[Tidender.] Kiellandssaki.

 

Iaar gjekk det ein liten Mun likare enn i fjor. Diktarløn fekk han ikkje; 54 vilde, men 60 vilde ikkje. Frilseth kom med det Framlegget, som Steen gjorde i fjor, at K. skulde hava 1600 Kr. ”i Erstatning for Budgetterminen”. Det gjekk med 3 fleire paa dette enn paa fast Diktarløn (Frilseth, Kind og Løvø), so det vart 57 mot 57, og daa Præsidenten var med dei, som sagde ja, gjekk Frilseths Forslag igjenom.

  

Det var sovidt det, men eingong gjenget kjem det nok att, so han fær sitt likeso visst Kielland som dei andre Diktaranne. Endaa sannast skal det, at dei var stade, og at mykje Tull og Vev er det framkomet og mang ein uventad Ting fekk ein sjaa, fyrr den Dag kom, at Norig visste fulltut aa heidra Diktaranne sine.

 

Ordskiftet gjekk plent paa same Vis som ifjor, Høgre tagde, Regjeringi tagde, og 26 Vinstremenn slog seg vrange, sume var rædde Prestarne (som ikkje likar Kielland, fordi han er betre enn dei til aa skildra Mannalivet), sume var rædde Veljaranne sine (som hev det imot Kielland, at han ikkje skriv Gudsord og difor ikkje vil lesa Bøkerne hans), sume vilde visa, at dei var sjølvstenduge, og syna, at dei vilde gjeva Statens Pengar til kven dei ”likad”, men ikkje til andre, sume meinte, at ein trengte ikkje Diktarløner, naar me løner Prestar og Skulmeistrar hev me so ikkje nok daa? Soleis meinte Hektoen det, at Kielland var ein daarleg Lærar, for han gav ikkje nokor Rettleiding for korleis Folk skulde tru og liva. Det er nemleg so med Kielland, at han berre syner fram Livet, og so vil han haa Folk til aa tenkja sjølve, men det likar ikkje Letingen, maavita. Han vil helder betala Folk rikleg for at dei skal fortelja honom, kva han skal tru, og so vil han tru paa det, og dermed slutt. Og av slike Letingar er det nok baade i Fjord- og Fjellbygder; det kann vera meir enn det trengst av dei paa Stortinget ogso.

 

Det er noko, som heiter Aandsfridom; det er den gjævaste Frukt av ei fri Forfatning og av ei sann Folkedaning; og fyrr denne Frukti hev komet, er det lite Von um aa liva eit Kulturliv for eit Folk. Her i Landet hev voret mange Sprettingar i den Vegen, men Frukti vil aldri rett mognast, ho vil ikkje rett trivast korkje i Fjellbgyder elder tronge Fjordar.

 

Me for vaar Del stend so fritt i Kiellandssaki, at me kann segja vaar fulle Meining. Me held ikkje Kielland for aa vera den nasjonale Diktar, som me syntest skulde turvas, og me likar korkje Laget elder Tankarne hans fullvæl. Men sanneleg set me ikkje Kiellandssaki upp som ei Storsak likevæl. Spursmaalet um Aandsfridom er større enn baade Statsraadsaki og 9de Juni. Og Tidi vaar no er soleis lagad, at ein Diktar er fyrste Rangs Mann i Samfundet, ein Statsmann kjem snaudt so høgt. Og so skulde ikkje Landet unna sine beste Menn og likaste Arbeidarar daglegt Braud? Slikt er aa spara paa Skillingen og lata Dalaren gaa. Austlandet er det, som er lengst framkomet i Aandsfridomen; paa Vestlandet er det berre so ymist Stell, alt ifraa Romsdal og til Aust Agder, nei at baade Liestøl  og Fløystad  skulde vera paa den Leidi, det hadde me ikkje tenkt.

 

Regjeringi var her so klein som ho kunne vera, berre fortalde, at ho ingen Ting vilde segja. Det var Jakob som raadde denne Gongen, ikkje han Johan.

 

 


Frå Fedraheimen 22.05.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum