Tidender.

 

Kristiania, den 13de Juli.

  

Fedraheimen” kjem altso denne Onsdagen. Me kann ikkje lova den kvar Gong midt i Vika. Det fær vera so ender og daa, ettersom Tilhøvet er. Berre Laurdagarne skal den sjølvfylgeleg vera viss.

 

 

Ny  Folkehøgskule. Kristian Hambro fraa Bergen er tenkt faa i gang ein frie Høgskule dne 15de Januar komande Aar paa Garnæs i Haus, Nordhordaland. Han vil ta Sogndalsskulen til Mynster.

 

 

Statsraad Astrup og Tilsynsnemndi paa Reis. Dei kom den tridje Juli til Løken i vestre Slidre paa Reisi til Lærdalsøyri. Dei skodde seg væl um i Valdresdalen og fann, at der var godt Høve for Gjenomgangsbane. Der er fleire Næringsveger forutan dei aalmenne, t. D. Skifersteinsbrot, Klæbersteinsbrot og Merskumfund. Desse vart tekne med i Reikningi. Men framfor alt var den fagre Dalen, som især langsmed Innsjøarne skal høva so utifraa til Sumarupphald for Reisande, mykje paa Tale som verdug ein Jarnveg. Kvis Banen kom i stand, vart der sagt, vilde ikkje berre sjølve Valdresdalen faa godt av det, men kunne henda heile Noreg og. For Turiststraumen kunne kjenna seg dregen dit.

 

 

Arbeidsskulen paa Fredrikshald. Fyrste Kurset ved denne Skulen vart avsluttat den 6te Juli. Der hev vore 29 Lærlingar, mest Folkeskulelærarar fraa ymse Kantar av Landet.

 

Det nye Kurset tok til den 7de Juli, og der hadde meldt seg 31 Lærlingar.

 

 

Nyt  Tidsskrift, redigeret av J. E. Sars og Olaf Skavlan, 5-6 Heftet for 1886 er komet ut og hev til Innhald:

 

Bibelens Upphav, andre Deildi (Slutten), av Ernest Renau. – Social-Demokartiet, av Aleksis Petersen-Studnitz. – Vaar millomalderlege Bygnadskultur, av Herm. M. Schirmer. – Um Bakterierne av F. G. Gade. – Den økonomiske Knipa og Orsakerne til den, av Emile de Loveleye. – Dagbok, av J. E. Sars. – Boknytt, av Gina Krog.

 

Nyt Tidsskrift kjem ut hjaa Bokhandlar Olaf Huseby & Co. limit, med eit Hefte kvar Maanad og kostar for Aaret Kr. 8.

 

 

Vali i England. Det ser meir og meir so ut, at Gladstone tapar i Valkampen. Enno er nok ikkje alle Vali ferdige, men hans Motstandarar hev allereide no so mange fleire Røyster paa si Hand, at det maa segjast vera mest umogelegt, at Sigeren skal verta hans.

 

 

Uro i Irland. Etter kvart som Vali meir og meir gaar Gladstone og den irske Saki imot, veks Øsingi i Irland. Dei trur, der vil bli Uppreist radt. Og daa vil sagta mykje Blod renna og Gods og Goda gaa tilspilles. Um Irarne korso fær det, dei stundar etter, kjem an paa. Men Englands Skuld mot Irland vert tyngre og sværare etterkvart. Og eingong kjem nok Hemnens Dag yver det byrge og herskesjuke engelske Folket.

 

 


Frå Fedraheimen 14.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum