Fraa Naturriket.

 

(Del 2 av 4. Fyrste delen.) 

 

(Or Nora).

 

(Slutt f. f. No.)

 

So kjem me til den næste etande Muslingen. Det er Blaaskjæl(Mytilus edulis), paa sume Stader kallad Agnskjæl elder Kraakeskjæl. Dei hev tvo avlange blaasvarte Skal; dei sit fast paa Stein og Tang, serleg i Elveosar – ikkje fastgrodd, men berre festad med ein seig Traad (bussus), som kjem ut millom Skali. Riv ein dei laus, so festar dei seg atter paa ein annan Stad. Denne seige Traaden kjem fraa sjølve Dyret og er fyrst ei seig Væta; men sidan, naar den kjem ut or Skalet storknar den og vert hard og seig.

 

Det er no dessverre enno ikkje aalment her i Landet aa eta denne gode Maten; berre i sume Byar kauper Folk dei paa Fisketorget og brukar dei til Mat. Ute paa Landsbygdi brukast dei til Agn; men paa ymse Stader er det ei slik Mengd av dei, at Folk kunne hava fenget seg mangt eit godt Matamaal, naar dei hadde brydd seg um aa eta dei. I Utlandi skynar dei seg betre paa dette, og det finst Bygder, serleg i det nordvestlege Frankrike, der Folk berre liver av Blaaskjæl; men daa lyt dei avla elder dyrka dei, liksom me gjer med Ostrorna. Dyrkingsmaaten for Blaaskjæl er daa likevæl mykje meir endefram enn Ostre-Avlen.

 

Paa dei Stader, der Blaaskjæli trivst, set me upp eit Gjerde elder som ein Skigard, og so plukkar me nokre livande Skjæl og puttar dei i ein Pose av gamal Not; denne Posen festar me til Skigarden, og um nokre Dagar hev Blaaskjæli festat seg sjølve, so me kann taka Not-Posen burt. Um ei tvo Aar er daa Gjerdet so fullvokset av Skjæl, at ein snaudt kann sjaa, kva det er gjort av, og so kann ein byrja aa plukka dei største til Mat og lata dei mindre staa og veksa. Gjerdet lagast av Kjeppar elder Staurar, som ein slær ned i Botnen, og millom desse legg ein paa langs andre tunnare Staurar, Greiner elder Snorar.

 

Blaaskjæli er best um Hausten og Vetren. I Yngletidi høgst aa Sumaren skal det ikkje vera noko vidare sundt aa eta dei. Det er visstnok sant, at Folk hev vortet forgiftad av dei, men det hev aldri hendt med slike, som veks paa ein nokorleis rein Botn og i frisk Sjø; derimot hev det hendt med Skjæl, som veks attmed Bryggurne i Byarne, der dei fæle Kloakar renn ut. Ein kann eta dei raa, men dei er daa ikkje noko vidare smaklege for Folk flest; best er det vel aa koka dei (ikkje lenger enn til sovidt Skali opnar seg) elder ogso fyrst koka dei og so taka Maten ut or Skali og steika den litegrand paa ei Panne saman med ein Mole Feitt. Ein kann laga dei til paa fleire andre Maatar ogso liksom Kjøt elder Fisk, ettesom kvar hev Smak til.

 

Eit tridje Slag etande Skjæl er:

 

Hjartemuslingen(Cordium edule). Den hev tvo kvite, furutte Skal, og dei ser næstan ut som eit Hjarta. Dei er gode og vælsmakande; men enno er det ikkje uppfunnet nokon Maate aa dyrka dei paa.

 

Strandsnigelen elder Kvitkonningen(Litorina litorea), som ofte sit i mengdevis paa Strandsteinarne, er ogso etande. Ein kann koka dei og taka Dyret ut med ein liten Krok. Utlendingarne segjer, at dei er vælsmakande, men sjølv hev eg ikkje prøvat dei; derimot hev eg ofte etet baade Blaaskjæl og Hjartemusling og funnet dei framifraa.

 

No, daa Tiderne er so knappe, Folkemengdi veks og Aarsavlen er liten, gjorde Folket væl i aa nytta, kva som nyttast kunne.

 

K. O. B.

 

(Meir.)

 


Frå Fedraheimen 08.05.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum