[Tidender.] Arsenalerne (Krigsklæd- og Vaapnhusi).

 

Der hev lenge voret skipat paa aa flytta desse meir inn i Landet, so ein Fiende ikkje so lett skulle kunna naa dei.

 

Elverum held Helgøyna hev millom andre Stader vore paatenkte som høvelege.

 

Kvis Staten valde Elverum, maatte Elverum-Kongsvingerjarnvegen byggjast, og med dette serlegt for Auga. Men leggja Landets Hovuddepot so langt aust og attmed ein Jarnveg, som so langt Stykkje fylgjer Riksgrensa, trur mange ikkje vilde vera godt.

 

Helgøyna (i Mjøsen) kann raakast med Kanonur mest fraa alle Kantar rundt Mjøsen. Og so fryser der til ofta umkring den.

 

Men paa Høgderne millom Mjøsen og Randsfjorden er framifraa godt Tilhøve. Statsministar Sverdrup nemnde denne Staden, daa der i Stortinget var Tale um, kor Statens Krutverk skulle liggja.

 

Lændet i seg sjølvt er væl laga til det Bruket. Der hallar til alle Sidur, so vaare Kanonur paa lange Vidder kunne verja og halda reint for Fiendar, utan at desse orkad gjera Skade.

 

Og naar Sambindingsbanen millom Aust- og Vestland og Austland-Romsdalen kjem i stand, vert her Knytestaden for desse. Eina-Bergen, Eina-Kristiania og Eina-Romsdalen Jarnvegerne maa umkring Eina hava sin Møtestad. Diso maa Krigsstellet her kunna dungast upp. Det er midt inni Landet. Det er lett aa forsvara. Og det staar i greid og lettvinn Sambinding med heile Norge.

 

 

(Etter Samhold).

 

 


Frå Fedraheimen 14.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum