[Tidender.] Kyrkjesongar Edevart Liljedahl

 

er no for Tidi – segjer V. G. – sverande uppskrytt i ”det Jakob Sverdrupske Organ”. Og det fordi han er so lydug og snild.

 

Han skal hava godt for seg og framfor alt ha mykje Mod og Mannevilje. I Kiellandssaki iser gjekk det paa Livet laust. Han vart kringsett og klemd fraa alle Kantar, og hadde han ikkje voret den rauste Karen, han er, vilde det ha set stygt ut.

 

V .G. er nok ueinig med Liljedahl um eit og anna, men ha korso havt ganske gode Tankar um han. Han hev ikkje store Gaavur og slett ikkje gjort so mykje helder i si nokso lange Tingtid. Mange Stortingsbønder er betre enn han, endaa han paalag er ”Akademikar” han og – fraa Seminaren. Og Jakob Sverdrup kann klemma han, korhelst han vil, og til kva han vil. Ein Tingmann fraa Nordre Bergenhus treng helder ikkje vera so modig for aa røysta imot Diktarløn til Kielland. – Liljedahl var nok sjølv kann henda mest ansam og paa Livet. Han var stødt i eit hjaa ”Stormeistaren”, og der vart længe haldet Mynstring yver Flokken og snakka fram og attende um Voner og Tilhøver.

 

Nei,  V.G. ha tykt godt um Liljedahl av ein annan Grunn. Han høyrdest vera openhjartug og trurøkjen. Mange av dei andre paa den Sida var vist ikkje det.

 

Men Forgyllingi gaar av han no, naar det vert vitelegt, han og var med aa gjeva Garborg Reisepengar. I Tinget hadde han ikkje Samvit til det. Men privat gjekk det an. Kva slikt er for Slags Samvit?

 

Det er vel difor, det no er naudturvelegt basunera ut Bondekjærleiken sin paa alle Gatehyrnur. For Folk kunne hellest koma i Tvilsmaal um den.

 

Liljedahl korkje er held vert stor. Hovding bli han aldri. Millom blinde er den einøygde Konge. Og dei hatar Ljoset og Soli, dei.

 

l.


 


Frå Fedraheimen 03.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum