Vestlandsposten

 

hev nyttat Tilhøvet og set seg Kans til aa syna fram ein Prove paa, kor overs sanningsgran han er. Den Proven tykkjer eg er so forvitneleg, at eg tenkjer me lyt sjaa litegrand paa han.

 

- -Fedraheimen vilde visselig gavne den Sag, den arbeider for, og tjene sig selv bedst, om den forsøgte paa at holde sig udenfor den Kreds af Blade, der mener at kunne træde Sandhed og Retfærdighed under Fødderne, naar det gjælder Vestlandsposten.

 

Vestlp. fær sanneleg orsaka meg for, at eg meiner, han ber seg endefram skamlaust aat, naar han ryk laus paa, gjev seg til aa skjella ut – Fedraheimen for det, egskreiv. Skal tru ikkje det skulde vera ”eit Brot mot fin Folkeskikk”. Det kann gaa an aa vera Statskyrkjeprest og Bladstyrar og Morten Bakstrævar, men notildags gjeng degt ikkje godt an ”for Smed at rette Bager”.

 

Sopas væl kjenner eg til vaare Bladhøve at eg veit, det skal ikkje nett so svært mykje til, fyrr ein elder annan kann verta litt misnøgd – naar Bladstyret skal bera Skuldi for alle dei Meiningar, Innsendaranne hev og kann koma til aa busa ut med. So mange Hovud so mange mange Sinn. Men naar ein Innsendar skriv under Namn, naar ein altso veit, kven ein hev med aa gjera, - daa vert det stakkarslegt og umannslegt aa rjuka upp i Sinne mot Bladstyret.

 

Vetslandsposten gjer seg breid og talar um aa ”træde Sandhed og Retfærdighed under Fødderne” – men nemner likevæl ikkje dei Røynslur, eg heldt fram. Kvi ikkje? Jau likefram fordi den sanningsgranne Vestlp. kunne ikkje segja, eg foor med Fusk. Sant sa eg, bevars, men korso skulde eg ikkje ha fenget Stykkjet mitt inn, for paa ein elder annan Maate kunne det verta til Skade for Vestlp. Men derimot kunne Fedraheimen gjerne innehalda Bolk etter Bolk av Skrønur, han kunne gjerne lata baade hin og han slaa Boltar, so det stod etter, fortelja Vossarødur so radt so dertil. – naar berre det vart gjort til Bate for Vestlp.

 

Soleis er det, den sanningsgranne vil ha det!

 

Men det hev ikkje alltid voret slik. For ikkje rett lengje sidan snittad Vestlp. Hr. Bladstyrar Thommessen for, at han let det ikkje vera fritt Ordskifte i Bladet sitt. Det var under Valstriden i fjor Haust, og daa skrepte Vestlp. av seg sjølv ikkje rettare eg veit, fordi han var taalsam nok til aa lata fleire Meiningar koma til orde. Dette var noko framifraa noko, totte han daa. Og nett dette er det, Fedraheimen no hev gjort med di, at baade Hr. M. Skard og eg fekk Høve til aa segja, kva me vilde faa fram. So at istadenfor aa verta grytten burde Vestlp. laata væl yver Fedraheimen

 

Men at Fedraheimen kunne vilja taka det Stykkjet mitt, all den Stund det var soleis skrivet, at Høgrebladi kunne bruka det, til Vitnemaal for, at Maalstrævet er rotlaust hjaa Folket! Det var ein syrgjeleg Ting, som nok valde Vestlp. stor Sut og Pine. Ja det var galet det, du, reint rivande galet var det! Desse Høgrebladi kunne gjerne snart koma og øydeleggja heile Strævet vaart, og so kom me til aa staa der so fatige og skjemde so Synderne draup taa oss, me Maalstrævarar.

 

Det er berre ein einaste liten Krok ved det: Høgrebladi hev i lang Tid lotet lita seg med aa koka Supe paa Pylsepinnar. Og denne Gongen var det no dessutan Herr Aubert, som var Kokk, og daa veit me alle, at Supa vart endaa tunnare enn vanlegt. Daa Stortinget i fjor hadde neitat aa gjeva Alexander Kielland Diktarløn, skreiv Bjørnson eit Stykkje i Verdens Gang, der han kallad denne Aubert’en eit Smalahovud, tykkjest eg minnast. Sant aa segja totte eg Bjørnson var fælt strid daa, men det syner seg no, at han kjende sin Mann.

 

Naa, 21. April 1886.

 

J. E. Maakestad.

 

 


Frå Fedraheimen 01.05.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum