Norge.

 

(Av John Lie).

 

 

Mit storslegne Land og mit hardbalne Folk,

Du treng inkje framande Maal til din Tolk!

For Tankar og Hugsyn, som hera vil gro,

Dit Fedranemaal eig den reinaste Ljod.

 

Og Maalet vaart liver, ei sigrande Magt

I Ordet, som ljodar paa Tunga, er lagt,

Og aldri me gløymer, um Tidi er trong,

Dei Stevi, som Aasen og Vinje oss song.

 

Og er du, mit Folk, baade lite og armt,

Din Tanke er klaar, og dit Hjarta er varmt;

Og Soli seg speglar i Fjell-Vatnet av

So reint og so vent som i vidopne Hav.

 

Um Vettren er lang i mit fjelltyngde Land,

So leikar det bylgjande Hav um vaar Strand;

Og Skogarne, Fjellet og lokkande Hav

Det djuptenkt og lengtande Huge oss gav.

 

D’er Djup i vaar Tanke og Eld i vaar Hug,

Og er me litt seine, som kjem me med Dug –

Naar Sumaren kjeme innunder vaart Fjell,

So kjem han med Glans og med Glod og med Eld.

 

Vaar Soga avspeglar vaar storslegne Sans,

Og enno me tenkjer og talar med Glans.

I Abel og Ibsen vaar Tanke er krynt,

Og Wergeland, Bjørnson vaar Eldhug hev synt.

 

Me elskar vaart Land, og me verja det kann,

kvart Heim er ei Borg, og Syldat er kvar Mann,

Som Fossen og Steinraset strøymer me paa,

Det Sinklair og Karl den Tolte fekk sjaa!

 

 


Frå Fedraheimen 10.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum