Hr. Bladstyrar!

 

I eit Nr. av Fedraheimen, som eg nyst har fengi tilsendt, ser eg, at det er ein Fyr, som har havt Moro av aa skamskjella meg for ei Melding, som eg for ei Tid sia skreiv i Nyt Tidsskrift.

 

Daa eg skreiv denne Meldingi, tenkte eg, at dei som ikkje forstod ho, fekk lata bli aa lesa, og Meldingi skreiv eg, fordi eg hadde fengi Boki til Melding fraa Forfattaren.

 

Det ser ut, som um Innsendaren i Fedraheimen  helst sjølv vilde ha meldt Boki i Nyt Tidsskrift, og det er mykje syrgjelegt, at han ikkje fekk Høve til det; men no er det for seint. Han har elles eigentleg ikkje so mykje mot Meldingi aa segja; det er mest mot den, som har skrivi ho. Han laast ha god Greie paa, kven eg er og kva eg veit og ikkje veit og daa freistar Gong paa Gong aa draga meg fram for aa gjera meg til Laatt og Løgje og brukar daa Dikt og Lygn og kva han finn for godt.

 

Eg vil ikkje gjeva meg til aa svara paa alt dette, han har skrivi mot meg. Det vilde det ikkje vera noko Gagn i korkje for meg elder nokon annan.

 

Men for aa visa kva den ærade Innsendaren er for ein Kar, skal eg draga fram eit Par Upplysningar. Eg skal ikkje blanda private og uvedkomande Ting inn i Saki.

 

Dei Upplysningar, som Hr. l. n.  ikkje er nøydd med i Meldingi mi, kjem fraa Hr. Sauerwein sjølv, so eg trur dei borde vera gode nok jamvel for ein slik Kar som l. n. _og dei Upplysningarne hev han sjølv gjevet meg for ein stor Del.

 

Um eg kann rysk elder ikkje, kjem ikkje Bokmeldingi ved, sovidt eg kann forstaa. Det vilde vist gjera Hr. l. n.  mykje vondt, um eg kunne rysk. Kann det vera han til noko Glede, so skal eg fortelja, at det ikkje er meir enn fjorton Dagar sidan, og kom fraa Ryssland. So mykje rysk kann eg daa iminsto, at eg veit, at eg aldri har sitera noko rysk i Meldingi mi og ingen andre Stader helder, so vidt eg veit. Er Hr. l. n.  nøgd med det? Kanskje eg kann lite meir rysk ogso, um det knip. – Men det skal me ikkje slaast um. Kann ikkje Hr.l. n.  sjaa, kva Maal, det er eg siterar, so gjer han best i aa tegja med sin Visdom i so Maate.

 

Deretter fortel Hr. l. n. Fedraheimens  lesarar, kor mykje nygresk eg kann, for det laast han au ha god Greide paa. Eg veit ikkje kor mykje nygresk Hr. l. n.  kann, men stort kann det ikkje vera, elles hadde han væl set etter, kor det hadde seg med denne Visa. Kanskje Hr. l. n.  korkje har set gamalgresk elder nygresk.

 

Dr. Sauerwein hev, um eg ikkje misminnest, sjølv i ein merknad nede paa Sida upplyst um, at Visa er usmett etter Minnet. So det  gjekk det an aa vita for Hr. l. n.  og, um han aldri hadde set Grunnteksti. Naar so Dr. Sauerwein tilmed sjølv hev sagt meg, at Visa ikkje er ordagrant umsett, so lyt det væl vera rett. Det stend elles i ein Merknad nedunder paa Sida, kvar Grunnteksti finst, so alle som vil kann sjaa etter.

  

Innsendaren gjev seg ut for aa vita meir enn meg. Han veit ogso, segjer han, kor mykje eg kann av Maalføri i Gudbrandsdalen. Eg for min Del kann i so Maate upplysa, at Hr. l. n.  ikkje hev det Gran Greide paa dette like so lite som paa alt det andre, han hev framstelt for aa bruka som Motlegg mot meg.

 

Han upplyser ogso ein heil Del anna – at eg er Bystudent o. s. v., o. s. v. mykje, som eg ikkje kann forstaa. So mykje forstend eg lell av det, at det ikkje har komi inn paa rett Plass i ei Bokmelding.

  

I det heile kann ein lett sjaa paa den ”Meldingi”, som Hr. l. n.  har sendt inn i Fedraheimen, at det er honom meir um aa gjera aa koma meg personleg til livs enn aa skriva ei rosande Melding av Dr. Sauerweins Bok. For eg hev prisa Boki lika so mykje som Hr. l. n.  Heile Bokmeldingi hans er eit personlegt Utfall mot ein namnlaus Bokmeldar, som han vil freista aa draga fram or Namnløysa og søyla til med Hædingsord.

 

Eg trudde ikkje, Fedraheimen  hadde Bruk for slike stygge Innlegg.

 

Noko nytt Motlegg fraa Hr. l. n.  i denne Saki svarar eg ikkje paa, baade avdi det lite gagnar, og avdi eg for Tidi er utanlands og hev vondt for aa fylgja med i Bladi.

 

 


Frå Fedraheimen 03.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum