Irland og England.

 

(Del 1 av 2.)

 

I 700 Aar hev der voret Kamp millom desse tvo Landi. Men der er raad skilja 4 Avdeilder held Bolkar i Striden.

 

Fyrste Bolken brukad dei engelske Inndraging av Gods i Statskassen og Avretting som Hjelp til aa faa Irland under seg. Dette tok Ende under Wilhelm den Tridje. Og daa var berre ein ellevte Del av Irlands Jord paa irsk Hand. Desse faae, som aatte Jord, var Katholikar og endaatil ættad fraa England.

 

Andre Bolken var full av Straffelovar for aa gjeva Hardstyringi og Valdsherredømet lovlegt utsjaa-ande. Katholikarne hadde ikkje Lov til faa fat i held eiga Jordeigedomar. Men dei kunne pakta hjaa dei irsk-engelske Landlordar, men det var paa so harde Vilkaar, at ein kann verta bljuge ved aa tenkja paa det. Dei katholske Irlendarar hadde korkje politisk held vidare borgarleg Rett. Ikkje hadde dei Valrett til det irske Parlamentet, som daa var til, og ikkje hadde dei sete i det. Aa dyrka sin Gud fekk dei knappast Lov til utan Beiding og Meinking paa alle Kantar. Dei maatte fø sine eigne Prestar, men og so dei engelske med. Den engelske – den bispelege Kyrkja, som den heiter – blei tvinga inn paa Irland som Statskyrkja. I Irland er dei for det meste Katholikar, i England for det meste Protestantar. Irlendarne hadde ikkje Rett paa offentlege Embætter og Tillitsgjerder. Der stod i Loven, at naar ein Son gjekk over til den protestantiske Læra, fekk han Retten paa alt det, Foreldri aatte. Til Bate for England blei Irlands Handel og Industri hemma. Irland hadde ingen Utveg til aa faa kjæra seg og koma ut or dette Uføret. Difor vart der Samansverjingar. Irland vart Landet, der all Slags Skræma og Styggedom treivst. Folket let aldri dei styrande i Fred. Folket hata desse og fann paa all Slags Knep til Uro og Hemn. Der vart Samlag paa Samlag i Skugg og Skjol, og aldri grodde slike betre enn i andre Helvti av fyrre Aarhundradet.

 

Under den nordamerikanske Fridomskrigen og dei franske Umveltingskrigarne var der fælande sterk Gjæring millom Irlendarne. England prøva daa stilla dei tilfreds ved aa utvidka det irske Parlamentets Rett. Men Irarne reiste seg like godt og fek Hjelp av dei franske. Daa tok dei engelske radt fraa dei Parlamentet og let det smelta i hop med det engelske.

 

Denne Foreiningi kom i stand 1ste januar 1801. Det var William Pitt og Lord Castlereagh, som gjorde det. Men dei laut bruka Muting (Bestikkelse) og anna liknande. I det engelske Overhuset fekk 22 Peers Plass og i Underhuset 100 Tingmenn fraa Stader, Flekker og Grevskaper. Men væl aa merkja: berre dei, som var Protestantar.

 

(Meir.)

 

 


Frå Fedraheimen 14.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum