[Tidender.] Fraa Ringerike 28/6.

 

So godt eit Vedr me no hava. Det var seint i Vaar; det var some, som ikkje vart ferduge med Vaaronni fyr etter Kvitsunhelgi. Og so tok det til aa verta lite turrt, som det jamleg er her, allvisst paa denne Tidi. Men so fekk me Bløyte i dei siste 10_12 Dagar. Og paa nokre Dagar vaks Graset, fleire Tomar. Og baade Rugen og den andre Aakren stend no so gild, som ein kann ynskja seg. Det ser rett ut til, at Gud vil verta god mot oss i Aar.

 

Prestgardskommissionen hev vore i Hole no og skaare bort av Prestgarden so ein 3/5,om eg ikkje tek imist; der skal nok vera att kring 200 Maal av 500. Det vert nok so fine Gardar dei tvo nye skal verta. Kommissjonen hev verdsett deim til 15_16000 Kr. _der er ikkje Hus; paa den eine er nok Plassbygningar, men Husmaannen eig Husi sjølv. Herfraa hev Kommissionen reist til Sigdal; den andre Prestgarden her i Norderhov _kann han ikkje røyva; for den er nok gjeven til Menigheiti; Riket (elder Staten) hev soleis ingen Rett yver den.

 

Paa Hellandsmoen driv no Sollatarne paa med Marsj og Handsaming av Byrsorne og alt, som høyrer Eksisen til. Skjotingi gjekk det fort med i Aar, for dei hev stelt i Stand nye Skivor, som hjelper paa det. Dei er laga som ein Dubbelveng, som sviv rundt, ei papp-Skive paa kvar Ende; naar den eine Skiva stend uppe so stend den andre ner i ei Grav, der det og er ein Mann, som med ei Stong meller Skoti, sveiver Skiva rundt og bøter so etter kvart dei Hol, som Kula gjer i Pappen.

 

Om Jonsok-Kvelden var her Leik med Dans og Fyrværk. Hallingen synte, at han kunde gjera Kast. Strakst Eksisen byrja, var der ikkje mindre enn 3 Gutar, som fekk Lungesot, men dei vart gode att alle, og sidan hev det vore friskt _berre noko Forkjøling og andre Smaasakjer, ei Tylvt Hallingar fekk Kusma og fekk seg eit Sjuketelt for sjølve seg; ein Mann stakk Spirallen paa Ladstokken tvers igjenom Haandi si, so han kom ut att paa den andre Sida; men det er utrulegt, kor snart ho vart god att; Doktoran bruka Jod og Is.

 

Det snodigaste paa Moen er Kyrkja, elder ”Furuhallen”, som ho vert kalla, avdi det er Løitnant Hall, som hev stelt henne til. Ho er som ei Gryte djupt ner i Marki, ho er som eit rundt Teater aa sjaa til med Grasbenkjer rundt opp etter Sidorne; der er Sessar til 600 Mann, tenkjer eg. Der stend Tre upp etter, som giv nok lite Skugge mot Soli. Der hev no vore Preike kvar Heilagdag og some Tider elles i vel 3 Vikor, somen no skal Presten til Gardarmoen, so eg veit ikkje, korleis det vert heretter Dags.


k.

 

 


Frå Fedraheimen 03.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum