Heilsing til lærararne og ungdomen ved dei norske folkehøgskular.

 

Ver heil og sæl, du fylking fri,

som stend um ljosets fane!

Eg veit, du kom ’kje dit, fordi

det so var gamall vane,

men kom, fordi du kjende klaart,

dit stemner største haapet vaart;

du kom, fordi du visste at

ein gjekk seg vill i skodd og natt!

 

Ver heil og sæl, du ungdomsætt,

som vigjer kraft og evne

te spreida ljos, der spiror sprett

og livet set ein stevne!

Ja, gjev, at de, som gjeng og saar

i sol og regn den unge vaar,

maa finna frisk og fruktbar Jord

for kvarteit saa’ av sannings-ord!

 

Ja heil og sæl, no er det vaar,

all frosen fordom tinar,

og meire klaar no aar’ for aar

vil sol um landet skina!

Den von er viss: kvar tanke varm,

som naar den norske kvinnebarm,

vil alltid sterke røter slaa

og gro, so det vert lyst aa sjaa!

 

Ja heil og sæl det folk, det land,

der kvinnehjartat kjenner

sitt kall og under kampen kann

med mjuke, milde hender

træ’ til og gyta balsam i

det saar, som motlaus gjer og svid;

for hennar bøn og blide ord

gjer mannen meire sterk og stor!

 

Ja heil og sæl, no slag i slag

fraa siger og til siger

det gjeng den travle arbeidsdag,

som upp um landet stiger!

Naar kvinnehjartat, mannens aand

gjeng same vegen haand i haand,

er siger viss i større strid

enn den, som me er sette i!

 

So heil og sæl, de arbeidsmenn,

som fremst i flokken gjenger,

som peikar fram og fram igjen –

d’er det so saart me trengjer!

_For kampen, de hev stadet ut

i knappe kaar, i sakn og sut,

de løn vil faa i det aa sjaa

vaart land i sumarbløming staa!

 

Anders Aarsand.

 

 


Frå Fedraheimen 14.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum