Fraa Stortingstrævet.

 

Upp gjenom ei fælskleg lang Steintropp kjem ein endeleg til Stortingstrævet. Stortingshalli er bygd i ein Halvrundil i andre Høgdi. Stolarne til Tingmennerne er ordnad etter Halvrundilen med ein breid Gang bakum og vendande mot Tversida, der President og Skrivar hev sine paa ei Upphøgning. Paa Veggen like bakum dei er eit stort Maalarstykkje, som framsyner 17de Mai 1814 paa Eidsvoll. Nedst og inst i Rundilen hev Regjeringi sine Stolar nærast Presidenten. Skjot-skrivarbordet er millom. Fraa Rotet midt ovanfyre heng ei stor væn Lysekrone.

 

Under all Uroi nedi Halli er der likevæl ei Ro yver dei. Fremskridts Kristianiabrevskrivar skreiv, at Tingmennerne var kjennelege i i Gaturne med sine lange jamne Steg og ”Mave-Pine-Mine”. Minst av alt fær ein den Inntrykkjen, at dei er særs vigtuge og narrvorne av seg. Brevskrivaren derimot er mykje meir vigtug og uvitug, hell han er vittig og vitug.

 

Det er vanskeleg aa høyra fleire av Talaranne, daa visst naar ein fær ein ulagleg Stad aa vera, men so lyt ein glo so mykje meir. Av dei Skjeldri, som eg hev set, kunne eg kjenna mange. Serleg er det daa gildt aa faa ein Inntrykk av dei ein meir kjenner til, anten personleg elder av Umtalen. Nokre av desse Inntrykkarne skal eg her fortelja.

 

Gamle Sverdrup er godt kjenneleg. Naar han stend og kastar paa det graalokkad vakre Hovudet sitt, ivrig ventande paa aa faa tala, er det reint snodig. Han slurrar noko, so han some Tider er leid aa høyra fraa Trævet. Men naar han so slepp til, gjeng det med ein Hug og eit Mot og ei Kraft som ein Ungdoms. Han tist vera svært so fusen og hugad etter aa kjempa for sine Meiningar paa den gamle kjende Valen, og kastar seg i kvar Sak av Vigt inn i Ordskiftet akkurat som i yngre Dagar, men er kanskje noko saar og stikkjen. Det var Moro baade aa sjaa og høyra han, og eg tenkte med meg, at det ikkje var rart, at hankunne samla alt Framstiget i seg og vera den sjølvgjevne Hovdingen. Her hev ikkje voret framme ei einaste sterk Rørsle i Folket, som ikkje han hev hjelpt fram. Ikkje minst visad det seg, daa Talen i Tinget var um Avhaldssaki, som daa visst fraa ei side var utsett for harde Aagrip.

 

Men likevæl, naar eg berre ser paa den litle, gamle, innturkad Mannen, er det underlegt, at han kann styra Land og Rikje. Etter dei seinste Skjeldri tenkte eg meg han som myrk og grufsen aa sjaa paa, men istaden ser han blid og godsleg ut. Derimot naar han hardotast med ein elder annan, kann han ikkje vera lite glupandes, liksom daa han i Maalordskiftet tøygde seg mot Hertzberg og ropad til han, at han laut koma med nye Motgrunnar og ikkje slike, som var ihelslegne mange Gonger fyrr.

 

Men sume Tider tek han det lentugt og morosamt, som daa han i Ordkastet um Minking av Prestegardar fekk Tinget til aa læja aa tala aat ein Tingmann. Som venteleg var, misslikad Tal. at ”Hs. Excellense gjorde Nar” av han.

 

Ved Sida av Statsministaren sit ein annan liten tunnlagd Mann med tjukt ramsvart Haar og Skjegg, men Andlitet er kvitt som Basst. Det er Jak. Sverdrup. Det er snert rart, at der kann bu so mykje i den Karen. Panna er liti og laag, men Augurne hev ein eigen Glim og kann som med ein Gong glo i seg ei heil Forsamling. Han talar med vestlandsk Tonefall og framifraa godt. Anten han stend og talar elder gjeng, er det Gut, som hev Nerk i seg, liksom han paa Laget tykkjest mykje likna Farbror sin.

 

Høgre segjest vera brennande hissuge paa han og vilde gjerne faa han vekk for einkvar Pris. Det same gjeld det reinaste Vinstre, serleg for hans Stødleik i Kiellandssaki. Soleis talar dei utanum Tinget um aa ”røykja” han ut, og V. G. kallar han ”den lille sortgule Intrigant”. Men innum Tinget hev han nok Vyrdnad blant Vinstre. Han er den einaste, som kann taumkøyra Prestarne er der sagt, og faae er dei, som vil hava han or Raadet. Han er seig og roleg, som han er dugeleg, og tek seg ikkje nærare av Qvams  Eiklingar enn Høgres uvituge Paaheng. _Utyver Landet hev faae Namn den Klangen som hans.

 

Bonden i Regjeringi, som Morgenbladet  finn aa vera den dugelegaste av alle, er ein høg, spevaksen, turrlagd ein, og ser som enndaa uvandare og gjemeinare ut enn dei andre, so eg trur ingen vilde skjelva ved aa koma inn i hans Departement. Han talar stutt og greidt, men paa stivt Bokmaal. Enndaa er han Haugland ein god og varm Maalmann.

 

Av dei andre Raadarne er Stang og Kildal tvo smaae, men vælvaksne Karar. Sørensen er ein stor staut Kar, og Astrup er ein so medels høg, tjukk, feitt Busse.

 

So var det Tingmennerne. Upp aa Forhøgningi i Presidentstolen sit Steen. Forhandlingarne gjeng roleg og greidt, og han liksom berre rykkjer i Tamsarne daa og daa. Han tiss gjera seg lite fyre og sit noko lurven iblandt; men so naar han gjer nokre Merknader, elder noko anna leggs til, syner det seg, at han hev fylgt med. Han eldest no. Skjegget er graatt, det same er Haaret og tunnt. Det er ein staut, stø vaksen kar med sterkt Maal. Tydelegt og klaart talar han, og so at det er høyrande for ein kver. Ingen tykkjest hava det Yversjaa yver Saki som Steen, og ingen samlar betre Hovudpunkti i Talen sin. Hans Tenkjemaate, som den kjem fram, er stød og national. Difor visad han med stor Harm fraa seg Tanken um, at her burde vera og stilast mot eit ”Aandsaristokrati” innum Tinget. Ingen vilde helder skulda Steen for sovoret. Talen hans i Kiellandssaki gjorde god Verknad. Ho var tolsam i det heile, men han var noko ubilleg mot den Talaren, som hadde kjent ein Snev av ”Aandsaristokrati” i Tinget.

 

Paa høgre Sida av Presidenten sit ein Kjenning. Det er Sekretæren Liestøl, kjend for sine mange nationale Hugmaal. Han er maateleg stor og tjukk med eit sterkt, tenkjande Andlit. Ingen kann skulda han for vond Vilje, og naar han finn paa noko galet, anten skriv ein Innstelling paa Maalet elder likn., ja so er det avdi han hev kje betre Vit, hell han trur, at Sætesdalsmaalet er likeso godt som det, han les i Morgenbladet  hell Aftenposten. Han er avhalden av alle og ein av dei mest vyrde Tingmenn.

 

Men no hev her voret Val paa ”Embedsmænd”, og i Stolen sit ein stor, svarthærd Mann med Brillur. Det er S. Nielsen. Menn av hans Stand, sa han eingong, torde snaudt kravla upp paa ein Talarstol; men no hev han likevæl komet so høgt og langt fram som til Presidentstolen. Han gjer seg so fyre, og alt gjeng so rolegt, naar han ”forrettar”. Og naar han les, fær ein høyra godt etter, um ein skal faa nokon Nytte av det. Men naar han talar, er det klaart og høgt og bitande iblandt. – Sekretær er no O. Nilssen, ein eldre, verdug Mann.

 

Ytst i Rundilen og umlag i Midten sit Jaabæk. Han er kjenneleg fraa alle dei Skjeldri, som gjevst av han. Han ser gamall ut, men er logande svint i alle sine Rørslur. - Han hev eit klaart, tonande Maal og er løgleg og ordhitten, naar han talar, so faae Talarar vert lydde so paa.

 

Liljedahl, som er vortet so kjend fraa Kiellandssaki er høg, men spevaksen. Han er sagtferdug og smaalaaten, men talar godt og stødt paa Heimemaalet sitt.

 

Høgres Hovding er stor og breidvaksen og sit med ei sjølvviten Mine i Salen. Talar fljotande og greidt og synest vera væl inne i Sakerne. Tett innmed sit Hertzberg. At nokon kunde falla paa aa senda han paa eit Folkemøte for aa verka paa Bønderne, kann eg ikkje fata. At han stod og kjamslad, gjorde daa ikkje store Inntrykken hell. Men kanskje er det ein vælmeinande og ein dugeleg Kantormann.

 

Faae stend der slikt Ord av som av Ullmann. Det er ein noko liten, smaalagd, men herren og seigleg Kar. Andlitet hev eit tenkjande, aalvorlegt Uttrykk, og naar han vert ivrig som i Kiellandssaki, tykkjest det gløda som av ei utamd Kraft. Han talar i Tingsalen som paa eit Folkemøte, med den same Friheit og den same Styrkjen i Maal og Grunnar. Han er nett so, som ein kunne venta seg han og som han vart ventat sovæl av sine Vener som av dei, som er imot han. – Han er ”Fædrelandets” Skrekk kanskje meir hell nokon annan.

 

Kj.

 

 


Frå Fedraheimen 22.05.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum