[Tidender.] Det nye Regjeringsbladet.

 

Me nemnde i fyrre Nummeret, at der moglegtvis kom eit slikt nyt stort Blad i gang. Baade hadde me haurt det og like eins leset det i brevsendingar til Blad utanfor Kristiania.

 

Den eine av dei tvo Brevskrivararne slo og paa, kven som skulle verta Styraren av Bladet. Det var ein Bladmann, som vel var Vinstremann, men ikkje av dei ”reine”.

 

Etter alt aa døma er det den same, som for nokre Aar sidan vart henta heim fraa Utlandet for aa overta Dagbl.

 

Alle veit, at den Gongen gjekk det ikkje. Han vart umogeleg ganske straks og reiste so attende dit, han kom ifraa.

 

Men der er Forskjel paa daa og no. Det kann gaa godt denne Gongen, fordi um det ikkje gjorde det daa. Han ”laag” ikkje for aa vera heile Vinstreflokkens Hovudredaktør i Riksrettens Dagar. Onnorleis er det, anar Vinstre no er gjenget sund i minst tvo Deilder: ”reine” og ”Oftedøler”. Han vil høva som desse sistes Bladstyrar. For dei er no – og blir meir heretter- paalag Centrums- (Millom- Midt- ) Flokken, ein Samling av maatehaldne Vinstrefolk – og – fær me vona – Høgrefolk og.

 

Me sa i hitt Nu., at dei fekk agta seg Dagbl., V. G. og Kr. posten. Rettare kannhenda hadde det vore aa segja: dei skulle ha agta seg fyrr. No er det vel allareide forseint.

 

Fedraheimen meiner, det vil vera til Bate for Maalsaki, kvis ”Oftedølerne” fær til det, dei her skipar paa. Me skal denne Gongen ikkje næmare koma inna paa Namnet ”Oftedøler” og ”reine” Vinstremenn og altsaman, som heng i hop med desse Vinstres tvo nye Partier. Stutt sagt no, so trur me, beggje Namni er noko misvisande og usanne. Men kanskje meire um det seinare.

 

Det var det, me her vilde halda fram, at det reine Vinstres Blad ikkje hev gjort so mykje for Maalsaki, som dei hadde burda, og som ein skulle ha venta av so frihuga og norsklynna Avisur. Hadde dei gjort meire i denne Vegen, vilde dei havt meir norsk Botn aa staa paa no, daa det gjerna verte aalvorelg Uppgjer millom nyt og gamalt, framandt og heimsklegt, unorsk og norsk.

 

Sjaa, kor det gjekk Statsraad Hertzberg. Han var eingong eldhuga, god Maalmann. Men han let seg kjøla av, miste Truna paa denne norske Livssaki og enda som Motstandar av den dessmeir. Han hadde knappast havt den Lagnad som Statsraad, kvis han var vorten tru mot Ungdomsidealarne sine. Men han hadde Huset sit standande paa Sand, og daa Vassflaumen kom, rauk han med. Livsroti hans var ikkje i den sanne norske Jordbotnen. Dagbladets  Styrar skal og vera gamall og god Maalmann. Han høyrer til ”Gamlekararne”, heiter det. Han skal og vera grunnmura, paaliteleg Fridomsmann i eit og alt. Dei segjer, han hev det soleis, at der han seter seg, sit han stødt, og at ingen skal sjaa han kvakla og famla. Han skal endaatil fleire Gonger no i det seinare vore utsett for aa missa Plassen sin som Fyrstemann i Dagbladet, avdi han i Tvisten med Regjeringi ikkje ha vilja govet etter held sleget av i sit Hovudsyn paa Sakerne. Han tykkjer, det er Johan Sverdrup, som gjerer Svingningar, og dette fell ikkje for ham.

 

Men hadde Dagbl. teket seg meir av Maalsaki, enn det hev gjort, kunne det nok hendt, det meir vilde ha’ havt dei Norsk-norskes Kjærleik aa stytta seg til no. Dagbladet  hev voret lunket. Kva Grunnen til dette er, veit me ikkje. Men at det ikkje burde ha’ vore so, er me sikre paa. Redaktøren hev ikkje for Aalvor lagt seg i Sælen. Og Bokmeldaren hev ikkje anten kunna held vilja skrevet eit ord um sovorne Ting.

 

Kristianiaposten vil me kje snakka um. Dens høge Formaal var jo, idetminste fraa fyrst av, aa faa gjort ende paa ”Kjøkkenavisen” (Morgenposten).

 

V .G.  hadde sagta gjort baade væl og klokt i aa havt Augo betre med seg i Maalvegen. Naar alt kjem til alt, vilde dette høvt rett godt med Bladets Program: Fridom og Sjølvstende ut etter, Upphjelping av Norskdomen inn etter.

 

 


Frå Fedraheimen 14.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum