”Skagastølstinden”.

 

(Del 1 av 3.)


(Sognamàl).

 

I. Jotunheimen.

 

Laingste Saltvattsfjoren i Veri aite Sognafjoren. Nabne maina han Gjest Bàrson Sogndalsfjøra kjeme tà Kong Søgne. Men dar Fjoren sige ut i Have e ein Soge – so kallast, nàr dar ifrà stilt Vattn trekke ut i ein Straum – so e da truleg Nabne kjeme tà dan. Men da mà ha vore dai, so fòr førbi nòr og sør, so første ha brukt da. Ifrà laingsta Graini pà dan Fjoren gàr dar op ain Dal aite Fortunsdalen, o darifrà e dar ikkje langt àt ”Skagastølstinden”.

 

Da – likaso ”Jotunheim” o dai flaiste sleke Bokmannanabn, so e sette opp utan ràspørja dei Folk, so frà Alders Ti ha hatt si Gjer o Fer dar – verde enno ai og Stund fremande Or føre dai. Folk i Bygdi saie, nàr dai ikkje nett røe me ein fremande: Hòròngadn, store Hòròngen elde dei, so snakka fint: Huròngadn – til Brigde frá eit anna Or. Da skulde dà koma av atte: her va da, Moladn datt ne av dan store Stein (Heidn), Jòtun Hor kasta mot Guden Tor, so kasta Hamaren Mjølner so vist, atte han rokk Heidn mittveges o slo han i mange Stykkje. Dai sade seg ne o vart te Fjell dar mittimøllo ville Storfjelli o Bygdi. Me kan soleis tru, han Tor ha stee i Sogn, o han Hòr bòrtme Galdhøpiggen. Slike Nabn treffe ein flaire Sta; men allti på nokot so liggje imøllo, soleis Tòròngen (vetle o stòre), ville, nakne Skjær i have møllo Trumsey o Lande. Kjenne ein dan Tròng, dan Onga ha etti te festa te sin Busta dei Teburda, dai gamle melda om, ska ingjen undrast pà, atte mange – o dà serdailes dai mest àlkjende Segne ska ha hent bode her o dar ikring. Koleis e da ikkje me Haggbard o Signe, komange Plassa va da no ikkje, dai budde?

 

Men da e ikkje so utreffele Nabn ”Jotunheimen” for Ràmeskot vera, for vist e da, atte da finst snaut ein Dal, so gàr ifrà aust ne te Bygda i Sogn utan ’an i dan Stundò ska sjà fæle Følje (t. D. Kringlefølje, Kràkadalsfølje o. s. b.) koma farande ne ikkje bert pá Julatie, allti ne – ingjen ha sitt dai fara opp – i ande Dalen kan han sjà dai, i Bygdi verte dai usynlege. Men i Følje ska’an iblant sjà Ansegt, ’an tykkjest ha sitt før. Eg kjenne mange øngre o eldre, so ha treft slekt, o some veit eg e fullt truverduge Folk. I ditta e no alle, so ha ràma sovoret einte, o i da o atte: i di sama han ser da, verte han sjuke. Da ska (itt, gille tefall eg veit) gjednaste henda Folk, so e toko treytte, elde ha teke utor eit Par Glas. Det kan henda dan, so gàr dar første Gongen, og kan treffa dan’ so ha gàt dar bode titt o tràtt. Da vitna om, ko dai tvo Ting: Hug-drag o Lands-lag kan veva seg i korandre o skapa dan tree: sin eigen Buna.

  

Da ser meste ut atte da, so skulde vera ”Jotunheimen” (Styggestadheim) lyte liggja i aust føre oss, soleis Gandheim bort me Hvitehavet (Jotunheimen føre da nørste av Landet)?

 

Tysfjòren o darikring gjeyme kanskje pà nokot slekt àt Norland, o so Dølefjelli àt Folk vestpà. Skulde da sannast, slike Følje alltid tainkjest koma austaifrà, skulde da vel vera so eit Vitne mair om, atte Folket vàrt eingong ha rømt føre fæle Magtedn i aust, o venta da verste ifrà dan Kanten. Men da vil eg inkje ha sagt noke om enno, so mykje maira, so dar paa nokre Plassa i Gullbrandsdalen ska vera sidde slike Følje komande innà Fjelli – altso vestàifrà.

  

Mair kann vera saia pà, atte some ha velja gjort sleke Følje te ”Aasgaardsreien” – so da heyrest, skulde da meste ikkje finnast onnor Likning imøllo dai tvo enn atte: beigje e Føljer. Da e vel trule, haidne Guda o dai, so dai følde o trudde i førsta kristne Ti, vart opp i eit Følje av ”dei som ljuga, dei som stela” – likaso Høgtiskosten Hestakjøt vart so reint mòtboen – men endà ha dan Meiningen mykje imot seg, nàr ein ser vel itte.

 

 

II. Huldeskapnadn

 

er ein Ting, som er myket forvitnelegt her i Landet._ Alt ifrà første Gongen, eg las nokre utà Huldeeventyri hans Asbjørnsen, tykte eg, dar var nokot usant i Màten, han màlte Huldi pà _ _ med all Vørdnad føre honom, han var dan første, og ikkje mà dat gleymast, Tidi vilde hava nokot vent dan Gongen, ho var slik. Men dà eg gjore min første Tur bortpà Flatbygdom pà Austlandet, var eg ikkje komen langt, før eg vart var, dat linna Laget, som làg øver Folki – maira tel lainger eg kom – Folki var so fine og mjuke og ”medkjennande”, atta da vekte i meg ei fælt uhugnaleg Kjensla – eg viste vel, dai hadde ømse Ting skulta pà ifrà gamalt pà beigje Sier àt Fjelle – eg var åleina og laut vera var og mistrugen, tildess eg lærde, atte dat var Lands-laget dairas, som gjorde dai slike. Med dat fattad eg, dat var ei austlands Hulda, Asbjørnsen màlade. Han sette hennar pà Værø (ved Lofoten) helde i Nordmarken (ved ”Kristian”): ho var meste dan sama: dan meste likaso gòliande Guri Haugen. Dat var bert dat saia: ho skulde hava komet fram som ei Hulda ifrà Flatbygdi, ikkje som ei ifrà Noreg. Dan Huldemønstri er litet atte-kjennande pà Vestlandet og snaut i Nordland og. Men dai, som las, var no mest ”Storfolk” og Byfolk, som litet hedde heyrt om sovoret, og dà gjore dat ikkje annat enn got.

  

Vinje var dà maira Norske; han gjore hò til ”Rovaguri”. Men enno var ho finare og mair smaikande enn andre – lærde Folk unddarlege Felelàt – tar likasom svenske ”Nökken, som gullharpan slår”. (Dan norske er ein onnor Kar). Men endà var dar eit got Stykkje til dan jamt eigennyttiga, skadelege og slet ikkje vidare pene Huldà, som eg veit er vestlansk og kanskje den norskaste. Ho kan nok vera pà Lur og gjera Mein og pretta dan verjelause, medan ho sjølv i dat, atte ho kann leyna seg er trygg. Ingjen Mann kann hebna henar Illferd; men i Salmebòk og Klokkeljòd og alt annat hailagt ha han finge Vergja imot hena. Og i Eldstàlet fekk han Magt til binda og taka til seg dat av Huldeeign, han kunde kasta over. Kor dat er med Braud og Børsa skal vera usagt.

 

Huldi àt Bjørnson er no so blainkjande fin, hò ”blæs i Hodnet og bind paa Sokkin”, atte hò lyte vera tainkt og ikkje verkeleg.

 

Dat er framtom Byfolk og slike som gjere Huldà pen, men dà dai sjølve ikkje trur sovoret, laiggje dai alltid Dølefolk og gamle dat i Ordi. Ein Skrivar i Morgbl. føre 20-30 Aar sia fekk ei fælt gamall Budeia i Gullbrandsdalen te saia: ”kann ikkje Huldra faa væra, gjerer no nokon nokot vondt” og anat slikt. Dat skal vera sant, atte mange Folk er slike, dai laga dat so, dai kann skjønna dan, som heyre pà, vil hava dat, avdi dai litet fattar, kvat Verd slike Ting kann ha. Men atte ai fælt gamall Budeia i Gullbrandsdalen hadde solagad Maining, ha eg alltid tvelt pà, meste itte eg ha haurt Huldemønstri màlad dar. Ho kann nok vera fredsæl og enno òppmana Folk tel ikkje slàst og bitast og vera so uvetuge, men som Flatbygdahuldi er ho ikkje. Og dat trur eg: hadde ain Maistar som Asbjørnsen lært mair av dai hardaste, villaste Fjellbygdar og mindre av Austlandet og Trøndelagen og ikkje stroket so myket av dat stygga, som og flyter i Eventyri, vilde dai hava vortet mair norske, men kanskje mindre pene enn dai vart. Før Huldi er Lands-laget – dat vena og vinlega, helde dat villa og fælslege, hard og streng som Vinter og armaste Aaren (Sanden). Dat er likasom Tingi kring han mà stà som eit Samspell med Huglaget hans, skal Huldà syna seg àt honòm. Avdi dat bert er pà visse Sta’a, slikt jamt hende, kjeme dat ogso sleke Talemàta som: i dan Haugen er Hulde, i dan Holà er Hulde, men her og dar hev aldreg voret sett helde haurt Hulde. Dat mà altso vera pà sine Plassar atte dat, som er ikring ein, er slikt. Dai Stadn pà Vestlandet, som skal vera sovorne, kan vera mykje ulike, men oftaste i ein liten augsame Dal, stavstill, helde som dar gàr Elvabrus øver, men ikkje heyrest annat helde som ein dòmpe Attljod frà hin Kanten àt Dalen.

 

(Meir.)

 

 


Frå Fedraheimen 10.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum