Norges-Handel.

 

I 1885 blei innført Varur for 145 ½ Mill. og utført for burtimot 102 Millionar. Der vart altso innført for 43 ½ Million meir, enn der vart utført.

 

Utbytet var i 1885 paalag 85 Millionar mot 93 Millionar Aaret fyrr.

 

Me innførde Korn i 1885 for mest 31 ½, Manufakturvarur for 22 1/2 , Kolonialvarur for yver 14 ½ , Kjøt og Flæsk for framimot 4 1/2, Smør for næma 5 Millionar Krunur. Metaller innførde me for yver 10 ½ Million, og av desse var for 5 ½ i ”raa” hell berre halvt tilverka.

 

Brennevin og Spiritus vart her innført mindre av enn dei tvo Aari framfyre aat. Innan Landet vart uppbrukat so mykje, at der kjem 3 ½ Liter paa kvart Menneskje, men det er korso mindre enn Tvermaalet i dei 5 Aari fyrr.

 

Innanlands vart uppbrukat av Ljosoljur i 1885 yver 10 ½ Million mot yver 9 ½ Million i 1884.

 

Av Steinkol førde me inn for yver 7 ½ Million Krunur.

 

Det mest mætande, me førde ut, var: Utvinning av Skogedrift og Treindustri 39 ½ Million; Fiskeriavkomur 35 Millionar; andre norske Varur 24 Millionar, og Varur, som vart førde ut att, yver 4 Millionar.

 

 

(V. G.).

 

 


Frå Fedraheimen 14.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum