Danskaren Edvard Brandes

 

skriver soleis, idet han umtalar ei ny norsk Bok:

 

Var det ikke bedst, om vi kom saavidt, ”at vi ingen Forskjel gjorde paa dansk og ”norsk Literatur? Er dog ikke vor Tids Op-”gave at slaa Bro mellem de to Lande, ikke ”at uddybe Adskillelsen? Hvilken Lykke vilde ”det ikke været, om Landene nu havde været ”statsligt forenede under en fælles Styrelse! ”Al nordisk Politikk bør sikkert gaa ud paa at ”bryde Skrankerne mellem de tre skandinavi-”ske Lande: gjøre dem til en Enhed i aande-”lig og materiell Udvikling. Man bør snarere ”arbeide dansk og norsk Literatur sammen i ”en Skure, end spilde Tiden med Undersøgel”ser over, hvem der producerede mest i det ”eller det Herrens Aar”.

 

Brevskrivaren fraa Danmark til Dagspostensegjer daa desse Ordi um sovoret: Dette er egte dansk Ovmod, og eg vilde gjerna, DagspostensLesarar skulde faa smaka paa det. Norsk Bokheim (Literatur) vert i Danmark reikna og halden for dansk. Ibsen, Bjørnson, Kielland og Lie vert utan vidare nemnde ”vaare” Diktarar. Dette er same Tankelag, som ikkje unner oss vaar gamle Bokheim og vaart gamle Maal held. ”Norsk” maa den ikkje heita. ”Islendsk” er betre. Men ”nordisk” er best.

 

Det vilde sagta vera likaste for Danmark aa faa Kalmarforeiningi i Stand att. Det trur me nok. ”Nordens Atheen”, som dei der nede nemner Kjøpenhavn, vilde daa sjølvfylgjeleg verta Einingen for ”aandelig og materiell Udvikling”. Noreg og Sverig skulde daa gjeva upp Nasjonalskapen sin og arbeidast i hop i ”en Skure” med Dansken. Det kunne, korso, koma seg an paa, um Sverig no att igjen vilde lata seg herja av danske Storkarar. Og me Nordmenn, - kann vera, me enno minnest so vidt godt det oldenborgske Famn- for ikkje aa segja Strupetaket, at me ikkje regtigt huga dette paa nytt lag.

 

Me norske fær heldest finna oss i eit og anna her i Kjøpenhavn. Snakkar me med ein Danskar, det er det same, kva Stand han er av, varer det ikkje lenge, fyrr han dreg paa Smilen og spyrr, um me kjenner oss lukkelegare no under Sverig enn ”under os”, um me ikkje helder paa nyo vilde vera eit med ”Moderlandet”.

 

Aldri fyrr hev eg tykt, det var naudturvelegare aa faa Provinsmerket ut or Flagdet vaart. Aldri vil Utlendingar halda oss for eit frit og sjølvstendugt Folk, fyrr me fær dei nasjonale Fargarne vaare reinska for det, som er framandt. Ein stor Del av Folket vaart vil gaa og bera paa ei Kjensla av ærelaus og uverdug Sjølvuppgjeving, solenge Unionsmerket sit det norske Flagdet”.

 

Ja, det sa’ Mannen i Dagsposten.

 

Fedraheimen minest eit Ord av Grundtvig fraa paa lag 1812, daa det var naadigst fastsett, at Noreg skulde ha eiget Universitet:

 

Nedknæl, o Norreg, kun paa dine Fjelde,

se ei saa stolt paa Daners jevne Mark!

Thi det kan Saga dog med Sandhed melde,

at du er reddet i den danske Ark”.

 

Seinare kjem me, kann henda, attende til dette.

 

 


Frå Fedraheimen 14.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum