Studentarne.

 

Her gjeng gamle Segner um, at Studentarne eingong skal hava voret Herrar og Fyregangsmenner i Daning og Sedugskap, og at det er dei, me skal spegla oss i, naar me vil hava eit Mynster paa høveleg Ferd. Um Segni er sand, skal eg lata vera usagt. Kanskje hev desse Herrarne eingong fortent ein liten Mole av all den Ros, som Folk hev øydt paa dei. Men no  tykkjer eg Studentarne tek til aa bera seg slik, at dei fær vera takksame, um dei ikkje vert sette ettast i Rekkja, naar me skal sjaa paa, korleis dei fer fram millom Folk.

 

Det var Fest og Stas herinne i Byen paa Fridomsdagen. Det var hugsamt aa sjaa, korleis Arbeidarar og Handelsmenner, rike og fatige i Hundradtal drog fram under Fanarne – den eine Fane gildare og prydelegare enn den andre. Det gjekk stilt og høgtidsfult, som det høvde seg i eit slikt Festtog. Etter kvart som dei kom med Fanarne til Henrik Wergelands Minnesmerkje, gjorde dei Stans og bøygde Fanen med Vyrdnad for han, som hev spreidt Ljoske yver Dagen. – Det var ei Glede aa sjaa paa alt dette. – Men so kom det ein Flokk under Laatt og Skraal, med Styr og Spell, so Folk laut undrast paa, kva det var for Fuglar. Jau, det var Studentarne, Blomen av Daningi her i Landet. Det var ikkje aa venta, at dei skulde hava Stunder til aa heidra Wergelands Minne med eit Hurra. – Nei, var det likt seg, dei hadde det altfor annsamt med aa slengja Kyssar til alle Damur, dei saag, og dansa og hoppa og skraala, som dei var galne. Dei som ikkje vilde vera med paa slik usømeleg Ferd, fekk høyra Slengjeord, for dei var so ”vrange” og ”sturne” osb. – Folk som stod langs Gaturne for aa sjaa paa Festen, vart reint fælne ved alt dette. - - Slike er dei altso, desse gilde Kararne, som landet kostar paa i Hundrad og Tusundvis av Krunur. Og slik Styggedom er det, me sidan skal faa til Embættesmenner utyver Landet. – Og naar dei kjem der, so skal Bonden standa med hatten i Haandi og Øyrurne opne for den Visdomen, dei i Naade vil lata strøyma yver dei.

 

Eg veit vel, at det langtifraa er alle Studentar, som ber seg slik aat. Men det er Skam, at ein slik Tone skal vera komen inn millom dei, so dei torer syna fram si Vyrdløyse for all god Folkeskikk utan aa skjemmast. – Eg vil beda kvar rett-tenkjande Student, som vil alt til det beste for Folk og land, at dei gjerer, kvad ei kann for aa jaga burt den Raaskapen og Sedløysa, som no i den seinare Tid et um seg i dei høgre Lag. Mykje er aa gjera og mykje kann gjerast med ærleg Vilje. Det er langtifraa ikkje nok, at ein sjølv held seg burte fraa slik Ulivnad og t. D. er med i ei Avhalds- elder Sedugskapsforeining. Nei, kvar ein maa altid vera ferdug til aa opna Munnen og segja si Meining beint fram utan aa ræddast, naar Raaheit og Styggedom tek paa aa breida seg i Høgsetet.

 

Njædel Rorhaug.

 

 


Frå Fedraheimen 22.05.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum