Ei Skulesak.

 

Det vert sagte meir og meir Spurlag etter Landsmaalet i Skulen no, um korleis det skal koma inn der smaatt um senn, etter som Hugen hjaa Folk vert vekkt for det.

 

Her i Bygdi er det smaatt med Sansen for Morsmaalet; dei fleste Folk ser nok upp til Danskemaalet som det formeste (gjævaste) enno. I Skulom hev Landsmaalsbøker hittildags voret ei bannlyst Vare, so nær som i ein Friskule, som hev gaatt her ein 10-12 Aar; der hev dei daa baade, leset og skrivet Landsmaal. Men no er det likt til, at Skoddi skal lettne lite paa seg her og, etter di me i Vinter hev faatt oss ei praktisk Maalstrid. Det var um den, eg vilde fortelja. Det er berre ei ABC, det gjeld; men lite kann verta stort, og det er fraa Grunnen ein lyt byrja.

 

Det bar so til, at det vart ansett ei Lærarinne her, som skulde stelle med dei minste Bornom i 2-3 av dei offentlege Skulom. Ho var glad i Landsmaalet og tok til aa bruke Austlids ABC med dei av Bornom, som fekk Lov heime til aa kjøpe Boki. Det var inkje mange; men det var daa nokre, og det gjekk væl ei Stund. Men so fekk Kallskapellanen, som hadde med dei Skulom aa gjera, visst um det, og daa vart det so galet, at han forbaud henne aa bruke Boki; ho skulde spurt Skuleautoriteterne um Lov fyrst, og dette Landsmaalet var no so og so galet. Ho visste inkje, kva ho skulde gjera; aa slutte no med denne Boki, som Borni var so glade av, tykte ho var harmelegt, og skulde ho so pligte dei Foreldri, som hadde kjøpt henne og tekjet henne i Bruk, til aa kjøpe ei ny og dansk ABC? Ho raadførde seg med eit Skulekommissjonsmedlem, og han bar Saki fram i Skulekommissjonen. Der vart Striden inkje so mykje kvass um sjølve Landsmaalet og ABCi; det var berre 1- ein Gardbrukar – som slett inkje vilde have Landsmaalet inn i Skulen; men alle dei andre – Soknepresten med – meinte, at naar Foreldri vilde, so burde Borni deira faa Lov til aa bruke denne ABCi i Skulen likesovæl som ei onnor ei. Og so vart det (mot 1) avgjort:

 

Skolekommissjonen udtaler, at der ingen Hindring bør lægges for, at de Børn, hvis Forældre ønsker det, faar bruge Andr. Austlids ABC i Skolerne”. Soknepresten var soleis med paa denne Avgjerdi; men han meinte, at Stiftsdireksjonen som Yver-Autoritet burde spyrjast, og han kravde difor attaatlagt aat sitt eiget Votum det Vilkoret, at han for sin Del vilde gjera Stiftsdireksjonen kjend med Skulekommissjonsavgjerdi og spyrja, um ho skulde takast for god.

 

Dette var i November, og i Desember kom det eit Skriv fraa Hamar Stiftsdireksjon, som inkje var noko Svar, men berre inneheldt Spursmaal. Stiftsdireksjonen spurde, um det ”virkelig” var Meiningi aat Skulekomm., at det skulde kunna brukast fleire Slag ABCer i same Skulen og soleis ”Børn, der stod paa samme Trin af Læsefærdighed, deles i forskjellige Partier”, elder um det var Meiningi, at Foreldri i kvar Skulekrins ved Fleirtalsrøysting skulde avgjera, kva for ei ABC der skulde brukast i Krinsen. Og so vilde dei vita, ”om den i Faaberg talte Bygdedialekt staar det i Austlids ABC benyttede Maalføre saa nær, at Brugen af denne med Hensyn til Erhvervelsen af den første Læsefærdighed kan antages for Børnene at medføre nogen nævneværdig Lettelse fremfor en i det almindelige norske Skriftsprog affattet ABC”.

 

Paa dette svarad Skulekommissjonen (28. Desbr), at det visseleg hadde voret Meiningi, at det skulde gaa an aa bruke fleire ABCer i same Skulen, for det hadde støtt voret brukelegt, at Foreldri sjølve fekk velja, kva ABCer dei vilde; som det no var, vart det ofte brukt 3-4 Slag ABCer i same Skulen; Borni hadde med seg den ABCi, som Foreldri hadde kjøpt aat dei, og denne Retten aat Foreldrom meinte Skulekomm. laut ogso gjelda Boki hans Austlid. Aa lata Fleirtalet i kvar Skulekrins avgjera, kva ABCbok i Krinsen skulde brukast, vilde inkje Skulekomm. vera med paa. Og um Maalet i Boki hans Austlid kunne Skulekommissjonen ”oplyse, at Forfatteren er fra Gausdal og i Bogen væsentlig kun har brugt sit Bygdemaal i normaliseret Form. Det kan saaledes neppe være Tvil underkastet, at Bogen maa medføre betydelig Lettelse for Børnene fremfor en i det almindelige Skriftsprog affattet ABC, og at den opfylder Forlangendet i Departementsskrivelse af 8de Aug. 1879 om, at Undervisningen i Almueskolen saavidt mulig bør meddeles paa Børnenes eget Talesprog”.

 

Dette Svaret fraa Skulekommissjonen vart gjevet samrøystes aa kalla; for den eine, - som hadde røystat imot fyrre Gongen og som enno heldt fast paa, at han inkje vilde hava Landsmaal i Skulen, heldt med dei andre i det, at Foreldri sjølve laut hava Retten til aa velja, kva ABC dei vilde.

 

Tri Maanadar etter skikkad Stiftsdireksjonen Saki attende ”med Tilkjendegivende af, at den i Betragtning af Omstændighederne tror ikke at burde modsætte sig den af Faaberg Skolekomm. fattede Beslutning med Hensyn til Austlids ABC.

 

Soleis er det daa her i Bygdi slegjet fast, at Skuleborni umeinkad skal hava Lov til aa bruke ABC paa Landsmaal. Det er daa sovidt det er lite til aa byrja med. Det er daa og, som ein kunne vente, vortet fleire strakst, som hev tekjet til aa bruke denne ABCboki, og so kann det væl vera Von um, at det kann draga meir etter seg, so Folket her ogso meir mannjamt kann koma til aa ”leggja Hug til Maalet”.

 

Faaberg, 29de April 1886.

 

F.

 


Frå Fedraheimen 08.05.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum