Umskifte i Aandslivet i vaare Dagar.

 

(Del 8 av 9. Fyrste delen.) 

 

VI.

 

(Naturalisme. Den nyare Historieskrivning. Maalkunna og Folke-Politikken).

 

 

Det synest samstava godt med det franske Huglynnet detta, at Einskild-Mannen gjev seg under Aalmenningen, og at ein ofrar seg for ein stor Samfunds-Tanke. Den positivistiske Tru og Samfunds Skipnad høver med Grunntanken i Sosialismen (Heimssoga III S. 140-144), som og hev runnet paa fransk Grunn, og i Frankrike hev den nye Trui funnet fleire Dyrkarar, men utanfor Frankrike berre faae.

 

Ukunnuge Folk hev skuldat Positivismen for aa vera ”kristusfiendsk”, materialistisk, sjølvkjær, dyrka seg sjølv, hava laak Moral og vera sjølvstyrt; men dette er berre Faakunna.

 

Positivismen er, liksom Sosialismen, ikkje liberal aa kalla for helder. Han vil soleis ikkje hjelpa Kvinna fram jamsides med Mannen (Kvinne-Emansipationen).

 

Vitenskapen kann ikkje heiltut godkjenna den filosofiske Læra helder, som Comte tenkte ut, for Vitenskapen hev i dei seinare Aari tøygt seg lenger, enn Comte kunne hava ein Tanke um. Vitenskapen kann ikkje gjeva upp Voni um aa faa vita mykje, som ligg utanfor den inngjerde Ringen, der Menneskje-Samfundet bur, og han traar etter aa finna Grunnen til det, som me røyner og ser.

 

Men det held no dei fleste Vitenskapsmennerne med Comte i, at liksom visse Lovar styrer i Naturi, er det visse Lovar, som styrer i Menneskje-Livet med, og at me lyt byggja vaar Tenkning paa det, som me røyner med Sansarne vaare.

 

Det er soleis mange, som ikkje kallar seg Positivistar (det vil segja heiltut fylgjer Comte), men endaa er positive Filosofar, slike som den namnspurde engelske Filosofen Herbert Spencer. Han er med paa Læra hans Darwin, og han hevdar Einskild-Mannens Rett, slik som rimar seg best og med det engelske Folkelynnet. Mange av dei største Tenkjaranne i vaare Dagar trur det med, at den høgste Tanken i vaar Tid nettupp er den, at ein skal breida seg upp fraa ”Individ” til aa verta ei ”Personlegheit” (ein Mann med fullt utviklat Sermerkje), og at dette ikkje kann lata seg gjera utan i eit demokratisk Samfund. (Positivismen er ikkje demokratisk).

 

Dei nyare filosofiske Tankarne hev avlat fram ein ny Maaate i Bokrikje og Kunst, som dei kallar Naturalisme. Naturalistarne gjeng liksom Positivismen ut fraa, at der ingi Motsetning finst millom Natur og Aand, og at uforanderlege Lovar styrer Menneskje-Livet. Hine Diktaranne heldt seg mest til det fagre og storfellte i Livet, so Bokrikjet kunne vera til Pryda og Fagnad, men Naturalistarne hev til dessa mest skildrat Styggesidurne, som hine ikkje brydde seg um, og hev teket med alt, um det var aldri so fælt, og skildrar alt grundig som ein Vitenskapsmann, ytre Livs-Vilkaar, Eigenskapar, som ein hev fenget i Arv, so Lesaren fær sjaa Fet for Fet, korleis Manna-Livet utviklar seg. Difor hev mange av Bøkerne deira voret avskræmeleg stygge, og fer mykje med Sedløysa, Drukkenskap og alt det verste, som til er. Men dei vonar, at naar dei retteleg fær utgreidt desse Lovarne, so ein fulltut kjenner dei, daa fyrst er det tenkjande paa Umbot, som det er Mun i; daa kann ein finna Lækjedomen.

 

Det er Frankrike, som er Heimlandet aat Naturalismen og.

 

Historie-Skrivningi hev og komet inn i ei onnor Gate i vaare Dagar. Dei fleste Soge-Skrivarar no trur ikkje, at det er Tilfellet, som raar, men at Utviklingi gjeng for seg etter visse Lovar.

 

Ein segjer ikkje lenger no. f. Ex., at Norig vart eit Lydrike, for di Svartedauden herjad, Kongsætti sloknad, for di Kristjan den 2dre slo ihel norske Adelsmenner, Kristjan den 3dje var ein ”Skurk” o. s. b., elder at me i 1814 ”fekk Fridomen” som ved eit Under, som ei Gaave av den ”högsinte” Karl Johan. Men det var det norske Folket, som etter sin Givnad og dei ytre Vilkaar fyrst kom i Vanmagt og sidan tok seg gildt fram att, liksom eit Menneskje-Liv i det store.

 

Den historiske Vitenskapen hev og tøygt seg inn paa Umkverve, som fyrr laag heilt i Myrker. Ein hev no lært seg til aa tyda den gamle ægyptiske Skrifti, Hieroglyfarne, og kann fylgja den ægyptiske Soga, Konge etter Konge, so langt attende som umkring 3,900 Aar fyre Kristi Tider, og endaa kann me timja ei uendeleg lang Soge, som er endaa eldre, og ei uhorveleg lang Utvikling fyre den Tid. For det hadde hendt mykje i Verdi, fyrr Ægyptarne hadde stiget so høgt i Kultur, at dei kunne samla Ægypten til eit Rike.

 

Det hev gjenget her som elles. Naar me hev nærmat oss det, som me tenkte var den siste Grensa for menneskjeleg Kunnskap, so rømer denne Grensa langt undan, og Vitenskapen lyt granska seg endaa eit Leite lenger fram.

 

I Millomalderen samlad Kongarne Rikje liksom store Ættegods, slost og karad aat seg. Ulike Folk stod under ein Konge, og eit Folk var bytt millom fleire Kongar. So byrjad i vaart Aarhundrad Folke-Politikken (Heimssoga III S. 152). Det er fyrr fortalt, at med Romantikken vaknad Tanken um det folkelege. Dei for til saa finna fram Folkevisur, Æventyr og Segner og granska dei gamle Landsmaal, som hadde voret reint ukjende og mismætte i den Tidi, daa upplyste Menner i Tyskland talad Fransk, i Danmark Tysk og i Norig Dansk. Daa for dei til aa skyna og, at Landsmaali ikkje var skapte paa ein  Dag, men at dei smaatt um Senn hadde utviklat seg fraa gamle Maalformer; gilde Maalføre, som dei fyrr trudde berre var Herkemaal og ei Forvending av eitkvart Bokmaal, saag dei no var ættad fraa dei gamle Landsmaal. Under den store Revolutions-Striden og sidan under Napoleon, daa Marseillæsen let og Kongsstolarne gav Svigt, daa Fyrstarne lovad Umbot og kallad Folki til Vaapen, so føddest Folketanken. Daa Fyrstarne sidan ikkje hadde Bruk for han lenger og vilde kverka han, so kom Vitenskapen til Hjelp, so han aukad seg upp og vart sterkare. Folki vilde samla seg, dei som høyrde i hop, det gjekk som ”Havbrak i Lufti” med Revolution etter Revolution, det knakad i dei gamle kunstige Stengslurne, og sume brotnad.

 

(Meir.)

 


Frå Fedraheimen 22.05.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum