Den militære Tanke.

 

General Hoff er vorten Talar i det siste, ser eg; so ganske nyst er det no vel ikkje.

 

Underoffiserarne ved ein av Bataljonarne vaare sende fyre nokre Aar sia eit Takkebrev til ein Politikar, for di han arbeidde fyre Underoffiserloven. Same Aaret vart det ein stor Skalkestrid. Ein Dag under denne veit Underoffiserarne ikkje av, fyrr ein høgsett Offiser med breide, raude Band paa Broki og anna glimande, kallar deim fram og fortel deim, at dei hadde ikkje rett til aa stella med nokot slikt, og hadde dei ikkje voret alle, so hadde han sett av kvar ein.

Ein annan Dag sagde han til Soldatarne: Kvat Stortinget sparar paa Pengar, skal De betala med Kjøtet Dykkar.

  

Ein ikkje so høgsett Offiser stod ein Dag framfyre Kompaniet og held tein Tale. Han sagde millom anna: ”De, som stend i Geledet, hev ikkje nokon ”Ide” um, kva høge Tankar ein Kompani- og Bataljonssjef heve.

 

  

T. E.

 


Frå Fedraheimen 22.05.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum