Velfarsvisa

 

til ei gamal Kyrkjeklokka som vert send til Madagaskar.

 

  

So song din Malm fyr sidste Gang:

Kling-klang! – Kling-klang!” -

Og i vaart Øyra var det likt

Eit fagert, graatfullt Velfarsdikt.

Som Atterljod læt fraa vaar Sjel:

Far-vel! – Far-vel!” –

 

Du blei, me’ns Ætter kom og for

Og vart til jord –

Me’ns Modar kom og gjekk tilgrunns

Med danske Duskar, franske Fruns,

Og Folk seg etter Storfolk apad’,

Til dei vart berre meir vanskapad’.

  

Du hjaa oss blei, daa me med Skrekk

Saag Pavekyrkja kverva vekk.

me saag ”Vaar Fru” i Augat inn

Med heilag Velfarsgraat paa Kinn.

- kort sagt: Her var eit gudlegt Skraal

Som no, me missa skal vaart Maal.

 

Du ringde inn ei betre Tid,

Daa Jesu lære meire blid

Og mindre blandat Skina fekk,

Om ofta ho vert tjonat vekk

I Tolkningar so ”tankerike”,

At dei vert ”myrke Talar” like.

 

Du saag vaar Raaskapradt til no,

Du høyrde paa dei ville Ljod

I Jol og Lag fraa dei, som drakk

Og staupet ut ”som Nordmenn” stakk.

Du saag ei Daninglik ei Brud,

Som løyner Skammi under Skrud.

  

Men kor som var, du like blid

Din Helgartone stemde i –

Til Syndaren med kjærlegt Ljom

Du ropad’ ”Kom til Jesus! – Kom! –

Aa vil du Hugen venda um,

So kom, for her er endaa Rom!”

 

Naar Ven ved Venargravi stod,

Med Graaten blandad’ du dit Ljod.

Naar Bruraslaatten jublad, log,

Du tonad’ med og Takten slog¹)

Naar Barnet dei til Skjirsla bar,

Dit kvede Velkom-helsing var.

 

Og skal du fara no herfraa

Og ut til svarte Brøder gaa,

So kved dit Evangelium:

Kom, Syndar! her er endaa Rom” - -

Og kanskje skal det verka der

Meir Glede, enn det gjorde her.

 

Eit Sambandsteikn du vera maa

Imillom oss, du reiser fraa

Og dei, som du skal fara til.

kvar Helgardag med Røyst so mild

Om Gud og oss du Minne bær,

Og taksamt deira Hjarta slær.

 

So song din Malm fyr sidste Gang:

Kling-klang! – Kling-klang!”

Og i vaart Øyra var det likt

Eit fagert graatfullt Velfarsdikt.

Som Atterljod læt fraa vaar Sjel:

Far-vel! – Far-vel!” -

 

 

Sigurd Gunnarson Næsse.

 

 

¹) Brudviging gjekk ofta fyre seg under Høgmessetenesta fyrr, veit me

 

 


Frå Fedraheimen 10.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum