Scotland-Yard Museum.

 

(Etter Claude: ”En Politimands Optegnelser”).

 

 

Det finst i London eit Hus, heiter Scotland Yard Museum. Der gøymer dei paa alle dei Saker og Ting, som vedkjem elder høyrer til Tjuvarne og Mordarne.

 

I det fyrste Romet, ein kjem til, gøymer dei paa alle Papirarne, som vedkjem dei og likeins Bilæti deira. So snart dei hev fakkat ein Brottsmann, so vert han fotograferat og Bilæte hans vert lagt yver ei Skuffa. I denne ligg Papirarne og Nummeret hans.

 

Naar han slepp ut, so vert han fotograferat att. Og likeins kvar Gong, han vert fakkat. Paa den Maaten hev Politiet Bilæte av han i alle hans Aldrar, og dei kann kjenna han att, kor forandrat han so vert.

 

I den næste Samlingen gøymer dei alt det, som er stolet. I England fær ikkje Eigaren att det, dei hev stolet fraa han. Naar Tjuven slepp fri, so fær han sjølv Tjuvegodset. Han hev sjølv bitalat det med aa sitja fast.

 

Denne Samling av stolne Saker upptek 14 Rom, og han er den einaste av sitt Slag i Verdi. Alt er væl ordnat, like fraa Bomullslumeduken til det vakre Uret, som er prydd med Diamantar, og alt vert gøymt væl og gjevet til Brottsmannen, naar han slepp ut att. Men Bilæti sine fær dei ikkje att. Dei vert lagde i ”Dokumentsamlingen” og Bilætsalen.

 

I den øvste Høgdi er ”Galleriet” aat Mordarne: Ein kann ikkje tenkja seg, kor mykje Hugverk, Anke og Pinsel der er gøymt under denne fælslege Samlingen av Reidskap og Klædi, som er fulle av raude Plettar.

 

Ein Stad stend ein framfyre ein Hop skitne Fillur og sunde og øydelagde Ting. Ein annan Stad ligg Klædi aat ein elder annan Mordaren, og attmed ligg det eit Bein og eit Stykkje Kjøt, som er skoret utor Kroppen aat den drepte.

 

Ein stend framfyre ein uhorveleg Mengde Bein, der alt er nummererat og ordnat med den største Omhu.

 

Her ser ein ein blodplettat Rakekniv, der eit Stykkje Jarn, som ein Mordar hev brukat til aa knusa eit Menneskjehovud med. Der heng enno noko fast til Jarnstykket.

 

Den skræmelege Liste inneheld dei snøggaste og grysselegaste Ting um korleis Mordaren hev boret seg aat med aa drepa Offeret sitt med det Redskapet som ligg framfyre ein. Einstad ser ein soleis ei Brok, som høyrde til ein Mann, som drap Kona si med ein forgiftat Kniv. So kjem ein til eit Glas, som inneheld Underarmen og Haandi aat ei Kvende, som vart druknat i Temsen, og ein Trestokk, som ein mann drap Kona si med. Og ved Sida av alt dette finst det allslags Reidskap for Mordarar, ein mengde Blyhamrar, Reip og Kneblar. Ein vert heilt sjuk av aa sjaa paa alt dette, som paa ein greid Maate fortel um korlangt Eigaren er komet i Villskap og Hjartelausheit.

 

Men for Politiet er denne Samling av stor Nytte. Dei hev paa den Maaten Greida paa Reidskapi aat Brotsmannen og korleis han ber seg aat, og daa er dei altid visse paa aa finna han.

 

 


Frå Fedraheimen 14.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum