Talemaatar.

 

Naar Bonden talar, so kjem han med Talemaatar, untakan han gjeng med paa Diktarløn til Kielland. Akta deg for Talemaatar, segjer Arne Garborg, det er som um Ludvig Daae kom med: ”vogt dig for Stikordene”. Det er Ordet ”Bondekultur”, som gjer Arne Garborg arg og mistruen. Bondekultur, for ein Talemaate! for ein diger Frase! So vert Skomakarkultur, Husmanskultur o. s. b. set paa Sida. So ser me alle, kor det tek seg ut. Det var eit godt Paafunn. Arne Garborg er ingen Undermaalsmann, ingen Heimføding; han hev visst Lov til aa gjeva seg sjølv Attest for, at han ikkje er det. Og det lettar svert, naar ein berre hev europæisk Kultur, so kjenner ein seg ikkje so liten og rædd, ikkje liten mot den minste Student; var det seg likt.

 

Med Ordet Bonde meiner visst Garborg ein, som eig ein Gard. Han hev gløymt, at me er eit Folk af Bønder, og at det aa vera Bonde igrunnen vil segja aa vera norsk. Ellest vilde han ikkje snakka um Husmanskultur og det, som han ellest reiknar upp um Standskultur. Og so var det den aalmenne Kultur, som er aalmenn Aandsutvikling. Den, som stengjer seg ute fraa Europa, ikkje er ”europæisk”, er dermed utestengd fraa den ”moderne” Kultur, fraa den Aandsutvikling, den Vitskap, dei Tankeformar, dei Kunstformar, som Mannaheimen i det heile hev naatt upp til, so det etter dette ser ut for, at den aalmenne Kultur, som ikkje er i nokon Mann, ikkje er i nokon Stand, helder ikkje er i noko Land, men i den Verdensdel, som heiter Europa. Du lyt til Europa Ola med det fyrste. Europa, segjer du, kor er det, er me ikkje i Europa? Nei ser du, det er ikkje so aa forstaa. Eg meiner, du lyt lesa Aleksander Kielland og dei andre ”norske” Diktarar, so kjem du til Europa, so er du ikkje noko so simpelt som Bonde, Husmann, Skomakar, nei daa vert du det, som du kann verta, kjem du so høgt i menneskjeleg Aandsutvikling, som du kann koma. Og so fær du Attest hos Arne Garborg for, at du ikkje er nokon Undermaalsmann elder nokon Heimføding. Det er betre det enn examen artium. Daa kann du arbeida deg upp til høge Tillitspostar og sitja i Tinget som likso ”europæisk” og ”aandsaristokratisk”, som ein Akademikus kann vera, helst um du hev voret i Paris. Og det beste av alt er, at daa vert du so norsk og kjem til aa høyra til den norske Nasjon.

 

Det er sant, ein maa verta arg og mistruen, naar ein høyrer Talemaatar som ”norske” Diktarar, ”vaare” Diktarar. Det er som du skulde høyra Bondekultur. Nei, fyrst europæisk, so norsk, elder: fyrst dansk, so norsk, ja det var no ikke nettupp so helder, men ved aa arbeida deg upp, høgt upp i menneskeleg Aandsutvikling, ved aa lesa ”vaare” ”norske” europæiske og aandsaristokratiske Diktning paa dansk, vert du deg sjølv, sjølvstendig. Me hev berre ein sjølvstendig Mann paa Tinget her fraa Romsdalen, som vilde gjeva Kielland Diktarløn. Tru ikkje det skulde vera lettaste Maaten aa verta sjølvstendig paa, aa gjeva Diktarløn til danske Diktarar? Jau daa vert me visst so norske og sjølvstendige. _

 

Men kor er det ein lærer alle desse stygge Talemaatar? Eg tenkjer, det er i Svarteskulen: Bonden lærer oss ikkje Talemaatar, han hev anna aa gjera. Etter Segner og Minningar fraa gamall Tid var Svarteskulen i Tyskland, kann henda han no er flytta, elder at der no er fleire, det er ikkje so aldeles umogelegt, at der ogso kann vera ein i Frankrike, helst i Paris. Det er ikkje godt aa vita. Kor um alting er elder ikkje, so lærer ein Talemaatar paa Svarteskulen; der trur dei paa noko, som heiter endelaus Utvikling, det skal verta ein slik gild Talemaate, for der er to Slag av Talemaatar, som der er to Slag av Bønder paa Tinget. Sume Talemaatar er Ord, som berre er Ord, men ser ut som Tankar, andre Talemaatar er _ja lat oss segja: Ord, som berre er Tankar, men ser ut som Ord. Dei fyrste lærde ein paa den gamle Svarteskulen, paa den ”moderne” lærer ein dei siste. Her ein ein: naar me utviklar oss fraa det me er til europæiske, so vert me fyrst det me er, ja det er ein endelaus Utvikling, me lyt altid byrja uppatt, fyrr me kjem lenger. Dette kann sjaa lite rart ut, men det høyrer med til den moderne Kultur og er i grunnen det høgste Stig i Kultur. Paa denne Maate vert ein aandsfri, aandlaus, tanketom; difor er Talemaatarne deretter, det vert Ord, som berre er Tankar, men ser ut som Ord: Ja naar ein finn slike Ord, so treng ein ikkje tenkja, det gjeld berre Formi, so hev ein Kulturen og dermed ein Talemaate, som ingen annan forstend enn dei aandsfrie. Difor vert deira Sanning sjeldan meir enn 20 Aar gamall, det er det meste, so lyt ho skifta Hamen, Formi, Kulturen lyt vera moderne, helst Parisarmode.

 

Ellest er no den moderne Svarteskule i mykje lik den gamle. Begge vil ikkje, at me skal byggja det nasjonale Liv paa Bondelivet, paa det gode, som der finst; me skal ikkje fyrst og fremst læra aa tenkja og tala norsk og soleis læra oss til aa verta naturlege i god Forstand, men me skal med eingong med vaar Knoting og vaare Talemaatar fraa den gamle Svarteskule hoppa ut or vaart eiget Hus og inn paa den moderne Svartskulen og læra dei moderne Talemaatar, so vert me so norske. Eg synest sjaa det! Ei Tid var her so mykje Snakk um aa verta ”Skandinav”, um ”Skandinavisme”, no er det for lite. No lyt du verta europæisk, um det skal vera noko tess. Ja du skulde aldri ha tenkt, at danske Diktarar, som skriv paa dansk um vaart fordanska Byliv, skulde heita ”vaare” og ”norske” Diktarar, berre av di dei er fødde i Norge. Endaa Fedraheimen gjeng med paa ein slik Talemaate fraa Svarteskulen. Er det kann henda Meiningi, at det er so svert bra for det norske, det verkeleg norske Folk, vaart Landsfolk, for Bonden i vaart Land i Bygd og By aa lesa paa dansk um dansk elder skandinavisk elder europæisk Byliv? Dermed vert visst ikkje Bonden svert norsk elder nasjonal, men dermed vert han unaturleg og europæisk. Naar me no snart fær vaare Lesebøker i Landsmaal, kor gjeng det daa med ”vaare” diktande Aandar. Kormykje fær me der sjaa til Dømes av Kielland? I Danmark, i Europa, utanfor dei norske Bygder vil ”vaare” Diktarar kannhenda liva upp til 20 Aar i Folks Minne, lenger kann det vel ikkje vara, naar Sanningi deira ikkje liver lenger. Men vaart Landsfolk vil snart gløyma ”vaare” Diktarar, av di desse ikkje betre forstod si Tid, sit Folk og det verkeleg norske enn, at det galdt um aa forsyna oss med europæiske Talemaatar i det danske Maal. Det var ikkje so lenge sidan, det var so gildt aa ha leset Gresk og Latin, dei som ikkje forstod Latin var ”raabarka”. Men so vart Gresk og Latin riven av Høgsete i Kulturen, og det varde ikkje lenge, fyrr dei fann paa noko istaden, som kunne gjera Folk viktige og store i eigne Tankar: ”aa lesa og forstaa ”vaare” Diktarar”: Dei greske og latinske var ikkje vaare, det forstod me alle, men so kom ”vaare” paa dansk med den sonemnde europæiske elder moderne Kultur, so kom Aandsaristokratarne, etter at ”Herrarne i Aandsriket” hadde spela fraa seg, daa kom dei ”aandsfrie” og var likso um ikkje meir kry og kaute paa det, av di dei hadde lest Ibsen, Bjørnson, Jonas Lie og Kielland. Det var noko anna det en Horats, Cicero, Virgil og Homer, maatru. Begge Slag av Aristokratar er like i aa sjaa ned paa Bonden, sosnart han ikkje gjer, som dei vil, sosnart han røystar mot dei, sosnart han ikkje er ”sjølvstendig” for ein diger Frase!

 

Enno eit lite Ord um Politikk. Me hev no, som alle veit, Høgre og Vinstre. Vinstre er delt i ”reine” Vinstremenn og ”Oftedøler”: Reine er dei, som les ”vaare” Diktarar og vil ha Diktarløn for Kielland, dei er aandsfrie, fritenkjande og slikt. Kvi kallar dei seg ikkje etter Ullmann, naar dei kallar oss andre ”Oftedøler”? Oftedal og Jakob Sverdrup ligg visst meir i Vegen for dei reine Vinstremenn, enn Talemaatarne, so leide desse enn kann vera. ”Frie Tankeveger”, burt med Talemaatarne, ingen hev Lov til aa tenkja som Oftedal og Jakob Sverdrup! det er Program. – Etter mi Meining og etter den Bondekultur, som eg er komen til, og som skal vera eit laagare Stig i Kultur, so er Oftedal og Jakob Sverdrup mykje meir til Bate for det norske Folks Utvikling i det, som er godt og sant, enn alle sonemnde ”vaare” Diktarar. Og Vestlandsposten– Etter mine Tankar – verkar meir til Gagns for vaart Folk enn Verdens Gang, Kristianiaposten og Dagbladet. Det var, um eg ikkje misminnest, Verdens Gang, som kom med Programmet for siste Stortingsval: ”Tillit til Johan Sverdrup”. Den Tilliten den var god. Daa den verkeleg folkekjære Mann Johan Sverdrup ikkje vilde tala for Diktarløn til Kielland, daa – ja du er ikkje vaar Mann lenger. Ved næste Val fær me sjaa i Verd. Gang: ”Tillit til Viggo Ullmann”, elder kann henda me no vert fri for Talemaatarne. Dei ”reine” Vinstremenn hev klaga yver Vestlp., at han held med Høgre og smigrar so for Bonden og er so utaalsam, so intolerant. Dei reine Vinstremenn bør akta seg for Talemaatarne, at dei ikkje sjølv vert lik Høgre i Tenkemaate. Lat oss endeleg verta fri for Talemaatar: som dei ”reine” verkar meir for sann Kristendom og er betre Kristne enn ”Oftedølerne”. Det minner oss um Høgre. Og naar alt kjem til alt er det ikkje Fritenkjarne, som sit inne med den høgste og beste Kultur helder. ”Vaare” Diktarar hev vist ikkje skrivet mange Bøker, der me ikkje er nøydde til aa lesa Banning og Svering. Det kann ikkje nytta, um dei orsakar seg med, at det berre er Talemaatar elder Herming etter stygge Folk. Eg vil segja um Bøker, som hev mykje av Bannskap, dei høyrer ikkje til eit høgare Stig i Kultur enn Bondens, ja ikkje til eit so høgt eingong, for Bonden er meir og meir slutta med aa banna og sverja, All den Banning og Svering, som er i den ”europæiske” Diktning, minner oss so livande um den moderne Svarteskule, den kann paa sin Maate løysa den Vonde, den kann ikkje binda han.

 

Aukra den 9de Juni 1886.

 

Alf  Baartveit.

 

 


Frå Fedraheimen 03.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum