Rispur.

 

 

Dei tvo reisande og Bjørnen. Tvo Ferdemenn gjekk paa ein Veg, daa dei møtte ein Bjørn. I si store Rædsla kleiv den eine uppi eit Tre for aa gøyma seg utan aa tenkja paa sin Ven. Daa denne saag, at det ikkje var noko Raa daa koma undan, kastad han seg ned paa Jordi, og laag som livlaus. For han hadde høyrt, at Bjørnen ikkje røyvde nokon daud Mann. Ja, Bjørnen kom burt til honom og byrjad snusa paa Nosi, Øyrorne og Hjartat hans. Men Mannen heldt Pusten, og Bjørnen, som trudde, han var daud, gjekk sin Veg. Daa Bjørnen var komen væl utav Syne, steig han i Treet ned og spurde Venen sin, kvat det var, Bjørnen hadde kviskrat til han. ”For eg saag, han sette Munnen tett inn aat Øyrat dit”. _”Aa, svarad den andre, ”det var ikkje noko vidare; han berre bad meg vara meg for slike, som svik Venom sine i Faaren”.

 

 

Haren og Hunden. Ein Hund jagad ein Hare, som var eit Stykkje fyre han. Haren vann og kom seg undan. Ein Sauegjætar, som kom til, gjorde nar av Hunden for det, med di han sagde, at Haren var den likaste aa renna av dei tvo. ”Du gløymer”, sagde Hunden, ”at det er einTing aa renna fyr Middagen sin, ein annanaa renna fyr Livet”.

 

 

Ulven paa Sottesengi. Ein Ulv laag i Baneriom aa kastad eit granskande Blikk attende paa sit Liv. ”Visseleg er eg ein Syndar”, sagde han; ”men eg trur, eg ikkje er av dei verste. Eg hev vel gjort nokre vonde Gjerningar, men so hev eg daa ogso gjort ein god Deil gode. Soleis minnast eg, at eit litet Lam eingong hadde villat seg burt fraa Flokken og var komet meg so nær, at eg snøgt kunde drepet det; lell gjorde eg det ikkje noko vondt. Ved same Tid høyrde eg med eit Heilagmennes Tolmod paa Hædingi fraa ein Sau, enndaa der ingen Hundar var, som eg kunde vera redd”. _”Og eg kann vitna alt det der”, sagde Reven, som heldt paa aa bu han til Dauden. ”Eg hugsar det alt mykje væl. Det var den same Tid, daa du var mest kvavnat av Beini, som den snilde Trana plukkad ut av Halsen din”.

 

 


Frå Fedraheimen 03.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum