Fraa Naturriket.

 

(Del 3 av 4. Fyrste delen.)


(Or Nora.)

 

 

Dei smaa Ting i Naturi. No hev me Sol og Sumar. Du trivst ikkje lenger inne i den kvalme Stova di; for ute skin Soli, syng Fuglarne, viftar Vinden og smyg Makkar og anna Kryp; Marki stend grøn og gul og blaa av alle dei ymse Vokstrar, som gror der ute. Steinarne blenkjer i Solskinet, Graset angar, og dei smaa, væne Fivreld sviv fraa den eine Blomen til den andre. – Og du, som likar alt dette, kor kann du trivast inne i ei myrk Stova? Nei, ut maa du, upp – upp aa den næmæste Haugen for aa faa eit Yversyn yver heile Bygdi, upp i den næmaste Bjørkelunden for aa høyra paa Fuglesongen – elder du vinn deg berre ut i Hagen for aa kjenna Daamen og sjaa paa Vokstrarne der.

 

Men naar du tek Naturi slik i det store, vert du snart leid av henne. Det er liksom med eit Maalarstykkje, som du hev hangande paa Veggen i Romet ditt. Du hev seet so lenge paa det, at du kann det utanaat; du bryr deg ikkje lenger um det. Det gjeng vel endaa an ei Stund um Vaaren; for daa hev du lengtat ein heil Veter etter Livet i Naturi; men naar det lid noko ut paa Sumaren, vert det so kvardagslegt altsaman, at du ikkje lenger uppdagar det væne, som er til aa sjaa.

 

Eg vil ikkje raada nokon fraa aa sjaa paa Naturi slik i det store; men vil du stendig hava Glede og Hygge i henne, so sjaa paa henne i det smaa ogso. Sjaa paa Steinarne, Vokstrarne og Dyri, sjølv dei minste og veslaste; spyr so deg sjølv fyrst, korleis er dei danad, og dernæst, kvifor er dei danad slik? Fyrr i Tidi hev Naturforskaranne serlegt lagt seg etter det fyrste av desse Spursmaal (Anatomi); i den seinare Tid hev dei ogso grundat paa det siste (Fysiologi). Det er Darwins Utviklingsteori, som hev gjort dette. Darwin meinte, at dei Vokstrar og Dyr, som me no ser i Naturi, hev utviklat seg fraa andre og simplare Former, som livde fyrr i Tidi, og at det er Utviklingi av sereigne Eigenskapar, som hev gjort, at desse nolivande Former liver og trivst, og at dei gamle, som vantad desse Eigenskapar, no er utdøydde. Skal ein Vokster elder eit Dyr liva paa ein Stad, so lyt dei utvikla seg slik – verta slik danat, at dei kann liva og trivast i dei Naturhøve, som finst paa denne Staden. Det er sameleis med Menneskja; ho kann ikkje hjelpa seg med same Klednaden paa Grønland som i Afrika. Ein Vokster, som veks i ei Myr, er ikkje so danat, som ein, som veks paa ein turr Haug;men det er ingen Ting i Vegen for, at ein Vokster, som no stend i ein feit, god Aaker, med Tidi kann koma til aa trivast baade i ei Myr og paa ein turr Bakke. Men det skal lang Tid til dette; Vokstren lyt noko etter kvart venjast til aa trivast paa sine ymse Voksestader. Det er ved denne Venjingi, at dei sereigne Eigenskapar og Organer kann utviklast. Naturforskaren lyt altso no kunna visa, ikkje berre korleis kvar Skapning ser ut og er danat; men han lyt ogso finna dei Lovar, som hev verkat, at Skapningen vert slik, som han no er.

 

Me gjeng ut ifraa, at ein Skapning ikkje hev andre Eigenskapar og Organer enn dei, som han hev Nytte av, og so spyr me: ”Kva Nytte hev dette Dyret elder den Vokstren av dette elder hitt Organet, av den elder hin Eigenskapen”.

 

Me skal sjaa ein liten Grand paa Vokstrarne. Fyrst vil me leggja Merkje til, kor dei økslar seg. Ei Øksling elder Formeiring kann ikkje koma i stand i Naturi utan ved Blanding av Saad av eit Hanslag og eit Hoslag (dei allralaagaste Sopparne, Bakteriarne, er herfraa eit Undantak, daa ein enno ikkje hev uppdagat, at dei hev parrat seg). Men Han og Ho sit oftast i same Blomen (tvikynnad Vokster); sjeldnare sit dei i sereigne Blomar (eitkynnad), anten paa same Vokstren (Einbu) elder paa ymse Vokstrar (Tvibu). Som Døme herpaa kann eg nemna: Soleia er tvikynnad; Humblen og Brennenetla og dei fleste Tre er eitkynnad; derimot er den mindre Brennenetla (urticaurens) og Bjørki Einbu, men Humblen, den store Brennenetla (u. disca) og Eineren Tvibu.

 

Tak t. D. Blomen av ei Soleia. Du vil daa i Midten sjaa nokre smaa Uppstandarar med ein Knurp i Enden (Støvdragarar). Det er Hanslaget, og i desse Knurparne samlar der seg ei fin Dumba (Støv), som er Hansaadet. Riv du no Støvdragarne vekk, so stend det att midt i Blomen ein enskild Uppstandar (Griffelen), som nedantil botnar i ein større Knop elder Knut (Fruktknuten) og ovantil endar i ein liten Knurp (Arret). Det er Hoslaget. Hosaadet elder Eggi ligg nede i Fruktknuten, og no gjeng Parringi soleis for seg, at Dumba fraa Støvdragaranne skal koma paa Arret; der tek ho til aa spira og veks nedigjenom Griffelen og ned i Fruktknuten; so vert Eggi tidde, og der danar seg Fræ, som nye Vokstrar kann veksa upp av. Men Eggi i Fruktknuten kann sjeldan verta tidde av Hanstøv av sameBlomen. Det er berre stundom i Naudsfall, at slikt kann ganga for seg; men daa vert ogso Avkjømet ringare, enn naar Eggi vert tidde av Dumba fraa ein anna Blom. Derav ser me ein Lov, som me finn att yveralt i Naturi, den nemleg, at Parring millom Slegtningar anten vert frukteslaus elder Avkjømet vert kleinare enn Foreldri.

  

Men, spyr du, korleis kann Dumba fraa den eine Blomen koma yver til den andre? Jau, det kann gjerast anten av Innsekti elder av Vinden.

  

Ein kann meste sjaa utanpaa ein Vokster, korleis Tidingi gjeng for seg. Blomarne paa dei, som vert tidde ved Innsekti, peikar seg nemleg ut ved fagre, avstikkande Fargar, gule, kvite, blaa elder fiolette. Dei, som vert tidde med Vinden, hev aalment mykje Dumba og Blomarne peikar seg lite ut i Farge fraa dei andre Delar av Voksteren. Innsekti er til stor Nytte; dei set seg paa Blomarne for aa suga Honning, men Honningen utviklast i nokre smaa Kjertlar nedpaa Botnen av Blomen. Naar so Innsekti skal faa Tak i den, kjem dei til aa rugga paa Støvdragaranne, og noko av Dumba festar seg paa dei. So flyg dei til ein annan Blom, og daa fell noko av den Dumba, som dei hev paa seg, ned paa Arret, og Blomen vert paa den Maaten tidd.

 

Du hev vel seet, kor det ryk av Eineren og mange andre Vokstrar, naar du ruskar i dei um Vaaren. Det er den Dumba, som er etlad til aa fjuka med Vinden burt paa Ho-Blomarne.

 

Det kunne vera trøysamt aa snakka meir um dette; men eg heve denne Gongen berre viljat peika paa det, for at du sjølv kunne læra deg til aa leggja Merkje til dei smaa Ting i Naturi ogso. Ein annan Gong skal eg nemna fleire slike Smaating i Voksterriket, som ein sjeldan bryr seg noko um, minders det vert peikt paa.

 

 

K. O. B.

 

(Meir.)

 


Frå Fedraheimen 03.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum