Tidender.

 

Kristiania, den 2dre Juli.

 

Oddm. Viks Skule. Presten von der Lippe fraa Tjømø gjekk Berserkergang paa Amtstinget i Jarlsberg for aa faa Amtstilskotet til Viks Skule avteket. Og han fekk det til. ”Oftedølen” Tingelstad fraa Sande hjelpte honom. Han røystad imot iaar. Det er vonlegt, at Vik ikkje let seg skremma av dette. Paa denne Maaten hev han mist Tilskot fraa Staten og, men kann henda han lell ser seg god for aa fortsetja. Vestfold kunne trengja det. Folket der hev noko tungt for aa koma med, men sig sagta etter noko med kvart, sig langsamt og stødt, sig med Tyngden framyver, fær me tru.

 

 

Ullmanns Skule. I Bratsberg Amt prøvad dei og gjera noko liknande. Ullmanns Skule likar mange ikkje. Der er baade Høgremenn og ”Oftedøler” og andre, for det me veit, som ser seg ille paa Skulen i Seljord. Der hev voret sagt, at Folk ikkje toler, at nokon veks upp yver Mengden. Der er mange gjæve Menner, gasta Bønder so til Heimebruk, men ikkje for vide Krinsar, ikkje for heile Landet. Ullmann rekk høgt og ser vidt, kva Folk heldest kann ha aa segja paa han. Det gjekk ikkje med aa negta til Skulen hans. Tvo av Amtstingmennerne vilde og negta til Amtsskularne, kanskje for lettare aa naa Maalet. Men ein kom like til med Framlag um aa negta til Ullmann aaleine. Alle Skularne fekk.

 

 

Kuløy’s Skule. Kuløy held Høgskule titt med Levanger heretter. Der skal hna ha kjøpt ein Gard og vera tenkt – forutan aa faa fast Bustad til Folkehøgskulen – ta med Upplering i Jordbruk. Til dette siste hev han og fenget Pengar av Amtskassen, Kr. 350.00.

 

Hellest melder Trøndelagens Avisur, at der i Aar vart gjevet til Høg- og Amtsskularne deruppe sam- og einrøystes det, som vart umsøkt.

 

 

Reine” Vinstremenn. Dei segjer, at Oftedølerne skal vilja faa ut or Tinget neste Val desse her nemnde Menn som faarlege: Direktør H. Berner, Sakførar Blehr, Odelstingsformann Konow (s. B.), Landsdomar Thomesen, Ullmann, Albert Jakobsen, Landsdomar W. S. Dahl, Sakførar Mustad, Advokat Engelhart, Godseigar Konow (H.), Øversteløytnant Hjort, Sakførar Nikolai Sørensen, Rittmeistar Holst, Sokneprest Wexelsen, Sakførar Moursund og Landsdomar Qvam.

 

 

Bergensjarnvegen. I desse Dagar er dei reiste herfraa Kristiania dei Menn, som skal fara langs med Kristiania-Bergensjarnvegen skal verta. Statsraad Astrup er med. Heldest er det Segelcke, Engelstad, Lunde, Lindstøl og Lysgaard. Herfraa gjenom Gjøvik-Odnes- Valders-Gudvangen og til Bergen. So attende fraa Bergen – Voss – Eide – Eidfjord – Hardangervidda – Hallingdal – Soknedal og Hønefoss til Hovudstaden.

 

Arbeidsministaren sjølv er altso med. Og so er det dei mest kunnuge og dugande Jarnvegsfolk i Laget. Det torde no snart ta til ljosna for Bergensjarnvegen. Og det er ikkje fortidlegt. Den skulde for lenge sidan voret bygd. Men Folk hev ikkje vilja høyrt paa det Øyra.

 

 

Kristianssands Seminar. Styraren Marstrander, Læraren Skjefveland og Skulemannen i Kyrkjedepartementet D. F. Knudsen skriver no so mykje mot og for kverandre um Gredurne ved Kr.sands Seminar, at der er korkje Upphav held Ende paa det. Diso kann Fædrelandet ikkje taka inn noko av alt dette, endaa det gjerna hadde vilja det. Men les, um du vil sjaa det, særlegt Kristianssands Tidende, segjer Fædrelandet.

 

 

Amtsskulemøte. Fraa 5te-7de August Amtsskulemøte her i Staden. Dei er tenkt ha for seg desse Emni:

 

1. Amtsskulens Fyremaal og Skipnad.

2. Undervisning i Morsmaalet.

3. Undervisning i Sogaen.

4. Undervisning i Naturfagi.

5. Amtsskulelærarens Innsetjing og Retts-stelling.

6. Amtsskulen og Tids-rørslur.

 

 

Budstikken. Dette Novemberorganet, som fyrr hev komet ut tri Gonger um Vika, kjem heretter berre tvo Gonger.

 

Det gaar tilatters med dei gamle Gudar”!

 

 

Missjonsskipet Paulus”. ”Paulus” siglde fraa Stavanger den 26de Juni beint til Madagaskar med ein Gong. 20 Menneskjor reiste med, og dei skal alle til Madagaskar. Det var Prestarne Rosaas og Egenæs med Konur og Born. Fruva Røstvig med Born. Kvendi Eckhoff og Nedland, som begge skal vera Lerarinnur i Antananarivo – Hovudstaden paa Madagaskar. Og Kvende Tomesen.

 

Der var Lag for dei strakst fyrr Avreisi. Missjonsskulens Forstandar, Schønning, sa Vælfar til dei, som reiste, og til Mannskapet umbord. Egenæs sa Vælfar og Takk til dei her heime. Til slutt talad kand. theol. Gierløw, Missjonssamlagets Skrivar (Sekretær) eit Ord til Uppmaning og lyste Guds Fred yver Skipet.

 

 

Nordlandsjarnveg. Nordre Trondhjems Amtsting hev gjevet 3000 Krunur til aa granska væl ut Lændet for Nordlandsbanen millom Stjørdalen og Namsos.

 

 

Gravstein yver P. Chr. Asbjørnsen. No er Stytta yver Asbjørnsen reist. Det er paa vaar Frelsars Gravlund her i Kristiania, paa ein berrsynt fager Stad, paa ein Haug ovanfyr Gravkapellet. Det er tett der attmed Henrik Wergeland og Ole Vik ligg og. Steinen er paalag som dei gamle Bautasteinar, høg, noko tunn og inkje vidare fila og pussa paa. Berre nokonlunde væl tilhoggen. Asbjørnsen vilde ha den soleis, sa han, med han livde. Den er 9 Alner yver Moldi. Paa eine Sida er den so mykje sletta paa ein liten Firkant tvers yver, at Namnet hans kann staa. Og det er skrivet med upphøga Bokstavar:

 

PEDER CHRISTIAN ASBJØRNSEN.

 

1812-1885.

 

 

Kristoffer Jansons Unitarkyrkja. Kristoffer Janson trur, der berre er ein Person i Guddomen. Dei, som trur soleis, kallast Unitarar. Han er Prest for slike i Amerika og bur i Minneapolis. Tvo Reiser hev Kyrkja hans blese i Venda, no nylegt og for eit Par Aar sidan. Den siste Kyrkja kostad 10,000 Dollars. – Han, som skriv dette til eit norsk Blad, meiner, det er ei Guds Straff yver Janson, fordi han som norsk theologisk Kandidat kunne gjera noko so galet som aa forføra Landsmenn der burte til ei slik Tru og Læra.

 

 

Kong Luiz I av Portugalskal i Sumar vilja sjaa seg um her i Nordlandi, Danmark, Sverig og Norge.

 

 

Prins fraa Japan. Nyleg kom der ein japansk Prins til Stockholm. Kongen ga han Middagsmat paa Slottet Drotningholm. Prinsen er yngre Bror av Keisaren i Japan. Han er godt kjend i Frankrik og Tyskland, for han hev i dei tvo Landi lagt seg etter Militærkunna. Han er liten av Vokstr, er myrk i Hudi, hev svart Haar og heiter Sadanaru Tushimi.

 

 

Nye Val i England. No klemmer dei paa i England um Dagarne med Vali. Høgre og Vinstre og andre politiske Partier er um seg. Hovdingarne for rundt og held Talar fort vekk. Dei set fram sine Valupprop. I England steller dei seg sjølve til Val i den held den Valkrins, og so kjem dei og talar for Veljaranne sine. Parlamentet vart nyst sluttat, og nyt Val skulde fremjast, for at det kunne visa seg, kva Folket vilde i det irske Spursmaal. Gladstone er frisk og vonfull som ein Ungdom og talar betre enn nokon Sinne fyrr, segjer Bladi. Midt i Juli er Vali ferduge.

 

Mange av Gladstones gamle Lagsmenn kann og vil ikkje fylgja honom i hans irske Politikk. Iser gjere det honom vondt, at den fridomshuga og gjæve John Bright slær seg fraa han. Men Gladstone hev korso gode Voner um Siger. Det er Irlands Rett, han kjempar for. Irland hev no lenge nok, segjer han, lidet under Englands Vald og Trykk, at det treng faa Letting med det fyrste. Gladstone er sagta den største Statsmannen no for Tidi. Han hev Hjartelag og han. Bismarck hev eit Steinhjarta. Dei kallar honom Jarn- og Blodmannen.

 

 

Dei franske Prinsarne. Frankrike hev jagat paa Dør desse Prinsar:

 

1. Ludvig Filip Albert, Greve av Paris, fødd i 1838, Soneson av Ludvik Filip, som i 1848 vart hivd ned av Kongestolen,

2. ældste Son hans, Ludvik Filip Robert, Hertug av Orleans, fødd i 1865.

3. Napoleon Josef Carl Paul (Son av Jerome, under Napoleon Konge i Westfalen), fødd i 1822, gift med Syster av Kongen av Italien,

4. ældste Son hans, Napoleon Victor, fødd i 1862.

 

 

Mange trur, at denne Utjagingi ikkje vil føra so mykje godt med seg, som dei vonar. Folk spaar Frankrik Uro og Umvelting snart, so der anten vert Konge- held Keisardom. Dei styrande hev her gjenget for langt, tykkjer dei.

 

 

Island. Vinstre hev sigrat i Valet til Altinget paa Nord- og Austlandet. Mange fleire hev møtt fram til Vali eno enn fyrr. Til Dømes 400 Veljarar mange Stader, der det fyrr var berre ein 300 o. s. b. Vinstre hev oftast havt 2/3, og Høgre held Regjeringspartiet 1/3av Røysterne.

 

Dei torde kanskje koma seg paa Island og.

 

 


Frå Fedraheimen 03.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum