Fraa Vinje¹).

 

I No. 28 av Fedrah. hev ”flere” fraa Vinje komet med eit Motlegg mot det, som O. H.  skreiv i No. 24 um Prestestriden hera. Det gjeng dei nok nere, at dei skal vera nøydde til aa svara paa noko slikt, som det O. H. skreiv, men for ”Sagen og Sandhedens Skyld”, lyt dei gjera det. Ja det er eit syrgjelegt Tidens Teikn, at ein Gypling som O. H. vaagar aa klandra det, som ”Ordføreren, 13 af Herredsstyrelsens Medlemmer, 4 av Menighedens 5 Medhjelpere, Flertallet af Skolekommissionen, den ene ”Valgmand”, og inkje aa forgløyma ”200 Husfædre eller Hovedpersoner for Husstand” hev voret med paa, og det syner altfor væl det ”Overmod” som Ungdomen no for no for Tidi lider av. Difor svingar dei au sitt mynduge Tukteris høgt yver Syndarens Hovud og let ’an vita, kva Kar han og hans Jamnlikar er. Dei talar um, at O. H.s Stykkje syner væl, kva Aand det er av, me vaagar kon her til aa spyrja: kva Slags Aand syner seg i det, som ”flere” hev skrivi? Ja, at ho hev voret heit, det er let aa skyna for alle, som les det; og likeins at ho hev havt ei Kjensle av si eigi Storheit yver for Motparten; men litt meir Kjærleik og Tolsemd hadde ’kje skjemt ut hjaa ”Kristendommens Venner”. De talar um O. H.s ”hovmodige, ondskabsfulde og sandhedsfordreiende Hentydninger”; men dei fører inkje Bevis for dette; i den Vegen er Tilsvaret dikkons dugeleg tunt. Men de tenkjer vel, at store svivyrdande Ord gjer same Gagnet, og at kvart vitugt Menneskje maa no skyna, at de hev Rett og O. H.  for med Lygn. Men de fær no koma i hug, at den ”gode gamle Tid” er forbi, so det hjelper ’kje um de er av Prestegjeldets betruede og styrande Menner; naar de skuldar ein for Lygn, fær de bevisa det, helldaa liter me ’kje med det, kven det so kjem fraa.

 

De segjer, at det var Uppfordring fraa eit Par Menner, som gjorde at Kr. Olsen søkte; men Sanningi er, at Kr. Olsen hadde skrivet til Presten hera, at han tenkte paa aa søkja, fyrr han fekk Uppfordringi. Hellest vil me spyrja, um de er so brennsikre sjølve hell for aa hava de vita nettupp same Dagen som me. Men so segjer de, det var ’kje berre Pietistarne og Høgre, som fekk i stand Listurne mot Kr. Olsen hell ein anna Grundtvigianar; men ”Høire og Venstre i skjøn Endrægtighed”. Ha! ja Gud betre kon for ei ”skjøn Endrægtighed”, det kjenner de vist sjølve væl nok. Det var nok so, at de hadde fenget nokre, som gjeld for frisinnad til aa skriva under med fyrst. Og det var eit godt Varp og dugeleg Sløgt, for daa saag ’kje Saki ut som Partisak, og paa den Maaten fanga de au Vinstremenner. Presten Paulssen, som no flutte herfraa, var kjend for aa vera Grundtvigianer, men likvel vert der samlad i hop til ei Gaave paa 40-50.00 Kr. for han, og mange av dei, som gav til dette, skreiv paa Lista mot Grundtvigianeren Kr. Olsen, ja jamvæl Folk, som sit i Heradstyri. Her er noko av den ”skjønne Endrægtighed”. At mange av dei, som skreiv paa Lista dikkons, tregar no, fær au standa fast, for det fær ein høyra nok av, naar ein talar med Folk um det. Det var hell inkje 2-3 som de segjer, som flutte yver Namni sine, men 8 er Sanningi. ”Pres” tenkjer me, de hadde stadet dikon best paa inkje aa nemnt, for av det, som me her hev synt fram, og likeins O. H. i sitt Stykkje, visar det seg vist, paa kva Side ”Presset” hev voret sterkast. Her hev de nokre av Slagordi dikkons i Sakji: ”Ein Prest hev sagt, at Grundtvigianisme og Mormonisme er omtrent jamngode”. ”Alle dei, som hev ei Sjæl aa syta for, lyt skriva under paa denne Lista”. ”Han (Olsen) er verre hell Ullmann” osb. Her er ”Pres” eit reint for veikt Uttryk. Naar ein fer fram paa den Maaten, gjev me ’kji so svert mykje for dikkons ”200 Hovedpersoner for Husstand”. Trur de det hadde voret vanskelegt for Motparten aa fenget liksomange, dersom dei hadde voret fyri aa drivet det paa sama Visen. Dersom Sakji ha’ voret so utgreid, som ho er no, hadde de nok inkje silt samla ”Hovedpersonar” so let.

 

Af let forstaaelige Hensyn, burde hele denne Sag helst ikke været fremdragen for det avislæsende Publikum”. Nei der kom Hjartespraaket, det skynar me so kavende godt. Altso: de fær anten bevisa O. H’s ”uefterrettelige og sandhedsfordreiende Hentydninger”, hell daa fær de taka med, at Skuldnaden kjem tilbakars paa dei, som hev slengt ’an ut.

 

 

14/486.

 

Fleire.

 

¹) Innteket etter serskilt Uppmaning; det lyt vera slutt med denne Greida no. Bladstyret.

 

 


Frå Fedraheimen 08.05.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum