Umskifte i Aandslivet i vaare Dagar.

 

(Del 6 av 9. Fyrste delen.)

 

IV.

 

(Den positive Filosofien).

 

(Framh. f. f. No.)

 

 

Comte segjer, at den positive Filosofien vil finna dei aalmenne Lovarne i dei serskilde Vitenskaparne og arbeider seg fram fraa det endeframaste og aalmennaste til det mest mangslungne og ihopsette; han set Vitenskaparne i eit System (”Hierarkiet aat dei positive Vitenskaparne”), som byrjar med Matematikken og ender med Læra um det menneskjelege Samfundet (Sosiologi).

 

Matematikken  er den eldste Vitenskapen, som vart dyrkad paa ein heiltupp positiv Maate forutan Innblanding av Teologi og Metafysikk, og det kjem av, at han handlar berre um det aalmennaste og simplaste, som finst, Storleiken. Difor er denne Vitenskapen Grunnlaget for hine, og med honom lyt den positive Vitenskapen byrja.

 

Deretter kjem Astronomien, som hev voret ein positiv Vitenskap alt i tvo Tusund Aar. Denne Vitenskapen er ikkje so aalmenn og handlar um Storleiken paa Stjernurne i vaart Solsystem og dei uforanderlege Naturlovarne, som fær dei til aa sviva umkring. Dette lyt ein kjenna, skal ein forstaa Menneskje-Samfundet, for vaare Livs-Vilkaar vert paaverkad av det Solsystemet, me er ein liten Part av. Hine Stjernurne og Stjerne-Krullarne, som er so langt burte, kann vera mest det same med, meiner Comte, for dei verkar ikkje paa oss, og den positive Astronomien kann ikkje naa utanum vaart Solsystem. Den absolute Kunnskapen um den store Stjerneheimen skal Menneskja ikkje stræva etter.

 

Den næste Vitenskapen er Fysikken. I denne er Læra um Tyngd-Krafti den eldste og tok paa og vart positiv for fleire Aarhundrad sidan, daa Galilei uppdagad Lovarne for korleis ein Ting fell aat Jordi. Læra um Verme, Ljos og Elektrisitet er endaa noko uppblandad med metafysiske Meiningar, daa sume vil forklara desse Ting av løyndomsfulle Orsaker som ein Verme- og Ljos-Æter, eit elektrisk Fluidum og slikt, og er ikkje heiltut ein positiv Vitenskap endaa.

 

Etter Fysiken kjem Kemien¹), den siste av dei Vitenskaparne, som handlar um livlause Ting. Denne, som ikkje vart Vitenskap fyrr i Slutten av det 18de Aarhundrad, er meir mangslungen og ikkje so langt framkomen som Fysikken, men likevæl endeframare og meir framkomen enn den, som etter kjem, og som han er Grunnlaget til.

 

Naar me soleis hev granskat Naturlovarne i dei livlause Ting, som er dei ytre Vilkaar for alt som liver, so kjem me til Biologien, Læra om Vokstrar og Dyr. Denne Vitenskapen hev fyrst i vaart Aarhundrad teket til aa fri seg fraa metafysiske Spekuleringar um ”Livsens indre Væsen” i Stellet for aa finna dei aalmenne Lovarne, som styrer Livet; men endaa er han ikkje heiltut positiv. Comte er imot Darwinismen; Læra hans Darwin kann ikkje stydja seg paa Røynsla (”Iagttagelse”), for aldri hev me røynt, at eit Slag brigdar seg til eit anna. Det er berre ein metafysisk Freistnad paa aa leita etter Grunnen. Den høgste Grein av Biologien er Psykologien, Sjælelæra. Denne, segjer han, fekk eit positivt Grunnlag, daa Gall(døydde 1828) meinte, at han hadde uppdagat, at Heilen var ei Samling av ymse Reidskapar (Organar), som verkad kvar paa sin Maate; det var ein Reidskap, som tenkte, ein som sansad, ein som elskad og so frametter. Det som desse Reidskaparne i Heilen verkar, er difor ikkje reint aandelegt elder yvernaturlegt, men Sjælelæra er ei Grein av Natur-Vitenskapen. Comte trur ikkje helder, at det finst nokon væsentleg Skilnad paa Drifti (Instinktet) hjaa Dyri og den menneskjelege Forstand; denne er berre meir utviklad.

 

Sjælelæra er Yvergangen til den 6te og høgste Vitenskapen, Sosiologien, Samfunds-Læra, som ingen kann skyna, mindre han hev lært alle hine Vitenskaparne, som er Grunnlaget for denne. Sosiologien er den mest ihopsette og mangeslungne Vitenskapen, og her er dei aalmenne Lovarne verst aa finna. Mange Biologar trur, at Sosiologien berre er eit Attpaaheng til Biologien og berre ein Naturvitenskap, men Comte stend paa det, at han er ein sjølvstendig Vitenskap; den eine Mans-Ætti verkar paa den, som etter kjem, og Biologien rekk ikkje til, naar ein skal tyda Utviklingi; til det trengst historisk Gransking. Sosiologien er soleis noko meir enn ein Naturvitenskap, endaa me her og finn aalmenne Lovar og ikkje ei yvernaturleg Magt elder ei metafysisk Grunnsetning, som styrer Utviklingi.

 

Comte hev mykje mot baade Protestantismen og Metafysikken, for desse hev innført Retten til fri Gransking og Fridom for kvar einskild Mann; den offentlege Moralen, segjer han, krev Einskap, at alle Viljar slær seg ihop um det, som er til Gagn aat Aalmenningen.

 

Denne Einskapen hev det mykje skortat paa fyrr; den katolske Kyrkja hev forbannat Heidenskapen, Protestantismen styggjest ved den katolske Millomalderen, den franske Revolusjonen kallar Kristendomen for Yvertru og Prestefusk, og i Politikken hev me fæle Revolutionar. Dei livande hev reist seg mot dei døde, Einskild-Mannen mot Samfundet, og hev leitat etter absolute Sanningar. Den positive Politikken og Soga set Røynsla som det fyrste og finn dei uforanderlege Lovarne, som styrer Soga, og relative Sanningar.

 

Positivismen finn, at Heidenskapen hadde si store Gjerning i framfarne Tider.

 

Sidan laut Kristendomen føra Menneskja lenger fram og hadde soleis relativ Rett paa si Tid.

 

Positivismen ser ikke paa Millomalderen som ei aandsmyrk Tid, som ein helst ikkje vil hava noko med aa gjera, slik som f. Eks. Voltaire gjorde, men finn, at han var eit Framstig i Utviklingi fram mot nyare Tider.

 

Teologien trur, at Lovgjevaren hentar sin Rett fraa Uppheimen, og at Folket berre hev aa lystra.

 

Metafysikken trur, at det mykje kjem an paa eit Tilfelle, korleis det vil gaa, at ein etter sine eigne Grunnsetningar kann stella til eit Samfund paa mekanisk Vis, og at det er utifraa gaaverike Menner, som raader for Framvokstren. Baae tvo ser ikkje anna, enn at Politikken er noko reint sjølvstyrt og vilkaarlegt.

 

Positivismen, som ser, at det er visse Lovar, som styrer, forstend, at me berre kann lempa paa Utviklingi men ikkje beinka ho etter vaart eiget Tykkje. Difor kann ein stor Mann ingen Veg koma, soframt hans Verksemd mishøver med det, som Tidi krev. (F. Eks. Julianus Apostata).

 

Grunnlaget for Samfundet er Huslyden; i det huslege Livet lærer ein seg upp til det sosiale Liv, og der lærer ein seg til aa gløyma Sjølvnytta og liva for andre.

 

Huslydarne slær seg ihop til eit Folk, og alle Folk slær seg i hop til heile Menneskje-Samfundet med eit stort sams Arbeid, og dette Arbeidet samlar alle Menneskje, baade dei, som no liver, dei avlidne Ætterne, og dei som skal koma etter oss. Styringi hev ikkej eit yvernaturlegt Upphav, som Teologarne vil, men er botnad paa Samtykkje av dei, som samlar seg um eit sams Fyremaal. Skal Styringi hava eit fast Grunnlag, lyt ho hava grundig Kjennskap til det Samfunds-Tilstand, som no er, so ein kann gjera det fullkomnare, men ikkje skada nye Tilstand. Det skal vera Orden og Framstig. Framstiget er Utviklingi av den Samfunds-Orden, som er. Det, som er no, er Frukti av det, som var, og føder av seg det, som skal koma.

 

Kva for ein Samfunds-Orden i seg sjølv er den beste, kann ein soleis aldri avgjera. Ingen er fullkomen, men alt utviklar seg etter dei skiftande Høve og vert allstødt betre.

 

Politikk og Sosiologi skal verta likso positiv Vitenskap som hine, og lyt kjenna dei uforanderlege Lovarne, som styrer her liksom i hine Vitenskaparne. Daa skal me sleppa Revolutionar og faa vitug Umbot i Staden.

 

Menneskje-Samfundet er det høgste Væsen, Comte kjenner, og dette Væsen skal me arbeida for. Fraa Sjølvkjærleiken skal me vinna fram til det beste, som er aa liva for andre, for Menneskje-Samfundet (Altruisme).

 

 

¹) Vitenskapar som Geologi og Mineralogi reiknar han ikkje med, daa dei ikkje er ”fundamentale”, men meir som Attpaaheng.

 

Misprentingar  i Stykkje IV. No. 34: og bygde ho upp med den absolute Sanning, skal vera: mot.

og i si filosofiske Tenkning bygde dei daa det, skal vera: og si filologiske Tenkning bygde dei paa  det.

 

(Meir.)

 


Frå Fedraheimen 08.05.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum