[Tidender.] Fraa Gardermoen

 

1/7. No er Unggutarne heimreiste og Gamle-kararne komne i Staden. Der er fleire Folk paa Plassen, og so er der komne opp nokre fleire Telt, ellest ser alt ut som fyr; mange Telt er det no ikkje; for der er bygde fleire nye Hus for Kristiania og Numedals Bataljonar (den sidste er det eine Artilleri-Legret). Ja og so hev me havt 4_6 nye Kanonar og innpaa 100 Mann Artilleri (Tollri) her ein 14 Dagars Tid, og dei smeller paa, so det dundrar og røyker og føyker. Det hev fore rundt dette Batteriet, om Ringerike og Opplandi, og no er dei her og skal prøva Kanonorne. Fyrst var det berre 4; tvo av Krupps og tvo av du Bange (dy Bangsj) sine; det vil daa segja: Krupp hadde gjort deim alle, for vilde me taka Kanonor fraa du Bange, so vilde ikkje han (Krupp) gjera nokon for oss, han, sagde han. Og just so rauk dei tvo Bangearne sund; dei segjer, at Krupp ikkje hadde gjort deim, nettopp som dei skulde væra, og so fek dei opp tvo Kruppske til; men so fekk dei i Stand dei tvo, som var sunde au, og no giv dei paa med alle 5 ei Stund om Dagen¹). Dei skyt bort for 5000 Kronor om Dagen, hev eg høyrt segja. Det er dyre Saker, dei sender fraa Haugen utanfor ”Borgen”, der Kanonorne stend, og nord i Enden paa Moen, det er Granator maa vita, Bombor, som ryk sund i Lufti, og ut ferer det Smaakulor,og baade dei og Malm-broti og Koparbondi av sjølve Bomba spreider seg rundt ikring. Dei kann faa det, som dei vil, anten ho skal springa sund strakst, elder ho skal venta med di ei Stund. Til Skivor set dei opp Treveggjer av tometjukke Bord, men dei held ikkje svært lengje, kann du vita, endaa dei laga det no mest so, at det berre er Broti og Smaa-Kulorne som fer igjenom Skiva. Naar det er slutt med Skjotingi for Dagen, so kjem det Ungar og andre og plukka opp det, dei kann finna, av desse Bomborne, som vel kostar fleire Kronor for Stykket – den Mekanismen, som maa til for aa faa Kula til springa, er ikkje billeg den maatru.

 

Her hev vore mange sjuke, men dei fleste berre so lite Grandet. Ein hev døytt av Lungesott: han var nok fraa Sande i Vestfold (Numedals Bataljon); Faren skulde op og sjaa til honom, men nokre Timar fyrr han kom, hadde Guten andast; han tok Liket med seg heim. – Ein Gut fraa Eidskogen hev Vatn i Lunga; han hev vore sjuk mest i heile Unggut-Skulen: no gjeng han og ruslar so smaatt ute. Det hev vore ein tung Sumar for den same Guten; med han laag til Sengs, fekk han Bod heimanfraa om, at Faren var daaen.

 

Ein i Kristiania Bataljon fekk for ein 8 Dagar sidan ein Krutladning lukt i Augo; Motmannen hans, som han liksom skulde strida mot, og som berre stod eit Par Steg fraa, sette Byrsa like imot honom. Det saag fyrst ut, som det spøkte for Synet hans; men no er nok det eine Auga hans like godt att, og det andre ser han au paa. Det sat Krutkorn rundt omkring i Nosi og Ennet; nokre av deim hev dei fengje ut; men han kjem nok til ganga lenge med nokre Merke etter, at han hev vore i Elden. Han var so god, at han igaar Natt for heim med hine Unggutom i Bataljonen.

  

Kristiania Bataljon er i some Ting den beste, i some Ting den klenaste, det vil segja, som Oberstløytnanten sagde, daa han avmønstra 1ste Unggut-Kompaniet: det var fælande flinke Karar i Ekisen, men det var some, som skjemde det ut, og som so maatte hava den Skammi aa koma i Arrest – det er Villstyringar ibland fraa Hovudstaden, som ikkje er so gode aa tygla. Men dei var nok flinke i dei andre Bataljonarne au, likso flinke som fyrr, hev eg høyrt, daa dei hadde 8 Dagar meir, so det hev nok ikkje vore so stor Skaden ved det, at Eksistidi vart mindre. Det var ein Landværns-Kaptein her ein Dagen, som meinte, at dei var likso gode i den Tidi, daa det berre var 30 Dagars Eksis for Ungguten – iaar veit du det var 30 Dagar Skule og dertil 12 Dagar Kompani-Eksis; men det heve no vore mange Heilag-Dagar imillom, fleire enn det plar vera, av di Stor-helgerne iaar kom so seint, so jamvel Bededagen fall inn under Eksisen.

 

Det stend godt paa Jordi her omkring; men det vilde vera godt, om her kom noko meire Regn atter; det turkar so fort paa Sanden. Det rignde lite Grande igaar, men det forslog ikkje.


k.

 

 

Etter at Stykkjet var set, hev me motteket fylgjande:

 

Det er visst ikkje so, at Krupp skulde hava set slike Vilkaar, som sagt i Brevet mitt. Det vart nok Kanonar med du Banges Mekanisme hjaa honom, av di hans Støyping var tenkt aa vera den beste. Dei segjer, at etter Prøva her paa Moen skal det hava synt seg, at Mekanismen til du Bange er betre enn Krupp sin.

 

k.

 

 

¹) Kven er best, hev eg ikkje høyrt for visst, some segjer, at du Bange vinn.

 

 


Frå Fedraheimen 10.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum