Sonen til Mor si.

 

Ein glae Gut drog eingong ut

fraa heimleg Tuft;

i vidan Grend, so vart han kjend

og hausta Ære iblandt Menn,

men aldri gløymde han si Mor

for det, om han vart sterk og stor

i framand Luft.

 

Han saag og fann, at Livet rann

fraa Heimens Gronn, -

han fann, at Mor hans hae lagt

eit Fræ i Hjarta med si Magt,

han visste, det er hennar Skuld,

om Barnet bere Frukti full

av Livsens Konn.

 

Ja, slik det var; kvart Fotefar

han visa Veg;

han ser ”den” goe, milde Smil,

som lokkar Ljoset fram som Spil.

han kjenner hennar milde Hand,

som river sonde alle Band,

som burt i Myrkret dreg.

 

Og derfor han no senda kann

til gamle Mor

ein Takk for alt fraa fyrste Tid

for det, ho trufast stod i Strid;

av alle Taarinne, som rann,

han vart ein god og fager Mann;

av Kjærleik Livet  gror.

 

 


Frå Fedraheimen 22.05.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum