[Tidender.] Ny Kanal.

 

Fyrre Tysdagskvelden var det Møte i ”den polytekniske Forening”. Forutan Medlemar var der tilstades Statsraad Astrup, Stortingsmennerne Holmesland, P. Nielsen og Løvland, og kanskje var der nokre fleire framande. Det var klaart, at det skulde koma fram noko sers. Det var tillyst Foredrag av Ingeniør i Kanalkontoret G. Sæthren um aa grava Vatn fraa Glaama fram til Kristiania. De kjenner vel Sæthren, Hr. Redaktør. Han hev bygt Sluseverkjet i Straumen i Sætersdal og stelt med Elvarbeider i Torisdal og Tovdal. Daa budde han i Arendal, der han nær hadde mist Livet i Branden 1868. Han vilde kasta ut ein Krutdunk or eit Hus, daa Dunkjen sprang og kastad han ut. Han vart kalleg tilreidd. Det stod um Livet, men Ungdom og gode Krefter stod mot, so han kom seg; det tok lang tid, men han vart full Kar att. No er han Fyrstemann under Direktøren i Kanalkontoret. Han hev gjenget igjenom Ingeniørskulen i Zürich, der baade Lærarar og Kameratar fraa mange Land heldt mykje av han, avdi han var likso kravslaus, jamn og greid som han var idug og flink i Lærdomen. Han er ein av vaare beste Ingeniørar, full av gode Tankar og Paafunn, gløgg og skarp til gjenomtenkja dei og djerv til leggja dei fram. Det er han, som hev lyft Tanken um Kanal fraa Nordsjaa gjenom Lundeherad til Bandagsvatni i Telemark.

  

For nokre Aar sidan nemnde Stiftsavisen  noko um, at ein dugande Ingeniør drogst med aa arbeida ut ein Plan for aa styra Vatn fraa Glaama til Kristiania. Det var Sæthren. Han hev stelt med det i sine Fristunder av og til heilt sidan 1873. Han hev ikkje faret i Marki, ikkje havt Uppmaalingar paa Plassen, men haldet seg berre til Karter og slikt. Difor er hans Plan berre ”foreløpig”, men han trur, den i Hovudsaki held Stikk.

 

Han vil taka Vatnet ut or Øieren ved Litlestraum og føra det gjenom ein lang Tunnel til Bryn. So gjenom ein Tunnel i Eikeberget fram til Grønlien. Arbeidet skulde var i 5 Aar og kosta 7 Millionar Krunur.

 

Deri er medreiknat Betaling for Skade, til Uppstemning av Øieren og til Utjamning av Flaumvatnet i Glaama, so dei skulde for jamnen faa liksomykje Vatn nedanfor Øieren, som dei no hev, endaa Tunnelen skulde taka Tridjeparten av det Vatn, Elvi no hev, naar Vatnet stend lægst. Endaa hev han med ½ Million til ”uforudseede Udgifter”. Reikningi hans um Bergboringi er gjenomsedd av Bergmannen Amanuensis Vogt og av den svenske Professor Nordenstrøm, som tykkjer, Sæthren hev reiknat væl flust til Boringi.

 

Med dette Anlegg vilde Kristiania faa Fossar med ei Vasskraft paa 24,000 Hestekrefter til ein Pris av 3-400 Krunur for kvar Hestekraft; no kostar Hestekrafti i Akerselvi umlag 2000 Krunur. Her, meinte han, vilde Hovudstaden vinna mykje til ”den store Industri”; med Leidningar, anten elektriske elder hydrauliske, kunne Krafti førast um i Byen til Verkstader osv. ”Den lille Industri” hjaa Handverkarar og Arbeidarar maatte byggja si Framtid paa aa bruka Maskinkraft, soleids som i Zürich, der dei høgg og sagar Ved paa Gata med Vasskraft.

 

Sæthren talad i fulle tvo Timar. Det var eit av dei beste Foredrag, eg hev høyrt. . Han tok med somangt til Upplysning um slike Byggverk i andre Land og um Industrien baade ute og heime, at det var utrulegt. So hadde han gjort Teikningar til aa upplysa alle Spursmaal med. Han talad med Liv og Vermde, so han heldt Tankjen spend heile Tidi. Daa han sluttad, klappad dei alle, og eg høyrde berre ei Meining, at det var eit merkjelegt Foredrag. Statsraad Astrup slog paa det underhaand, at det burde trykkjast og delast um til Tingmenner og andre, og det er det verdt. Etterpaa vart det litt Diskussion, og so vedtok ei einstemmig eit Framlegg av Vegdirektør Krag um aa beda Arbeidsdepartementet syrgja for, at Planen vart nærare undersøkt. Ei slik Undersøking meinte Sæthren vilde berre kosta 2000 Krunur.

 

(Kristianssands Stiftsavis).

 



Frå Fedraheimen 22.05.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum