Fyrste Friarferdi.

 

Atten Aar var eg og Tobakk togg eg, so Folk kunne sjaa, eg var vaksen Kar. Namnet Skjegg hadde eg og, um det var noko griset; men naar eg rakad meg kvar Vike, so vart det no vel ikkje so lenge, fyrr det vart so fjerre tett, at eg kunne lata det staa – i minsto under Nosi.

  

Men det var ein Ting, som endaa vantad meg: eg hadde ingen Kjæraste. Og det lyt ein ha’, naar ein er vaksen Kar, som eg var.

 

Eg hadde tenkt yver dette i fleire Aar, men det var aldri vortet til noko. Det kom seg av di, eg ikkje kunne gjera eit Val. Gjentur var det nok av og eg var glad i dei og, men eg var ikkje stød paa, kven eg var gladast i. Daa var det ikkje so beint, kann du skyna. Eg kunne no ikkje trulova meg med dei alle helder. Hadde det letet seg, so hadde eg voret spard mykje Hovudbrot.

 

Jaja – paa denne Visi kunne det ikkje vera lenger. Eg laut sjaa til aa faa det visst med ei elder onnor. Og daa eg ikkje vart einig med meg sjølv, kven eg var gladast i, so fekk det vera den fianste og rikaste. Vilde ikkje ho ha’ meg, fekk eg spyrja ei onnor. Men so fjerre Kar, som eg var, so - -

 

Magli Mo var den rikaste. Ho var einaste barn, og gamle Ruggen paa Mo hadde Skillingar, han. Og finaste var ho og – der paa Garden minsto; men ho var visst noko gamal. Eg hadde høyrt, ho var so godt som vaksi Gjente, daa eg byrjad i Skulen.

 

Eg fekk no freista det med henne korso. Det kunne ikkje vera Meining i aa gaa stad og trulova seg med ei, som var berre Barnet. –

 

So var det ein Haustkveld, dugeleg myrk, med Skodde og Yreregn. Eg hadde høyrt, at han Sjurd Mo var reist til By’n, og han kunne ikkje vera komen att endaa. Det kunne ikkje høva betre, totte eg, stygt Ver, so ingen andre var ute og rak, og ingen gamling var heime. Skulde det nokon Gong bera til, so laut eg freista no.

 

Og eg iveg. Det var langt til Mo, lite kjend var eg, men eg buste paa: yver Bekkjer og Skridelaup, yver Veitur, gjenom Myrar, bykste og sprang, gleid og datt. Vaat vart eg no paa Timen, men det vyrde eg ikkje.

 

So var eg daa endeleg til Gards. Eg hadde høyrt for Øyro eingong, at Magli laag i Koven. Til all Lukke hadde eg voret i Mo-Stova ein Gong elder tvo fyrr, so eg visste aa finna fram paa ei Vis. Og so stillte eg meg inn – stillte meg som Katten. Eg var lett paa Foten i dei Tider. Ingi Dør var læst og godt smurd var kvar Hengsla, so Dørerne gjekk so stilt, at eg høyrde dei ikkje sjølv eingong – høyrde berre, kor Hjartat pikkad i meg.

 

Daa eg var komen inn i Stova, stoggad eg og lydde... Korkje Tusk elder Taav. Det var so stilt som dei segjer, det skal vera i Gravi. – So trivlad eg meg fram til Kovadøri. Ho var visst læst; - aanei, ho gjekk berre den andre Vegen, enn eg trudde.

 

Eg stod paa Kovagolvet og lydde. Eit Menneskje pustad burti eine Kraai, og eg gjekk etter Ljoden, kjende fyre meg med Henderne og fekk fat i ei Seng. No var eg hjelpen, men Hjartat pikkad so i meg, at eg laut staa radt still ei Stund, so det kunne roa seg litt. Og so fekk eg tenkja yver, kva eg no meir skulde gjera. Eg var ikkje van aa vera i slike Ærend som i Kveld, so det var ikkje greidt, maa vita.

 

Det rann daa i meg med eit, at eg skulde kyssa Gjenta – kyssa henne midt paa Munnen. Og lika snøggt, eg kom paa det, gjorde eg det: klemde til, so det small.

 

Men trøyste og hjelpe meg! Eg stakk meg, som det skulde voret i ein turr Brake. Det var Gamlingen, eg hadde kysst, og det var Guten sin, som hadde stivt Skjegg – noko anna enn mitt! Og Gamlingen vaknad, kann du vita, og blid var han ikkje, det var Raad til aa høyra av Grylset, han gav or seg, med sama han reiste seg.

 

Du kann tru, eg var ikkje sein, fyrr eg tok Beini med meg og ut igjenom Dørerne. Eg stillte meg ikkje daa, for det hadde eg ikkje Tider til, og helder ikkje til aa lata att Dørerne etter meg. Det fekk dei gjera, som hadde betre Samvit.

 

Det vart ei god Stund, fyrr eg vaagad meg paa sovorne Vegjer meir.

 

 

Jens  Tvedt (i Nora).

 

 


Frå Fedraheimen 22.05.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum