Det norske Flagd.

 

(Dagsposten).

 

 

I Dansketidi siglde Nordmennerne under Dannebrog (raudt med ein kvit Kross). Daa Kristian Frederik i 1814 styrde Norig, hadde me same Flagdet, berre det, at det norske Vaapen, Løva med Øksi, vart sett i øvste Firkanten ved Stongi.

 

So kom Sambandet med Sverik, og Nordmennerne sette inn i Grunnloven § 111, som lyder soleis: ”Norge har Ret til at have sit eget Koffardiflag. Dets Orlogsflag bliver et Unionsflag”.

 

Orlogsflagdet, som skulde brukast paa norske Krigsskip og Festningar, paa Tollfarty og Tollbuder, vart fastsett av Kongen i 1815, men det vart ikkje eit Unionsflagd. Me fekk det svenske Flagd med Danebrogsfargarne i øvste Firkanten, som var raud med ein liggjande kvit Kross.

 

Dette var inkje etter Grunnloven, men Karl Johan vilde ikkje retta paa det; endaa han seinare laut gjeva etter for Kravet paa norsk Handelsflagd.

  

Med det gjekk det soleis til:

 

Etter 1814 var Norig so utarmat, at det ikkje tolde store Pengeutlegg. Og det kostad aa vera eit sjølvstendugt Folk.

 

Sjørøvarar i Algier, Tunis, Tripolis og Marokko tok paa Handelsskipi i Middelhavet som Vikingarne i gamle Dagar. Og skulde Skip faa sigla i Fred, so maatte Statarne betala Skatt til desse Sjørøvararne.

  

Men dette hadde Norig ikkje Raad til. Stortinget bad difor Kongen, um dei norske Skip, som siglde der Sud, fekk Lov aa føra svensk Flagd. Ein Lov av 12te Januar 1815 fastsette, at Handelsflagdet skulde vera Danebrog med Løva og Øksi paa stuttare Ferder.

 

Soleis siglde Nordmennerne under svensk Flagd langt burte og under dansk Flagd nærmare heime.

 

Alt i 1818 vilde Stortinget faa Kongen til aa spyrja, kva Røvarstatarne vilde hava for, at Skipi kunne faa sigla med Heimeflagdet alle stader. Det vart ikkje nokor Spyrjing av, men so fekk me Lov aa bruka Orlogsflagdet paa Handelsskip allstad. Men det Lovet hjelpte lite, for det Unionsflagdet var svensk det.

 

Men i 1821 vedtok Odelsting og Lagting einrøystes, at det norske Handelsflagd, som Grunnloven gav Norig Rett til, skulde vera høgraudt med ein myrkeblaa Kross, kantad med kvitt – altso det reine norske Flagd.

 

Kongen godkjende ikkje Loven um det reine Flagdet, men han gav Lov til, at det vart brukat paa stuttare Ferder. Vilde nokon heisa det paa Langferdarskip, so skulde Krigsskip taka dei!

 

I 1833 bad Stortinget paa nyom Kongen høyra etter, kva det vilde kosta, at det reine norske Flagdet vart brukad burte som heime. Og no hadde Frankrik teket Algier og dermed gjort Ende paa Røvarlivet der nede. Marokko var atter, og det var fulla ikkje so dyrt aa kaupa Fred av det.

 

Men den svenske Utanriksministaren gjorde ingenting for Saki. Ho kom i ”Kaos”. Soleis stod Sverik i Vegen denne Gongen.

 

Men i 1836 tok Stortinget Saki i si eigi Haand. Konstitusjonsnemndi maatte innsanka Upplysningar fraa Utlandet sjølv. Jonas Anton Hjelm og Herman Foss hev vortet namngjetne for Innstellingarne, dei skreiv i Saki. 7de Juli kom ho fraa Nemndi, og næste Dag uppløyste Karl Johan Stortinget reint uventande. So kunne ikkje Flagdsaki koma fyre.

 

Men Hausten same Aaret laut Kognen kalla saman eit umframt Storting, som i Brev til Kongen tok uppatter Kravi paa Sjølvstendugheit i Flagd og Folkemerke.

 

Daa gav Kongen etter.

 

Den 10de April 1838 resolverad han, at norske Handelsskip skudle faa bruka det norske Flagd paa alle Ferder.

 

Soleis var Fyrsten av § 111 uppfyllt.

 

Norig hadde det reine norske Flagdet, som var lagat og fastsett av Stortinget, motteket av Folket, sunget um av Wergeland og godkjent av sjølve Karl Johan.

 

Men Orlogsflagdet var endaa svensk. Det gjorde Oskar I. i 1844 Ende paa. Ved kongeleg Resolusjon fastsette han det Orlogsflagdet, som me sidan hev havt, og soleis uppfyllte han Slutten av § 111. Men samstundes resolverad han, at Unionsmerket i Orlogsflagdet skulde inn i Handelsflagdet, og det vart forbodet utanriks aa bruka det reine Flagdet.

 

Folk likad smaatt paa detta, men dei var so glade for Orlogsflagdet, at dei lite ansad paa, at Handelsflagdet vart utskjemt.

  

Men allstad i Landet var Unionsmerket sjeldsynt, for ingen likad det. Alle totte det var styggt. Sjømennerne fekk eit Ordtøke um aa ”gjøyma burt Svensken”, og Svenskarne, som samstundes hadde fenget Unionsmerket inn i sitt reine ”gule blaa”, kallad det ”Sillsalaten”.

 

Og Utlendingen meinte, det var Teikn paa, at Norig stod under Sverik. For Skotland og Irland og andre usjølvstenduge Land sigler og med Unionsmerke, som alle Stad er Lydrikemerket i Folkeflagdet.

  

So fyreslo Berner i 1879, at det reine norske Flagd, som me hadde havt fraa 1821-1844, skulde verta lovfest i Norig.

 

Men i dei Dagar var Høgre av ein annan Aand enn det norske Folk hadde voret etter 1814, og dei tok til aa skrika og braaka for Lydrikemerket. Dei byrjad i Arendal, og snart var dei uppe i Ovsinne heile Flokken, fordi her fanst slike Galningar, at dei vilde hava ”Svensken” ut. Lydrikemerket var elskad og høgvyrdt, ja Nordmennerne var ”stolte” av det, sagde dei.

  

Og Svenskarne var med i Skriket mot det reine norske Flagd, endaa dei likad smaatt paa Unionsmerket i sit eiget.

 

Me Nordmenn treng fulla ikkje skjemmast, um me endaa krev det same, som Stortinget og Karl Johan fastsette i 1821 og 1838. Og i minsto lyt alle tola, at me heisar det norske Flagd paa norske Tufter!

 

Og Flagdet vert fulla reint, naar ”den norske Sak” er vunni.

 

Det norske Flagd trengst ikkje, ser det ut til. 1880 kom det ut i Paris eit Veggkort, som er stort og fint gjort og visst mykje brukat. Der er Flagdi aat alle Folk. For Sverik-Norig er avteiknat det svenskeFlagd med Unionsmerket.

 

Og Nordmenn tykkjer visst, det er gildt dei, berre dei fær vera med som Veslegut i Foldarne paa Kufta aat den store sterke Broderen.

 

 


Frå Fedraheimen 10.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum