Maalarbeidet ved Stord Seminar.

 

Takk, Eskeland! Takk. Utne! for Dykkars innsende Stykkje i Fedrah. med Melding um Maalarbeidet ved Stord Seminar. Eg er mykje glad yver aa høyra um Maalarbeidet derfraa. Utifraa vælnøgd vart eg, daa eg saag, at Maalarbeidet hjaa Læresveinarne framleies er med friskt Liv og, etter som eg forstod, var i Framgang. Daa eg saag, at der var so mange Tingarar paa Fedrah. vart eg mest forbinad, for eg trur inkje, det var so mange Tingarar, daa eg var der.

 

Eg vart so uppglødd, daa eg saag alt dette, at eg hadde so nær teket meg ein Dram, um eg hadde havt ein, og drukket paa Maalvenarlaget sit Vælgaaande. Men daa eg ingen hadde aa gleda meg med, vart det berre med mine beste Ynskjer for Maalsaki.

  

Eg kann reisa vidt ikring her utan aa finna nokon Maalmann, kormed eg kann gjera meg ”lystig og glader”; nei, tvert imot. Eg var no so ulukkeleg aa faa ein Skulemeistarbaas paa ein sodan Stad, kor Folket inkje er noko Framstegsfolk, men helder Bakstrævarar. Her finst knapt ein, som kann tola Maalsaki, men Fleirtalet er bitre Motstandarar.

 

Soleis er her berre ein Tingar paa Fedraheimen  i Bygdi, og det er eg.

 

Kom daa i Møte og Diskussjonar aa preika Maalsaki for Folk, som eingong knapt vil høyra paa det, men gjere Narr av heile Greida og kanskje deg med. Nei, ein faar daa gjera det paa ein annan, finare Maate, som det vistnok inkje kjem til aa staa stort Gaum av.

  

Framgangen kann daa slet inkje maalast med Alnamaal, kanskje inkje med Tommamaal fyrr nokre faae Aar. Der kjem inkje store Gjetord vidt ikring um di Verksemd for Maalsaki paa eit sodant Stelle.

 

So er det, Eskeland, naar Du skal praktisera Maalsaki ute millom Folket.

 

Eg kunne soleis mest inkje verta forundrad paa meg sjølv, um han vart ”øydelagt den norske Verme i Barmen”. Men, ”tænk for ein Verme”! den liver enno, og, um det inkje skal lukta for mykje av Skrøyt, den liver sterkare enn fyrr. Motstand kveikjer. Nei, eg trur inkje, at den ”norske Verme” hjaa dei verkelege Maalvener ifraa Seminaren er so ørliten helder, at den sloknar so snart. Naar Du segjer at me berre ”blenkja vaar Tamleike med fagre Ord” og at ”her hev voret og er mindre av verkeleg Kjærleik, mindre av Sanning og sann Nordmannskap, enn me sjølv og mange med oss ynskte vita”, daa er du for vond med oss. Eg har sluttat umvendt um Maalvenerne der ved Seminaren: Der var meir Kjærleik og sann Nordmannskap, enn me torde ut med. De veit, korleis vaare ”Autoritetar” var sinnad mot Maalsaki, dei helder reiv ned, enn bygde upp. Men det er inkje greit aa ”slaa Hovudet mot Steinen”, og ein maa stundom ”snu Kaapa etter Veret”.

 

At der er Verme og Aalvor med Saki, kann ein sjaa av det, Utne fortel, at for nokre Aar sidan vart det so varmt Orskifte um Maalsaki, at det mest hadde ”gjenget paa Kniven laust”:

 

Fleire av dei Kararne kjenner eg, og dei er varme Maalvener endaa.

 

At det norske Noreg krev so uendeleg sterkare og reinare Grunnvoll enn Skrøytt”, det veit eg og, men ein plar almindeleg rosa det, ein elskar. Det Hjarta er fullt av, løyper Munnen yver med. Det er i Ord og i Gjerning me skal visa, kva me tenkjer og føler. Men det siste finn nok Du lite av hjaa oss, som fyrr hev voret Maalvener ved Skulen. Du segjer ”me prova reisa oss sjølv, gjera oss sjølv til Moder Noregs sanne Born. Og daa vonar me aa kunna gjera noko for den norske Sak ute millom Folk og”. Ja, me prøvde paa det same, me og, der var ingen, som hjelpte oss meir daa. Og kann De gjera so mykje meir for den norske Sak ute millom Folket, so skal inkje eg mislika det. At de no er komne lenger i Maalvegen enn fyrr er mykje rimelegt, og derfor er eg mykje takksam.

 

Men kor det staar til med Maalsaki ved dei andre Seminarskularne skulde voret morosamt aa høyrt.

  

Skulde dette Stykkje naa ein Maalmann ved dei andre Seminari, so send ei liti Meldingi i Fedraheimen.

 

Med dei beste Ynskjer for Maalarbeidets Framgang sendes ei hjarteleg Helsing til alle Maalvener i Norges Land.

  

Maalvenarlaget ved Stord Seminar og han Torgeir helsast fraa ein god Ven.

 

 

Rogaland i April 1886.


Sverre.

 

 


Frå Fedraheimen 10.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum