Innbjoding.

 

Me Underskrivne tek oss her fyri aa setja igong ei Pengeinnsamling med det Fyremaal aa reisa ei Minnestytte yver Diktaren Asmund Olavson Vinje  paa Fødestaden hans.

  

Tanken hev voret uppe lengje, og Vinjes Bygdefolk hev serleg voret paamanat til aa taka Upphavstaket i denne Saki. Det hev vorte utattersett fraa Tid til anno, avdi, som alle veit, det er ’kje so lite fyri, og so hev Tidi no voret so ymist uroleg og full av politisk Strid, at det snaudt hev voret Raad med aa tenkja paa dette. Tidi og det politiske Uvedret stilnast no vonleg av lite etter kvart, og so horver det au so, at i Vinjesokn liver det enno mange, som er i sin fulle Manns Kraft, og som hev vondt for aa gløyma den store Diktar og Fyregangsmann, som dei kjende og voks upp ilag med ifraa Baans Bein. Difor hev denne Saki no komi paa Gang, og soleis horver det, at det er Vinbyggjarne, som med god Manns Hjelp tenkjer paa aa gjera dette vesle Storverkje aa reisa ei Minnestytte yver Asmund Olavson Vinje.

 

Det kann ’kje enno segjast noko visst um, kvaslags Stytte det skal verta – det vil koma an paa, kor mykje me fær til aa gjera med: anten ei Byste av Bronse hell ei Stytte av ei billegare Gjerd. Me vønest no so stort, at det skal verta det fyrste.

 

Det horver fælt laglegt med det, at Vinjes Fødestad ligg i den naturfagraste Luten av Vinjesokn og tett innmed Kyrkja og tett innmed Postvegen – jamvæl berre ein liten Stubb ifraa det nye Veg-Anlegg, som skal koma upp Mosokn og yver Byrteheidi og innpaa den gamle Vegen tett ovanfyre Vinjebru. Dette er eit stort Turiststrok og kjem med Tidi til aa verta enndaa større. Det kjem soleis til aa verta ei heil Mengd baade Bygdarfolk og Reisande, som kann faa sjaa gamle Asmund Vinje - er me fyrst so hepne aa faa Minnesmerkje hans reist, so det er sjaa-ande paa.

 

Aa segja noko her um Vinjes Verd som Diktar, Politikkar og Folkeskribent osfr. held me for aa vera uturtlaust, daa me trur, at nokon kvar kjenner han, og at Vinje baade i si Tid og for Framtidi hev voret den, som best hev talat for seg sjølv, - og me trur, at her inkje hev voret mange Menn hjaa oss etter 1814, som me Nordmenn, og serleg dei, som elskar og trur paa det norske Maal, hev større Grunn til aa minnast med Takk og Glede hell Asmund Vinje.

 

Dette vilde me hava sagt, og so vil me beda Folk baade i By og Bygd, baade sud og nord hugsa paa det so venlegt med norke Skiling til Mans – vart det berre aalment, so skulde det ’kje turvast so mykje av kvar.

 

Me Underskrivne fraa Vinjesokn er paa eit Møte valde til aa stella med dette -: aa faa Saki paa Gang i det minste, og den, som vil senda inn noko til dette, kann senda det til ein av oss, so skal me kvittera for det i Fedraheimen.

 

Vil Fedraheimen og andre Blad segja seg viljuge til aa taka imot, so vørre det kanskje letvintaste for mange aa senda det inn til dei.

 

Og so ynskjer me daa Saki god Lukke.

 

 

Vinje i Novbr. 1885.

 

Aslak A. Haugen,Landhandler.

 

Thorgeir Steffanson, Skovfogd.

 

Aslak T. Vinje, Bonde.

 

T. Floten, Kyrkjesongar.

 

 

Olaf Sveinsson.

V. Ullmann.

H. Bentsen.

Arne Garborg.

Peder Rinde.

Moltke Moe.

Ivar Mortenson.

 

 


Frå Fedraheimen 10.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum