Boksjaa.

 

Ein fåre. Ei soge av J. E. Maakestad. Forfattarens forlag.

 

Ein faare”, det var no og eit Namn, tenkjer kanskje mangein Lesar. Og dermed lar dei det fara. Men det bør dei ikkje gjera. Boki er baade god og billeg.

 

Det er eit Livsbilæte teket ut or det daglege Livet, og mange vil vist kjenna det att. Boki er ikkje noko Meistarstykkje, men so fær ein hugsa paa, at Forfattaren helder ikkje er nokon Literat. Han er ein Bondegut fraa Ullensvang, 21 Aar gamall. Og naar ein so ung Gut skriv ei sopass Bok, so kann me hava Von um, at han med Tidi kjem til aa skriva overlag godt. Maalvener, kaup Boki og les ho væl! De vil ikkje trega paa det.

 

 

Ein fransk politichefs erindringer og oplevelseraf Mr. Claude, chef for sikkerhedspolitiet i Paris under Napoleon den 3dies regjering. Kr.a. 1886. Cammermeyers forlag.

 

Denne Boki er forvitneleg aa lesa. Det er Skildringar av Brottsmenner og Gjerdi deira. Men paa same Tid fær ein sjaa, korleis Hoffet likafram hindrad Politiet fraa aa bruka Retten sin, naar nokon av ”Redskaperne” deira vart sette fast. Ein fær liksom ”glytta innanfor” og sjaa kva der gjeng for seg.

 

Det er ein Politimann som fortel, og slike Folk hev Greide paa noko av kvart. Og han fortel paa ein slik meistarleg Maate, at det er mest ugjerlegt aa leggja Boki burt, fyrr ho er ute.

 

Me hev ein annan Stad i Bladet teket inn ei Skildring av han. Den som ynskjer seg ei morosam og paa same Tid lærerik Bok bør kaupa ho. Kostar Kr. 2,20.

 

L. S.

 

 


Frå Fedraheimen 14.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum