[Tidender.] 17de Mai.

 

Med sama eg fekk Augo upp den 17de Mai høyrde eg slike væne Tonar. ”Kva er det for Laat?” spurde eg. ”Dei bles i Horn fraa Taarnet av vaar Frelsers Kyrkje”, vart der svarat. Eg upp det snøggaste eg vann og skulde ut paa Stortorget for aa høyra regtig væl. Veret var graatt og kaldt, men likevæl var Torget stappende fullt av Folk, som ruslad fram og attende for aa halda seg varme. Vaar Frelsers Kyrkje stend like innmed Stortorget og Taarnet rekkjer seg høgt, høgt upp imot Skyi. Flak flagrad det for Vinden der langt uppe, og den eine Salmetonen etter den andre ljodad utyver Byen. Ein heil Time dreiv dei og bles. Ut paa Dagen klaarnad det, og i Soli vart det heiltupp varmt daa. Og so Smaagutferdi. Fraa ein Bakke i Slotsparken saag eg so godt yver det heile. Fyrst kom Musikken md Trommur og Leven og so ei lang, lang Rekkje av Smaagutar kvar med sitt lite Flak. Kvar Skule gjekk for seg, og kvar med sin store Fane av Silkje og Gull glimande, i Fyreenden paa Fanen stod Namnet paa Skulen, Læraranne fylgde kvar sin Skule; dei laut sjaa etter at det gjekk ordentleg til. 12-13 Minuttar turvte dei til aa ganga forbi paa, endaa dei gjekk toleleg fort. Slotsparken er grøn og væn no, og naar denne raude Skogen svingad seg imillom, saag det fagert ut. Og so skreik dei Hurra med det granne Maalet sit, so at det svarad. Nokre lange Latinskulegutar straakad iblandt, men dei heldt seg nokk for store til aa bera Flak dei. Innmed Wergelandsstytta stanad dei, og der vart haldi ei Tale. Wergeland var stasad med store Kransar.

 

Kl. 12 skaut det fraa Festningen slik, at det dunde yver heile Byen. Kl. halv tvo song Studentarne fraa Fyrehallen til Universitetet. Friskt og kraftfult høyrdest det langt ifraa. Det store Toget skulde ganga Kl. fem. Eg var so heppen aa sleppa inn i Stortingsbygnaden, og fraa eit høgt Vindauga der saag eg utyver altsaman. Dei kom nedante ei Gate og stansad ved Stortinget. Og so kom der Bod fraa Toget upp til Tingmennerne um dei vilde vera med i Rekkja. Dei parad seg fort i hop, tvo og tvo og gjekk med, Statsraadarne Astrup, Sverdrup og Haugland var og med. Aa, slik som dei skreik Hurra for Stortinget, daa dei kom ut! Det var so det riste. Og so bar det iveg. Kvar Foreining under sin Fane og med dundrande Musikk i Fyreenden. Og so ustyrteleg lang ei Rekkje daa! Ikring 60 Fanar vart det sagt, og etter kvar Fane ei lang, lang Rekkje, eg var radt trøytt av aa glo so lengje. Endaa var ikkje det alt. Sosialistarne og andre misnøgde gjekk i ein Flok for seg sjølv paa ein annan Kant av Byen, dei hadde 9 Fanar og ei 500 Mann i Flokken sin. – Paa Festningsplassen var der gildt tilstelt med Kransar og anna, og der dansad dei og drakk og song, ja, slost og. Sidan paa Kvelden var der Fyrverkeri, men det saag ikkje eg, for det var reint-speleg aa vera der.

 

 


Frå Fedraheimen 22.05.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum