[Tidender.] Fraa Ullensvang.

 

Børve og Sekse Samtalelag hadde Møte Sundagen den 20de Juni. Samrøda gjekk um Maalsaki. Det vart vedteket aa senda eit slikt Brev til Skulekommissjonen:


Daa det meir og meir hev vortet eit Krav, at det norske Folkemaalet fær full Fridom og Rett jamsides med Bokmaalet, so framkjem me med Bøn til Skulekommissjonen, um at den gjev sitt Jaminne til, at Lærarar og Lærarinnur i Ullensvangs Prestegjeld fær bruka Austlids ABC i Skulen, naar Foreldri vil det”.


Tilslutt venda me oss til Samtalelagi med Uppmaning til aa verka for, at Austlids ABC fær brukast i Skulen. Det vil vera eit sant Vælgjerds Verk mot ein stor Yvermengd av Ungdomen i Landet.

 

Ullensvang, 22_6_1886.

 

Styret.

 

 


Frå Fedraheimen 03.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum