Jørund Telnes

 

(Del 1 av 3.)

 

er Gut, som verjer den norske Kulturen det! Du hev fulla seet hans Framlegg i Fedraheimen, og hev du høyrt honom tala i Amtsthinget, so veit du, han er strid paa Norskdomen han.

 

Viggo Ullmann er slik ein Europæar han, og det hev han synt dermed, at han var leid med ”Knebrokjer og Topphuvur” o. s. fr. under Ordkastet i Kiellandssaki.

 

Um Ullmann er rette Mannen til aa bera fram Forslaget fraa Jørund Telnes, veit eg ikkje, for det hev aldri voret spurt endaa, at Ullmann hev voret vond paa den romantiske Knebroki og Topphuva, som Jørund Telnes skaffat seg her eit Aaret. Nei Telnes’en maatte helder faa Ullmann’en til aa setja fram eit Forslag um, at Bykarar og draumsjuke Folk ikkje hadde Lov lenger aa segja, at ægte norske Bønder er berre slike, som gjeng med ”Knebrokjer og Topphuva, Hudsko og Tresko, et Gamalost og Spikjekjøt, drikk sur Mjølk og maular gamle Skjinkur, lyder etter Huldreslaattor og spilar paa Bukkehorni, er ”gamle” og lever paa Romantikk”. Tru ’kje Ullmann gjorde det? Fyrr J. Telnes kjem med ei ny Uppmoding um det, hev han kannhenda gjenget innum til ein Sambygding og rødt sant og ærlegt um Saki fyrst.

 

So her finnst dei i Norig, som er so ”europæiske”, at dei ikkje bryr seg um ”Knebrøkjer og Topphuvur” o. s. fr.? Det er fælt det! Kvar vert det so av Norskdomen? Ja var eg Jørund Telnes, vilde eg arbeida alt eg kunde baade openbert og i Skugg og Skjul paa aa koma til Things, so kunde eg fulla verja Knebrokjer og Topphuvur og all slik ægte Norskdom! Du bør tenkja paa det, Jørund Telnes. For det er sjølve Norskdomen det du!

 

Knebrokjer” er ellest ein gamall europæisk Mote, som hev vortet sitjande atter i nokre faa norske Bondebygder hjaa eldre Folk. Dei yngre (er Jørund Telens millom dei tru? ein skal ikkje rekna den nye romantiske Broki hans) hev longe kastat henne.

 

Topphuvur” er det sameleids med. Du hev fulla høyrt Tale um den frygiske Huva elder Jakobinarhuva. Og slik Topphuva brukar endaa den neapolitanske Lassaronen. Paa Amager ved Kjøbenhavn hev dei ogso havt Topphuva til nyande nyss i mindsto. Dei er fælt ”norske” sumstad i Europa og ser du.

 

Hudsko” – ja sjølv Indianarne i Amerika er so ”norske”, at dei hev fenget seg dei. Eg vil ikkje nemna Lappar og Finnar i vaart eiget land, for dei hev lært av Jørund Telnes aa laga og bruka dei, kann du vita.

 

Tresko” – Jørund Telnes hev vel aldri høyrt tale um ”Treskojyder” elder seet Teikningar av franske Bønder, som altid hev Tresko paa i Kyrkja med. Telnes’en og hans Telemarkingar held seg mest for gode til aa vera so ”norske”, at dei brukar Tresko, for daa vert dei like Strilarne. Ja det kann henda, at J. Telnes hev dei heime i Huset men han hev snaudt synt dei fram som Merkje paa si Norskheit.

 

Gamalost” lagar dei med Kjæse (tysk Käse), som er laant av det latinske ”casens” og er ikkje noko norsk Ord. I England lagar dei Ost, som liknar, men i Telemorki kann dei daa ikkje laga Gamallost, so Norskdomen i Telemorki visst ikkje ligg i den Osten.

 

Spikjekjøt” finnst ogso andre Stader som i Danmark og Amerika, ikkje aa nemna, at det finnst hjaa alle Hjuringfolk (Finnar og Lappar t. D.)

 

Sur Mjølk”, ja Mjølki vil fulla surna andre Stader og, serleg der det er varmare enn her. Og dei slær ikkje Mjølki burt med det same der helder.

 

Gamle Skjinkur” - ja der finnst ”Hamburger Skjinkur”, ”Westfalske Skjinkur”. Engelske og.

 

Huldreslaattar” finnst vist i Ungarn, Polen og Russland. I mindsto ”Halling og Springar” (Massurka) er der, men desse Dansarne hev fenget ein serleg norsk Farge, det er sant.

 

Bukkehorni” prillad dei visst baade i Jødeland, Litleasia og Arkadia i Grekarland (slikt Gjeiteland, som det var!)

 

Gamle Bønder”, dei rektig ”gamle” døyr daa etterkvart, dersom dei skulde standa i Vegen fyr nokon. Det er vel ikkje Meiningi, at dei skal reknast med dei, som er jamngamle med Telnes’en. Han burde elles setja ei viss Grensa, ellest kunde Europæaranne vilja hava Telnes’en sjølv or Landet, naar Loven hans var vedteken. Og dei finn paa mangt dei Krokarne!

 

Ja dei er norske i Europa du, men me er ikkje det minste europæiske, nei det er me ikkje og vil me ikkje vera.

 

Romantiken” gjer Ende paa seg sjølv, um han ikkje alt hev gjort det.

 

Me burde kannhenda gjera me, som dei gjer med den ”Hollandske Kof” (Elvfarty), det slepp med laagare Avgifter enn Farty i vanleg europæisk Form.

 

Um dei fekk mindre Skattar dei, som gjekk med Knebrok og Topphuva? Elder dei som aat ”gamel Skjinkur?” og hadde mykje ”Romantikk”.

 

Burde ikkje den audmjuke ”Aalmugsmann” Jørund Telnes tenkja paa eit slikt Forslag?

 

(Meir.)

 


Frå Fedraheimen 14.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum