Vesterlandi skal skipa ein stor Samlags-Republikk til Trygd for aalmenn Fred i Europa.

 

(Meir.)

 

 

¹) Me segjer Gud er absolut god, absolut sann, det vil segja: fullkomeleg god og sann. Ein Mann kann berre vera relativt god, det vil segja god ihopliknad med andre, som ikkje er so gode. Jordi er relativt liti, ihopliknad med Soli, men ho er relativt stor imot ein Jordklump. Me kunne segja, at Soli var absolut stor, soframt det ikkje fanst Ting, som var endaa mykje større. Kva absolut stort er, veit me ikkje. Me kunne tenkja, at det fanst Vette so kaldleg store, at dei vilde tykkja, at heile Krullen med Vetergatur var berre som eit lite Rusk og at 200 Millioanr Aar var som ein Sekund; elder me kunne tenkja oss, at det, som me tykkjer er eit lite Rusk, i Røyndi er ein Krull med Vetergatur, og at det, me trur er ein Sekund, er Millionar Aar, som Ljoset treng fraa den eine Enden av Rusket til hin. Um alting som finst i Verdi, me sjølve medreiknad, vart ein Million Gonger so stort, som det er no, vilde me ikkje merkja det; ikkje um det vart ein Million Gonger mindre helder. Soleis veit me ikkje, um ein Ting er absolut stor elder liten, men berre kor stor han er imot andre Ting. – Ei absolut Sanning lyt vera ei Sanning, som er slik lagad; at ho er heiltut sann og ikkje i nokon Maate grunnar seg paa menneskjeleg Innbilling elder paa ei Synkverving. Men til ei slik Sanningi kann ikkje Vitenskapen naa, meiner Comte; han kann berre finna det, som er relativt sant.

 

Misprenting  I Stykkje III: Jordi var endaa so heit, at det var snaudt Solstraalarne vann smetta igjenom den lette  Eimen; skal vera: tette.

 

 


Frå Fedraheimen 01.05.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum