Ver Kar.

 

Eg li’ kji Konur bak Ovnekrok,

eg li’ kji Kjering-sutring;

eg li’ kji Kraun i Blad hell Bok,

dæ berre Tid-burt-skutring, -

nei friske Tankar, Liv og Ljod,

som yver Verdi kann tona,

som kunne heile ditt Hjarteblod, -

dei gjere Verk, som kann mona!

 

Ver berre hugheil i all di Færd,

tal ut fraa fulle Bringa;

for kvar ein Tanke, du hev kjær,

du trygt kann Sverdet ditt svinga!

Steng deg kji inne med ditt Liv,

for daa din tanke visnar,

og du som Raring i Verdi sviv,

og alle paa deg bisnar.

 

Stat fram i Slaget, ver hugheil Kar,

kjæmp stolt for store Tankar;

um mange Vaapen imot deg bar,

um mange blaa deg bankar, -

ver som ein Maur, tap aldri Mot,

om mange Ting deg plagar, -

eingong ligg Vegen klaar for Fot,

eingong i Landet det dagar!

 

 

Vigleik.


 


Frå Fedraheimen 01.05.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum