Tidender.

 

Kristiania, den 9de Juli.

  

Folkehøgskulen i Aafjorden. Søndre Trondhjems Amtsting hev med 17 mot 14 Røyster negtat Pengar til ein Høgskule i Aafjorden. Den Skulen skulle havt Presten Seip der i Bygdi til Forstandar, etterdi Daniel Sæter ikkje kunne vera det.

 

 

Folkehøgskule i Kristianssjands Stift. Lister og Mandals Amtsting hev med 12 mot 10 Røyster negtat Pengar til Folkehøgskulen i Randøsund tett med Kristianssand, styrd av Thorsvik.

 

 

"Tunsbergeren" skriver: At det er Bønderne, som skal vera radikale! Ueland enda sine dagar i Amalgamasjons-(Samrørings-)Nemndi, og Jaabæk i Oftedalismen. Og desse tvo er dei radikale Bønders Førarar! Soleis gjekk det med "den faarlege Vinden, som blæs ut fraa Listerland". Hvis nokon er redd Bonden, maa det endeleg ikkje vera for, at han er so rothoggande. Nei, daa forstod Kristian Magnus Falsen seg berre paa slikt. Han sa, at fransk Læra um Fridom og Jamne med stor Vanske vilde kunna uppfattast og brukast i vaar praktiske Politikk. Dei Nordgermannar er stad og lite like dei franske Fridoms- og eldhuga Folk.

 

 

Lars Oftedal hev i Statsraadet samrøystes fenget Lov til i 3 Maanar vera fri. (Vestlandsposten).

 

 

Nyt Regjeringsblad. Regjeringi skal tykkja, Venstrebladi her i Staden hev vore noko uvyrdne mot henne. Difyr er det Tanken aa faa upp eit nyt, stort Dagblad og kann henda eit billig Folkeblad attaat og.

 

Jau, daa fær Dagbladet, VerdensGangog Kristianiapostenta’ seg i Agt.

 

 

Dei politiske Partier. Morgenbladet: heretter vil der i Vinstre koma til aa rymmast tvo Underavdeilder og Merket millom dei vera anten Kristendom og Fritenkeri, held Gardbrukarsyn paa Tingi mot Husmanns- og Arbeidarsyn.

 

I Stortinget er der

28 til 31 Høgre,

25 til 30 maatehaldande Vinstre,

53 til 61 yterste Vinstre.

 

 

Haraldsstytta ved Haugesund. Stytta treng Vøling. Men der er ingen, som tykkjest hava det regtigt paa seg halda eit Auga med den. Haugesund vil gjerna sleppa. Og det so ventande kann vera. Men Staten vil og gjerna. Og det er løgnare. Var det ikkje, fordi Harald Haarfagre gjorde dei mange Smaariker til eit Land, at Norge nyst reiste denne Bautasteinen? Jau. Difor er det den norske Staten, som hev det paa seg her. Den og ingen annan.

 

 


Frå Fedraheimen 10.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum