Han Felepus Fretheim og Bergatrodle.

 

(Fraa Aurland i Sogn).

 

Han Felepus Fretheim hadde ei einaste Dotte. Ho gjekk fyr aa vera dan vakraste Gjenta dar va i Bygdi og difør so bar ho Nabne ”Fria Brita”. No skulde han Felepus te aa gifta vekk Dotte si. Men so var dar ikkje noken veg te Kjørkjo paa dan Sio aat Elvi. Detta va harmelæ, kann du veta; for naar du kjeme i Hug ko Mann han Felepus va, atte han aatte heila Fretheim, og atte Dotte has va so vigjeti for Frileikjen sin, og endaa te, atte ho va einbedna Bad’n, so seie da seg sjølt, atte han gjedna vilde ha eit drustelæ Fylgje med henna til Kjyrkjo. Elvi ho gjekk i Stafydle ja langt upp paa grøne Laandi; for da var netop i Snølaasingi om Vaaren. Bru var dar inkje. Om Vetren hadde dei ei Klopp bort til Brække og hit atte til Flám til Kjørkjo, og om Sumar’n berre noki skarve Baata – slike so sio kjeme uppi Lunden til Jonsokkevaakeld. – ”Had’an berre vore vække danna Stein, so liggje dar næste i Aasberguri”, tenkt’an Felepus. ”Seie’an vore væl ut i Elvi, so skulde da snøgt bli Veg til Fláms baade for Folk og Hesta”. Men Stein va so store so Oskarshall han og væl so da kanskje. ”Aa ko er da du gaar og grunda ette, Felepus?” sa Bergatrodle uppe i Aasberg. ”Er da danna Stein, so liggje i Vegen for deg, so er da vel beste du faar meg til aa ha ei Greia mæ dan, tenkj’ eg”. – ”Aa du vil ikkje veit eg”, sa’an Felepus. – ”Ko for skulde eg ikkje da vilja?” meinte Bergatrodle. ”Er kje me lika goe Bussa for da, om me lær aat einan summe Tie? Du gjore Narr av meg dan Gongi eg hadde faatt ei Graankugla inn i Auga, og eg lo aat deg, daa du kokte Bek og let da spretta paa deg. Darmed kann da vera Takka betalt, tenkj’ eg”. – ”Ja da kann so”, sa’an Felepus. – Darmed so kom Bergatrodle ned over Glopuri og med Vetlefingen velte han dan forlæggjande store Stein ut i Steinshølen. Dar liggje Stein dan Dag i Dag. ”Detta var bra gjort”, meinte’an Felepus, ”og Skam vilde da vera, om du inkje skulde faa deg so mykje so ein Tostadrykk for Umakjen”. – No blei da eit Stuk kann du tru: Vegen skulde rydjast, Brydlaupe skulde telagast, og Bergatrodle skulde ikkje gløymast han helde.

 

Tett neo for Stein er dar ein Flæe, dei kadla Einongrad’n. Dar sætte han Felepus eit Kjærald fullt med sterkt og godt Øl. 12 Tønne tok Kjæraldet. Over Øle breidde han so ei raa Uksahu. Ventelæ var han rædde for, atte Øle skulde dovna, før Bergatrodle kom ned. Paa Hui sette han so ein Mæle (1/10 Tønna), skulde vera til Drikkekopp. Naar daa Bergatrodle kom, hadde Uksahui segi ne i Kjæralde, og Mælen laag og flaut uppi Øle. ”Da flyte eit Bos uppi her, ser eg”, sa’an. Kasta han so Mælen vekk, tok Kjæralde i Klypo og drakk Øle ut i ein Svelg. Daa sa Trodle: ”Han Felepus Fretheim lovde meg ein Tostadrykk, men neimen om eg fekk meir eld’ ein Munnfull”.

 

Trast ette kom han Felepus og ropte uppigjøno Uri: ”Her ser eg Kjæralde og Mælen; men kor vart dæ av med Uksahui? Ha du set noke te dan du?” – ”Aa – eg kjende da fo’r ei Slintra nigjøno Halsen – kanskje da var dan?” –

 

 


Frå Fedraheimen 22.05.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum